Få hadde skilde foreldre, og når «frøken» sa noko, tidde me stilt

Debatt:  Me hadde tilgang til både materiell og utstyr av god kvalitet, til og med bøker i alle fag ! Og ikkje minst- nok lærarar.

Publisert Sist oppdatert

Det er tid for å realisera den samfunnsøkonomiske «no-braineren»; å satsa på skulen. 

PISA- diskusjonen kom kjapt når borgfreden var over. Politikarar og «alle andre»  kappast i elendeskildringa av skulen i aviser og på TV . Like demotiverande for lærarar, elevar og rektorar kvar gong. Når Erlend Elias er den som diskuterer skulen på NRK, har det på ein måte gått for litt for langt for meg…

Men me skal sjølvsagt vera glad for at mange er opptekne av skulen- den siste fellesarenaen i samfunnet vårt.

Forretningskvinna Celina Middelfart vart intervjua på NRK fredag 11.september. Ho er styremedlem på ein privat skule i Oslo.

Ho er klokkeklar på at det er den offentlege skulen ein må satsa på. Forslaget hennar kunne eg ikkje vore meir samd i. Me må investera i den offentlege skulen meiner ho , og det viktigaste tiltaket er færre elevar pr lærar.

Den private skulen ho er styreleiar på har 13-16 elevar i klassen. Då rekk læraren å følg opp elevane. Resultata vert deretter. Elevane gjer det bra på PISA-testen.

«Urealistisk»  meiner mange. Javel? Me tok oss råd til dette på 1970 og -80 talet, før oljefondet vart enormt. Så det er fullt mogleg no og !

Lat meg komma med eit døme:

Forfatteren til høyre i den tiden hun starter på skolen.

Eg starta på skulen i 1978. I klassen min var me 24 elevar. Me var ein straumlinjeforma gjeng. Få hadde skilde foreldre, og når «frøken» sa noko, tidde me stilt. Me likte oss stort sett på skulen. I kunst og handverk  fekk me laga skikkelege ting, både keramikkvasar, bokhyller og klede til oss sjølv vart produsert. Me hadde tilgang til både materiell og utstyr av god kvalitet, til og med bøker i alle fag ! Og ikkje minst- nok lærarar.

Så til det geniale: I kunst og handverk, matte og norsk hadde me delt klasse- 12 elevar i gruppa. Me vart følgt tett opp- og me er ein ganske straumlinjeforma gjeng den dag i dag for å sei det slik. Me fekk ei godt grunnlag for livet både fagleg og sosialt.

Poenget mitt med denne vesle historia er å visa at dette kun handlar om prioriteringar. Viss kunnskapsministeren og resten av Stortinget vil finna tiltak som monnar, er dette vegen å gå.  Det er ikkje nok å skildra kor elendig det står til, og i ulne ordelag snakka om « tiltak i klasserommet»

Estland gjer det bra på årets PISA-test. Det er akkurat det manglande oljefondet som vert trekt fram som ein av suksessfaktorane. Når ein ikkje vassar i rikdom, ser ein verdien av utdanning klarare enn når ein har fått det for godt. Det er eit stort paradoks. Gullalderen i landet vårt er over. Me må omstilla oss og treng fleire i arbeid i alle sektorar. Difor er dei grepa me gjer no avgjerande for korleis me møter framtida som nasjon og enkeltindivid.

Ein skule med tid til elevane, og ressursar til å gjera jobben, vil vera attraktiv å jobba i, og reservestyrken av lærarar som har rømt til andre yrke vil komma attende. Fleire vil og ynskja å bli lærarar.

No har du sjansen, kunnskapsminister – tør du investera i skulen i det komande statsbudsjettet? Og til resten av Stortinget; tør de å satsa så det monnar ?

Fellesskuleutvalet ministeren  sjølv sette ned,  kallar det ein «samfunnsøkonomisk no-brainer» å investera i skulen.

 I saka på NRK kunne sjølvsagt ikkje kunnskapsministeren lova ei satsing på skulen i komande statsbudsjett….

Men, der det er vilje er det veg!

Utdanning er eit politisk ansvar, Kari Nessa Nordtun.