Skjermbruken til foreldra blir knytt til svakare språkutvikling hos barn

Ein ny norsk studie viser at mobilbruken til foreldra og dei digitale einingane barna eig sjølve, har meir å seie for språket til barna enn skjermtida deira.

Far holder en baby og ser på mobilen ved kjøkkenbenken.
Publisert

Smarttelefonbruken til foreldra og det at barn eig eigne digitale einingar, heng saman med språkferdigheitene til barna.

Éin ekstra time med smarttelefonbruk dagleg hos foreldra var knytt til om lag 3,6 prosent lågare gjennomsnittleg vekst i ordforrådet til barna kvart år. Det viser ein studie der forskarar ved Universitetet i Oslo har følgt 747 barn i to år, skriv Bergens Tidende.

Forskarane fann ingen tydelege samanhengar mellom kor mykje tid barna sjølve brukte framfor skjermen, og utviklinga av verken ordforråd eller grammatikkforståing. Barna som eigde si eiga digitale eining, skåra likevel 10 prosent under gjennomsnittet i ordforråd og 12 prosent under gjennomsnittet i grammatikk.

– Tidlegare studiar har ofte fokusert på mengda skjermbruk åleine, medan innhaldet på skjermen og korleis skjermane blir brukte, kan vere minst like viktig. Ein halvtime med pedagogiske aktivitetar saman med ein vaksen kan til dømes ha ein heilt annan innverknad enn fleire timar med passiv underhaldning, seier postdoktor Junyi Yang til Bergens Tidende.

– Resultata viser at vi bør sjå på skjermbruk som ein del av det samla miljøet i familien, ikkje berre som eit individuelt val hos barnet, seier ho.