Flyttar 360 studieplassar ved HVL
Styret ved Høgskulen på Vestlandet kuttar plassar ved lærarutdanninga til fordel for helse- og sosialvitskap.
Det skriv NRK.
Styret vedtok onsdag å flytte studieplassane frå Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett til Fakultet for helse- og sosialvitskap. Vedtaket vart gjort med åtte mot tre røyster.
Forslaget møtte sterk motstand både internt og lokalt då det vart kjent i september.
Bakgrunnen for flyttinga er fallande studenttal ved delar av lærarutdanninga. Leiinga ved høgskulen har argumentert med at ressursane må fordelast annleis for å møte behovet innan andre fagfelt.
Saka har skapt debatt ved campusane på Stord og i Sogndal, der tilsette ved lærarutdanninga har frykta at kuttet på sikt kan svekkje fagmiljøa. Rektor Gunnar Yttri har på si side understreka at endringa ikkje inneber at campusar eller lærarutdanningar vert lagde ned.