Innfører mobilforbod i vidaregåande skular i Vestland

Fylkestinget har vedteke felles mobilreglar for alle dei vidaregåande skulane i fylket for å sikre eit betre arbeids- og læringsmiljø.

Elever ved et bord med flere bærbare PC-er, skolebøker og en mobiltelefon.
Publisert

Dei nye reglane trer i kraft 1. august 2026, og inneber at mobiltelefonar og smartklokker skal leggjast bort og vere på lydlaus under opplæringsøktene. Endringane i forskrifta om skulereglar vart vedtekne av fylkestinget 17. juni, skriv Sogn Avis.

Mobiltelefonar kan likevel brukast dersom læraren gir løyve til det, og elevrådet og skulemiljøutvalet ved kvar skule skal ha reell medverknad i korleis regelen skal praktiserast.

Tydelegare

Då fylkestinget vedtok skulereglane i 2024, var beskjeden at kvar skule skulle lage eigne tilleggsreglar etter ein lokal prosess. Etter ei open høyring denne våren peikte fleire på at felles og tydelege reglar kan vere bra både for arbeidsmiljøet til dei tilsette og læringsmiljøet til elevane.

– Elevane skal ha eit godt læringsmiljø, og lærarane skal ha ro til å undervise. Felles reglar gjer det tydelegare kva som gjeld, samstundes som skulane får rom til å finne praktiske løysingar lokalt, seier fylkesordførar Jon Askeland til Sogn Avis.