Vil legge ned to barneskular i Sarpsborg

Kommunedirektøren føreslår å leggje ned Jelsnes og Alvimhaugen barneskular for å spare pengar.

Publisert

Det skriv NRK. Saka vart først omtalt av Sarpsborg Arbeiderblad.

Bakgrunnen for framlegget frå kommunedirektør Turid Stubø Johnsen er sviktande kommuneøkonomi og fallande elevtal. Sarpsborg har i dag 1200 ledige skuleplassar. Å leggje ned Jelsnes neste år og Alvimhaugen om to år vil spare kommunen for 14 millionar kroner.

Framlegget møter kraftig motstand berre eit halvt år etter at bystyret vedtok å verne Jelsnes. Rektor ved skulen, Ove Gran, seier til NRK at beskjeden er krevjande og skaper usikkerheit, oppgittheit og sinne blant dei tilsette. Arbeidarpartiet i kommunen avviser framlegget blankt og meiner det er useriøst å gjere om på vedtaket frå april.

Kommunedirektøren forsvarer kuttforslaget med at den økonomiske stoda har forverra seg.

– Det er jobben min å foreslå tiltak som definitivt vert opplevde som upopulære. Samtidig må vi sjå på korleis vi skal klare å gi best mogleg opplæring til alle elevane i Sarpsborg innanfor dei rammene vi har.

Bystyret tek si endelege avgjerd i saka under budsjettmøtet i desember.

LES: Tomme klasserom gjøres om til ungdomsklubber