Det er nødvendig å strengt regulere den verda teknologigigantane presenterer for barn og unge
Debatt: Etter eit 10 år langt digitalt eksperiment i skolen prøver vi no eit analogt. Med det risikerer vi å rykke tilbake til start.
Dei siste 10 åra har vi sett ei radikal samfunnsendring gjennom digitaliseringa. Mens resultat og leseinteresse i PIRLS-undersøkinga steig fram til 2016, kom tilbakegangen til 2006-nivå i 2021. Kritikken mot den raske innføringa av digitale verkty i skolen er overveldande; mot det som hyppig blir kalla 'det digitale eksperimentet’.
I dag får den mislukka seksårsreformen og digitaliseringa skulda for nedgangen. Plasseringa av skuld finn ein I regjeringa si avgjerd om at første klasse skal vere leikprega og at timetalet i teoretiske fag i dei første åra skal ned. Dessutan skal digitale einingar i 1 - 4 klasse ut av klasserommet, og sosiale medium får 16 årsgrense. Målet er at norske elevar igjen skal bli verdas beste lesarar. Men vi veit ikkje om tiltaka vil slå til; det blir 'eit analogt eksperiment’.
I grove trekk inneber det analoge eksperimentet å leggje til rette for at skolen har liknande vilkår som femteklassingane hadde i 2006. Desse elevane, som skåra lågt I PIRLS-undersøkinga, hadde nemleg leika i første klasse. Dei same elevane hadde heller ikkje fått ein sterk auke i teoretiske fag dei to første åra på skolen, og dei hadde ikkje kvar si digitale eining på skolen, eller tilgang på sosiale medier. Det var andre årsaker som gav resultatet i 2006, det året vi samanliknar 2021 med.
Å ta ut skjermen fra skolen gir både meining - og ikkje - på same tid.
Det gir kanskje umiddelbar meining ved at ein unisont kjenner på eit ubehag knytt til den digitale revolusjonen. Det gir samtidig lite meining med tanke på alt vi veit om korleis digitale verkty kan støtte læring.
Den nye skolepolitikken slår følge med ein global desperasjon, der digitaliseringa blir handtert liknande Covid-pandemien. Desperasjonen kjem av ei utbreidd oppfatning av korleis digitaliseringa verkar på oss. Spørsmålet er om denne oppfatninga er den mest realistiske og den best eigna for å møte framtida.
I den rådande oppfatninga er samfunnet gjennomdigitalisert, men det er praktisk mogleg å avgrense konsekvensane gjennom analog skole og strenge aldersgrenser. Ved skjerming kan barna få den barndommen vi vaksne eingong hadde, og gjennom dette vil barna få interesse for lesing, lære meir og skåre betre på lesetestar.
Utdanningspolitikken tufta på denne forståinga fremjar restriksjonar og utestenging av det digitale - “det analoge eksperimentet”. Leseprestasjonar og leselyst er forventa å gå opp når skjerminga skjer.
I den andre oppfatninga, er digitaliseringa ei djuptgripande samfunnsendring, som radikalt har endra samhandlingsmønster, underhaldingsformat, tenkjemåtar, måtar å kommunisere på, og vårt tolmod med kva vi vel å bruke tida vår på. I ei slik forståing er det ei rekkje grunnleggjande vilkår som ikkje kjem tilbake, fordi heile samfunnet målretta dyrkar - og er avhengig av - dei nye. Her er det i avgrensa grad mogleg å skjerme barn frå effektane av digitaliseringa, og utdanningspolitikken vil difor gå digitaliseringa hardt i møte med kunnskapen ein vann frå det digitale eksperimentet, men utan å gå til pandemisk nedstengning.
I denne forståinga er resultata på tradisjonelle lesetestar forventa å framleis gå noko ned, og deretter flate ut; når lesinga si nye, sekundære rolle i informasjon og læring har festa seg.
Spørsmålet er om vi ved å gjennomføre det analoge eksperimentet risikerer å gjere same feilen som ved det digitale: at vi forhastar oss.
Det var ikkje fråveret av leiken, digitaliseringa, eller dei mange teoretiske timane som skapte prestasjonane i 2006. Det var noko anna. Poenget er at vi veit ikkje kva, som no. Når vi ikkje veit, må vi trå forsiktig og forsiktig leite etter vegen framover.
Det er nødvendig å strengt regulere den verda teknologigigantane presenterer for barn og unge. Men det er truleg ikkje tilstrekkeleg. Men vi må også finne ein farbar veg for danning i det gjennomdigitaliserte samfunnet. På denne vegen må vi vurdere om vi måler og verdset det som er viktigast, også i lesing, og om vi må tenkje grunnleggjande annleis om skole.
For å ta oss fram på ein slik veg, må vi prøve å skjøne kva som skjer. Vi risikerer å lure oss sjølv om vi tenkjer at det primært er ei streng tilbakevending til det analoge som skal føre oss vidare som dugande borgarar. Det er truleg noko anna.