Barnehagene fjernet faste aktiviteter for å gi mer plass til lek
I to barnehagar på Nøtterøy har dei tatt bort alt dei kan av faste vaksenstyrte aktivitetar. For barnas del.
– Det var skummelt, frustrerande, kjipt. Men også kjempespennande. Og noko av det var berre utruleg deilig!
Paul-René Davidsen Pettersen hugsar godt då Line Melvold kom inn som ny leiar for barnehagen Barnas Have på Nøtterøy i Vestfold i 2020.
«Kva kan vi ta bort, slik at leiken får plass?» sa ho.
«Hæ? Kan vi gjere det?» sa personalet.
– Det var første gong vi vart utsette for denne tankegangen. For det kjendest jo som å bli utsett for noko. Det rokka ved fundamentet vårt, ved tankane vi hadde om korleis ting skulle vere, seier Pettersen.
Dei analyserte barnehagekvardagen minutt for minutt. Spurte seg: «Kvifor gjer vi dette? Kven er det til for?» Faste, daglege samlingsstunder vart tekne bort. Tradisjonelle årshjul, der bestemte aktivitetar gjentar seg på ulike tider av året, forsvann også.
Pettersen, som då var tilsett i Barnas Have, hugsar spesielt godt det siste:
– Då kunne vi endeleg puste.
Senk farta, livet er godt
I dag leiar han Hårkollen barnehage, som ligg 600 meter unna og følgjer dei same prinsippa. At desse barnehagane ikkje er som alle andre, merkar du idet du går inn døra. For mens Barnas Have utanfrå ser ut som ein einetasjes lagerbygning, er det som eit eventyrland på innsida.
Alt begynte den dagen Line Melvold kom inn i Barnas Have i 2020 og merka at noko var annleis enn då ho hadde jobba i barnehage tidlegare.
– Ting gjekk fortare. Mange tilsette bar på ei konstant kjensle av ikkje å strekke til.
I tre år hadde ho, i kommunikasjonsverksemda STYD, jobba med eit forskingsprosjekt om kva som skaper god psykisk helse for barn i barnehagealder. Ho hadde gitt ut boka «Barn som budbringere»: om at barn fortel oss noko, også når dei ikkje snakkar, og at det er vår oppgåve å vere sensitive.
– Noko av det vi gjorde, var å analysere kvardagen i ni norske barnehagar, i tillegg til å observere i over 100 andre. Det var spennande, for det var så likt overalt. Det var som om det hadde vore ein barnehage-gud der og sagt: «De skal ha samling kvar dag! Dei vaksne skal seie mest!».
Melvold meiner at resultatet kan bli mange brot i kvardagen, der barn blir rivne ut av leiken og tilsette ikkje har tid til å lytte. Ho ønskte å gjere ting annleis.
– At vi har tatt bort faste samlingsstunder, betyr ikkje at vi aldri samlar barna. Vi kan for eksempel ta fram ei bok når eit barn søkjer ho eller når leiken opnar for det, seier Line Melvold og legg til:
– Men er vi på tur, avbryt vi ikkje nødvendigvis leiken for å arrangere ein vaksenstyrt natursti.
Paul-René Davidsen Pettersen fortel at han gjerne speler gitar med barna, men ikkje til faste tider. Er interessa der, speler han vidare.
– Tanken er å bruke tida der ho har størst verdi: nær barna og praksisen, seier dei.
– Kva med barn som treng vaksenstyring og tydelege rammer?
– Vi har eit spesialpedagogisk team som jobbar tett saman med dei tilsette på avdelingane, slik at kompetansen i størst mogleg grad er der barna er: i fellesskapet, fortel Melvold.
Ho understrekar dessutan at færre faste aktivitetar ikkje betyr mindre struktur. Barnehagane har til dømes mindre barnegrupper og faste tider for måltid, bleieskift og søvn.
– Dette er rutinar som tryggjer barna, samstundes som dei hjelper oss å ta vare behova og rettane deira. Det vi har valt bort, er faste, vaksenstyrte aktivitetar som først og fremst blir grunngjevne med at dei skal fremje ei bestemt læring.
Det siste barnehageåret er barna utandørs. Ingen går på førskule. Skulestart går likevel strålande, ifølgje tilbakemeldingane frå den lokale skulen.
Har jobba med leikemiljøet
Skal leiken få blomstre, trengst også eit godt leikemiljø. Det har barnehagen brukt mykje tid på å utvikle, med pedagogisk leiar Christine Wallumrød og verksemda STYD i spissen.
Når du går inn døra, kjem du inn i den eine heimekoselege lilleputtstova etter den andre, med golvteppe i miniatyr og alt av møblar og gjenstandar tilgjengeleggjort for barn.
Det er som om leikene lokkar. Og det er ikkje berre éi av eitt slag. Her er det mange boksar leikekrydder, mange bøtter (alle er blå!), mange glitrande sølvhattar. Alt er pent stilt opp på hyller og i vinduskarmar. Tanken er at det skal vere nok til alle.
– Skal ikkje barn lære å dele?
– Små barn må først og fremst få lære å vere saman. Evna til å dele oppstår ikkje fordi vaksne stadig ber barn om å gje frå seg ting. Knappe ressursar gjer heller at leiken stadig blir avbroten, seier Melvold.
Då blir det vanskeleg å finne roa og tryggleiken til å kome inn i den djupe, samanhengande leiken, som er noko av det viktigaste for barnet si utvikling, utdjupar ho.
Ifølgje Christine Wallumrød begynte barna å leike på ein annan måte etter at leikemiljøet vart endra:
– Det var meir ro og færre konfliktar, og leiken varte lenger. Også vi i personalet fekk meir overskot og lågare fråvær.
Og listene er lange
Barnas Have og Hårkollen barnehage er to av ti kommunale barnehagar i Færder kommune, og dei har lange ventelister.
Når Utdanning snakkar med foreldre og tilsette, har dei lite negativt å komme med. Jan Mikael Kristiansen, nytilsett pedagogisk leiar, snakkar særleg varmt om leikemiljøet: om miksen av gamle og nye ting, om at det er nok av alt og at alt er tilgjengeleg for barna.
– Ein treng kritiske røyster, også, men etter tre veker har eg førebels ikkje funne ut kva eg skal kritisere, seier han.
June Hole-Holdermann, mor til Sebastian (4), fortel at ho og mannen gret då sonen fekk plass i Barnas Have.
– Vi hadde ønska det sidan han vart fødd. Alle snakka om kor bra det var her.
Hole-Holdermann har også ei vaksen dotter. Ho meiner å sjå stor forskjell på henne då ho var fire og veslebroren.
– Barna her er så snille mot kvarandre. Vi ser også at Sebastian tenkjer sjølv og finn sine eigne løysingar. Eg trur det handlar om at sjølve barndommen blir verna; her vert det ikkje snakka så mykje om kven barna skal bli, men heller om kven dei er no.
Musikken fyller rommet
Når Line Melvold blir spurt om ulempene ved å drive på denne måten, må ho tenkje seg om. Ho konkluderer til slutt med éin ting:
– Det kan vere vanskeleg for andre å forstå kva vi gjer og kvifor vi gjer det.
Leiinga jobbar kontinuerleg for at dei som er tilsette, skal forstå barnehagens praksis. For eksempel avspaserer alle fem minutt kvar dag for å ha tid til å lese eit felles pensum.
For Paul-René Davidsen Pettersen var det i starten særleg vanskeleg å gripe ideen om barnehagane sine prosjekt. Dette er forteljingar som utviklar seg over tid, der personalet og barna undrar seg og undersøkjer noko saman. Ofte samarbeider dei med kunstnarar eller musikarar.
For eksempel kan det pangstarte ein planleggingsdag, der dei tilsette kjem inn i eit iscenesett rom. Musikk fyller rommet, og kanskje er bordet dekka på maksimalistisk vis, med alt frå leikebilar til lysestakar og ein utstoppa rev – inspirert av eit kunstverk av Steinar Caspari.
«Kva er det meininga at eg skal tenke no», sa ein nytilsett etter ei slik oppleving.
Mannen med altfor mange klokker
Seinare er det barna sin tur. Dei høyrer først lyden av ei tikkande klokke, før døra blir opna.
– Når barna får utforske eit slikt rom, utan føringar frå dei tilsette, er det rørande å sjå på. Dei snakkar saman, tar rommet, dei berre er. Vi ryddar ikkje etterpå, for også foreldra får vere med inn, fortel Melvold og kollegaene.
Tanken bak iscenesetting er å skape nysgjerrigheit og nye impulsar. I tillegg skal alle, anten dei er barn eller vaksne, nye og eller godt kjende, få eit likt utgangspunkt. Ofte gir gjenstandane i rommet hint om kva som skal skje det neste året.
Men den tikkande klokka kan også opne for andre hendingar: Kanskje er det ein av barnehagane sine karakterar kjem på besøk, som Tidar, den sveitsiske mannen med mange klokker, som alltid har dårleg tid og treng hjelp frå barna til å seinke farta. Tidar er eigentleg ein av personalet som har kledd seg ut, men det hindrar ikkje barna sitt engasjement.
– Ved å snu rollene, slik at barna leiar an – for eksempel ved å hjelpe ein karakter – utviklar barna eiga tenking. Dei får oppgåver, ansvar og ei større kjensle av tilhøyrsle, seier Melvold.
– Må ein ha spesielle evner for å jobbe slik de gjer?
– Eg har aldri klart ikkje å jobbe slik. Eg klarer ikkje å setje meg ned og seie: «Hei, hei, der er du, Joakim, i dag skal vi lese bok.»
Når Line Melvold møter eit barn, tenkjer ho heller: «Der er du. Der ligg framtida.» Ho prøver å sjå barnet framfor seg og forstå kva det treng – der og då.
– Til sjuande og sist handlar det om demokrati. Vi kan snakke alt vi orkar om rammeplanar og fagområde, men den eigentlege jobben vår er å løfte fram barna sine stemmer, slik at dei blir høyrde.
Ho meiner ikkje at alle barnehagar skal gjere som Barnas Have og Hårkollen barnehage.
– Men alle bør undersøke sin eigen praksis og spørje seg kva strukturar som skaper tryggleik og kvalitet, og kva som først og fremst eksisterer fordi dei alltid har vore der.