Små barn sit ikkje stille når dei les. Kanskje er det ein annan måte å lese på?

Debatt: Små barn les med heile kroppen. Det bør utfordre synet vårt på kva lesing er.

Et barn leker med bøker i barnehagen, tar bøker fra en bokhylle
Når vi opnar for at små barn kan vere kroppsleg aktive, undersøkjande og leikande i møte med boka, gir vi dei fleire måtar å delta på, meiner artikkelforfattaren.
Publisert Sist oppdatert

Eit barn tek på seg eit par altfor store slippersar og går rett over ei oppslått bok på golvet. Eit anna står med den eine foten på boka – den de nettopp las – den andre på golvet. Du prøver ei ny bok, ei med foto av søte hundekvalpar. Etter eit par sider kjem ein av gutane bort med ein plastspade og dunkar rytmisk på sidene medan du les. Eit tredje lar eit lite helikopter fly fram og tilbake over illustrasjonane. Er dette uro? Eller er det lesing?

Lesing skjer med kroppen

Vi har ofte eit ganske tydeleg bilde av kva lesing er: Barn sit roleg, lyttar og ser på boka. Men i møte med dei yngste barna stemmer ikkje dette bildet.

I arbeidet mitt med eitt- til treåringar ser eg at lesing sjeldan skjer i ro. Ho skjer i rørsle, i leik og i samspel med omgjevnadene. Barna kjem og går i lesesituasjonen, og dei tek med seg ting frå leiken inn i møtet med boka.

For dei yngste er boka ikkje berre noko ein ser på. Ho er noko ein held, snur, trykker på og prøver ut. Lesinga skjer ikkje ved sida av leiken – ho glir inn i han.

 Når «uro» er deltaking

Når barn går på boka, slår på henne eller brukar leiker i lesestunda, kan det vere freistande å tolke det som uro. Men då risikerer vi å oversjå kva barna faktisk gjer.

Barna deltek med kroppen. Dei kjenner på sidene, prøver ut rørsler, gjentek handlingar og tek boka inn i det dei allereie er opptekne av. For dei handlar lesing ikkje først og fremst om å sitje stille og forstå, men om å oppleve, prøve og vere med. Når eit barn dunkar på boka medan du les, kan det vere ein måte å vere med i rytmen. Når eit barn flyg med eit helikopter over sidene, kan det vere ein måte å utforske bilda på.

Dei er ikkje utanfor lesinga. Dei er midt i henne.

 Bøker inviterer til handling

Mange av bøkene dei yngste møter i dag, inviterer nettopp til slik deltaking. Dei har klaffar, hol, teksturar eller rørsleelement som må brukast for at noko skal skje.

Desse små «invitasjonane» gjer at barna må gjere noko sjølve. Dei må opne, trykke, løfte eller stikke fingrane inn. Og ofte stoppar dei ikkje der. Dei gjentek, varierer og tek handlingane vidare inn i leiken. Lesinga held fram – også når boka eigentleg er ferdig.

Kva betyr dette i barnehagen?

For deg som jobbar i barnehage, kan dette utfordre forventningane til kva ei god lesestund er.

Kanskje må vi slutte å måle kvaliteten på lesinga ut frå kor stille barna sit. Kanskje må vi heller spørje:

  • Korleis deltek barna?

  • Kva gjer dei med boka?

  • Kva tek dei med seg inn i situasjonen?

Måten vi som vaksne møter barna på, har mykje å seie. Vi er ikkje berre dei som les – vi er med på å forme sjølve situasjonen. Kva vi gir rom for, kva vi stoppar opp ved, og korleis vi responderer på det barna gjer, påverkar kva slags lesing som får utvikle seg.

Små barn lærer og utviklar seg i samspel med andre. Når vi opnar for at dei kan vere kroppsleg aktive, undersøkjande og leikande i møte med boka, gir vi dei fleire måtar å delta på.

Utvida blikk på lesing

Å ta småbarns lesing på alvor krev at vi justerer blikket vårt. Det handlar ikkje om å gi slepp på struktur, men om å opne for eit breiare syn på kva lesing kan vere.

Små barn les ikkje berre med blikket. Dei les med kroppen, i rørsle, i leik og i samspel med andre. Kanskje er ikkje barna urolege. Kanskje er dei berre i ferd med å lese.

Litteratur

Gjelsten, M. (2026). Embodied aesthetic reading in interactive books for toddlers: Material interactivity, adult mediation, and meaning-making in early childhood. Journal of Interactive Books. (in press).

Rosenblatt, L. M. (1995). Literature as exploration (5. utg.). MLA.

Vygotsky, L. S. (1978). Mind in society: The development of higher psychological processes. Harvard University Press.