Løysing på arbeidslivsfaget i Voss kan inspirere fleire
Debatt: På Voss har dei funne ei løysing for arbeidslivsfaget som kan inspirere fleire.
Etter kvart har vi innsett at grunnskulen må bli meir praktisk, og frå hausten av skal det bli obligatorisk for ungdomsskulane å tilby arbeidslivsfaget. Men korleis kan ungdomsskulane, som først og fremst er innretta på teoretisk klasseromsundervisning, klare å oppfylle målsettingane i arbeidslivsfaget? På Voss har dei funne ei løysing som kan inspirere fleire.
Nyleg melde Riksrevisjonen at det var «kritikkverdig at norsk skule ikkje har utrusta fleire elevar med gode grunnleggjande ferdigheiter». Vanlegvis blir slike nedslåande resultat forsøkt reparert med meir av det same; meir lesing, meir skriving og meir rekning på timeplanen. Men etter kvart har det vakse fram ein gryande mistanke blant dei kunnskapspolitiske ansvarlege om at læring er ein komplisert kombinasjon av interesse, variasjon, praksis og teori. I 2024 kom Stortingsmelding 34 (2023–2024) om ein meir praktisk skule for betre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn.
Det har lenge vore kjent at aktivitet, relevans og læring heng saman, det gjorde reformpedagogar som John Dewey, Maria Montessori og Ellen Key greie for på overtydande måtar for over 100 år sidan. Også nyare forsking viser at lese- og skriveutviklinga blir styrkt når dei blir integrerte i autentiske, praktiske aktivitetar. Når lesing og skriving blir funksjonelle aktivitetar som støttar handling og problemløysing aukar tekstforståinga.
Meiningsfulle og autentiske læringssituasjonar fungerer då som viktige arenaer for å utvikle leseferdigheiter, viser studiane til Konstantinidou et al. (2023) og Visén (2021).
Det praktiske håpet i det teoretiske havet
Men finst det noko håp i havet for eleven i den teoretiske skulen til å delta i slike praktisk-dialogiske læringsaktivitetar? Ja! Vi står no nemleg framfor ein konkret mogelegheit som vi må vite å bruke – både for elevens motivasjon og trivsel, og ikkje minst for kunnskapsutviklinga i samfunnet. Det har nemleg oppstått ein sprekk – ei åpning i den teoretiske grunnskulemuren kor det kan sive inn litt ljos og luft frå den praktiske yrkesrøyndomen utanfor. Denne åpninga heiter arbeidslivsfaget.
Det har vore frivillig for ungdomsskulane å tilby arbeidslivsfaget sidan 2015, men frå august 2026 skal det bli obligatorisk å tilby det.
I arbeidslivsfaget skal elevane i følgje læreplanen bl.a. bruke interne og eksterne læringsarenaer og dei skal prøve ut arbeidsoppgåver knytt til ulike yrke (Kunnskapsdepartementet, 2020, s. 2–5). Dette gir løfterike utsikter for dei som lengtar etter å lære i praksis. Men for mange ungdomsskular er desse målsetjingane krevjande å oppfylle, pga. ueigna undervisingslokalar, manglande utstyr og ein lærarstab som hovudsakleg er kvalifisert for å undervise i dei såkalla allmennfaga.
Korleis kan ungdomsskulane, som først og fremst er innretta på teoretisk klasseromsundervisning, gi elevane høve til å prøve ut arbeidsoppgåver knytt til ulike yrke – slik det står i læreplanen til arbeidslivsfaget (jf. Kunnskapsdepartementet, 2020)?
Ideen på Voss
På Voss har dei funne eit svar som kan vere til inspirasjon til alle skular som er i gang med- eller skal starte opp med arbeidslivsfaget.
Ungdomsskuleelevane på Voss får undervisning i arbeidslivsfag på yrkesfagleg vidaregåande skule - på velutstyrte verkstader og med kvalifiserte yrkesfaglærarar.
Dette har gjort arbeidslivsfaget så populært at Voss ungdomskule har måtta oppretta fire grupper med 15 elevar i arbeidslivsfag på kvart trinn, men framleis er det elevar som ikkje får plass. På dei to ungdomsskulane i Voss herad som deltar i ordninga går ca. 38 % av elevane på arbeidslivsfaget, mot ca. 17,5 % i landsgjennomsnitt (Sekkingstad et al., 2025 og 2026).
For vidaregåande skule er dette attraktivt av fleire grunnar; 1) Det tryggjer overgangen frå grunnskule til vidaregåande skule. 2) Elevar som har hatt arbeidslivsfag er yrkesfagleg betre orienterte, noko som fører til mindre feilval og færre sluttarar. 3) Det hjelper på rekrutteringa til yrkesfaglege linjer, som i sin tur kan dekke inn noko av den store etterspurnaden på kvalifiserte fagarbeidarar.
Vidaregåande skule fakturerer kommunen for dei timane dei underviser ungdomsskuleelevane. Vel vitande om kva verdi dette har for elevane (Hestholm, 2025), har Voss Herad betalt for ordninga i mange år.
Debatt: Arbeidslivsfaget kan bli skolens viktigste fag – hvis vi tar det på alvor
Ser vi ei bølgje?
Dei første forsøka på Voss med arbeidslivsfag på vidaregåande skule starta i 2005-2006. Skuleåret 2017-2018 kunne også Åssiden vgs. i Drammen kommune tilby arbeidslivsfag for 10.-klassingane (Tobiassen, 2021). Men fleire vidaregåande skular er i gang, bl.a. har Austrheim vgs. og Osterøy vgs. tatt i mot ungdomsskuleelevar i arbeidslivsfaget i fleire år, og Askøy vgs. har mål om å starte forsiktig opp frå hausten av.
Men sjølv om samarbeidet startar i det små, og arbeidslivsfaget berre er to timar i veka, ligg det eit stort potensial i ordninga. Her kan elevane utvikle fleire intelligensar enn den akademiske. Her kan kombinasjonen av praksis og teori - bl.a. korleis lesing, skriving og rekning naturleg inngår i praktiske kontekstar – vere med å skape meining for elevane. Dette er vanskeleg å få til i eit klasserom åleine. Vi håpar derfor at det blir ein del gode samarbeidsmøter mellom kommunar og vidaregåande skular framover, slik at endå fleire elevar kan få gleda av å inngå i fruktbare læringsdialogar mellom tenking og handling, praksis og teori.
Kjelder
Dewey, John (1916). Democracy and Education: An Introduction to the Philosophy of Education. New York: Macmillan. https://archive.org/stream/democracyeducati1916dewe#page/n11/mode/2up
Hestholm, G. N. (Regissør). (2025). Arbeidslivsfaget på vidaregåande skule. [Film]. Høgskulen på Vestlandet. https://www.youtube.com/watch?v=pdNNA5_6ER8&t=570s
Konstantinidou, L., Madlener-Charpentier, K., Opacic, A., Gautschi, C., & Hoefele, J. (2023). Literacy in Vocational Education and Training: Scenario-Based Reading and Writing Education. Reading and Writing, 36(4), 1025–1052. Literacy in vocational education and training: scenario-based reading and writing education | Reading and Writing | Springer Nature Link
Kunnskapsdepartementet, (2020). Læreplan for arbeidslivsfag på ungdomstrinnet (ARB01‑03). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/arb01-03
Riksrevisjonen (2026, 16. juni). Etter 10 års skule: Urovekkjande mange elevar har ikkje lært å lese, skrive og rekne skikkeleg. https://kommunikasjon.ntb.no/pressemelding/18954119/etter-10-ars-skule-urovekkjande-mange-elevar-har-ikkje-laert-a-lese-skrive-og-rekne-skikkeleg?publisherId=17846918&lang=no
Utdanningsdirektoratet. (2026, 9. mars). Obligatorisk arbeidslivsfag på 8. til 10.trinn. https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/skole-og-opplaring/obligatorisk-arbeidslivsfag/
Visén, P. (2021). Tricks of the trade or situated literacy – disciplinary reading literacy practices in vocational education. Nordic Journal of Literacy Research, 7(1), 60–83.
Sekkingstad, D., Morud, E. B. & Hestholm, G. N (2025). Ei styrking av arbeidslivsfaget gjennom eit samarbeid mellom ungdomsskule og vidaregåande skule. I J. Fossøy, Ø. Heimset Larsen. D. Sekkingstad & T. Årethun (Red.), Regional konkurransekraft: Fjordantologien 2025 (142–165). https://doi.org/10.18261/9788215074764-25-08
Sekkingstad, D., Morud, E. B. & Hestholm, G. N. (2026). Eit betre arbeidslivsfag. Bedre skole 3(4), 50-55. https://www.utdanningsnytt.no/arbeidslivsfag-bedre-skole-fagartikkel/eit-betre-arbeidslivsfag/471895
Meld. St. 34 (2023–2024). En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn. Kunnskapsdepartementet. https://www.regjeringen.no/contentassets/dcc936e85f4c43bf90ecf0bafabb00a8/no/pdfs/stm202320240034000dddpdfs.pdf
Tobiassen, L. (2021). Fire ungdommers erfaringer med arbeidslivsfag - ett år etterpå. Hvordan spiller arbeidslivsfag en rolle i ungdommers valg av videregående utdanningsprogram? [Masteroppgåve]. Universitetet i Sørøst-Norge.