Vidaregåande skule blør pengar til ein usikker fullføringsreform
Debatt: Ambisjonane for vidaregåande skule veks, medan dei økonomiske rammene blir stadig trongare.
Vidaregåande skule har fått ein fullføringsreform som ikkje er fullfinansiert. Vi skal oppnå 90 prosent fullføring, samstundes som elevane blir meir studieførebudde, utan at det skal koste pengar. Samstundes gjer søkkande elevtal at grunnfinansieringa vert svekka med 240 millionar for Vestland aleine. På toppen av det heile vil Udir gjennomføre ein reform av vidaregåande som ikkje adresserer dei viktigaste utfordringane.
Vidaregåande skule skal dermed gjere ein betre jobb medan skuleslaget blør pengar grunna ein fullføringsreform utan sikker vinst, vi får nedtrekk i budsjett, samstundes med at millionar skal brukast på Udir sitt utviklingsarbeid. Kanskje målsetjingar om styrka gjennomføring og studieførebuddheit er so hårete mål at det viser seg å vere utopisk uansett kor mange reformar vi får.
Vidaregåande skule har i mange år vore eit føreseieleg og stabilt skuleslag, utan dei store kampane. Lærarkompetansen har vore høg, og det har vore nok lærarar til å handtere auken i elevtal. Samstundes er det strukturelle og kulturelle forhold som har gjort det til normalen å ta vidaregåande utdanning, det har etter kvart blitt den eine saliggjerande vegen til arbeidslivet. I og med at det er få moglegheiter til å gå rett i jobb etter grunnskule, har vidaregåande fått stadig høgare krav om gjennomføring. Ikkje fullført vidaregåande har blitt ståande som ein «garanti» for eit dårleg liv.
Fleire får rett til meir opplæring
For låg gjennomføring vart etter kvart sett på som eit problem, og vi fekk til slutt fullføringsreforma, som er meint å krympe fråfallet. Fullføringsreforma vart vedteken av Stortinget og tok til å gjelde 1. august 2024 gjennom den då ganske ferske opplæringslova. Målet med reforma er at ni av ti skal fullføre og bestå vidaregåande opplæring innan 2030, og ein av reiskapane er å gjere opplæringa meir fleksibel for både ungdom og vaksne.
I tillegg har vi fått fullføringsretten, som erstattar den gamle ungdomsretten. Eleven har no ein lovfesta rett til vidaregåande opplæring heilt til hen har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, utan øvre alders- eller tidsavgrensing. Eleven har òg rett til uavgrensa omval fram til søknadsfristen det året du fyller 19 år. Deretter har du rett til eitt nytt omval. Ikkje nok med det: tidsavgrensinga for å ta påbygg er fjerna for dei som har bestått fag- og yrkesopplæring, og påbygg kan gjennomførast frå fylte 19 år som vaksen.
Det er ikkje berre dei unge som har fått nye rettar: vaksne får no rett til éin ny yrkesfagleg sluttkompetanse utan aldersgrense. Vaksne som har fullført grunnskulen, men ikkje har studie- eller yrkeskompetanse frå før, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Dette gjeld òg om du har utanlandsk vidaregåande opplæring som ikkje vert godkjend i Noreg. Dei vaksne er ofte høgt motiverte, medan mange av dei unge er det ikkje.
Vidaregåande har blitt pålagt eit formidabelt press for å få elevane gjennom, fram til studiekompetanse. I og med at vaksne òg er inkludert i statistikken, er det endå for tidleg å sjå effekten av fullføringsreforma. Det vi veit, er at all denne ekstrainnsatsen kostar mykje, og at mykje av pengane går til å få gjennom elevar der det ofte skortar både på motivasjon og føresetnader.
Millionane renn ut
Vestland fylkeskommune har sjølv rekna på meirkostnadane med fullføringsreformen: «Kostnadene veks for kvart nytt årskull som nyttar seg av retten til å gå lenger i skulen. KS og fylkeskommunen reknar med ein årleg auke på 60 millionar kroner, noko som gir ein samla meirkostnad på 180 millionar kroner i 2029»
Samstundes har statistikk- og kalkulatorkyndige i fylkeskommunen kome fram til at det skal sparast 240 millionar i opplæringstilbodet i Vestland. Dei har ganske presise framlegg til kutt i skulane, men det ser ikkje ut til at dei har tenkt å nærme seg det administrative leddet med sparekniven. Populære og gode linjer er tenkt lagt ned, fordi elevtala sekk, men administrasjon må vi ha!
Uansett, om ein ser på dei store pengesummane som går inn og ut, er det ingen tvil om at Vestland (og alle andre fylkeskommunar) blør pengar til fullføringsreformen, og at desse pengane skal kompenserast for ved å ta vekk linjer som er populære for ambisiøse og høgt motiverte elevar, mellom anna fleire toppidrettslinjer. Dårlege signal i ei tid der folkehelsa er på retur, og norske rekruttar aldri har vore i dårlegare form. Kan vi ikkje innsjå at mange av elevane som slit med gjennomføring faktisk er på feil plass?
Motstridande ambisjonar
På toppen av det heile skal VGO på veg til kronisk sparebluss bli påført ein ny, diffus reform, som er meint å både styrke gjennomføring og elevane si studieførebuddheit. Om lista for å fullføre vidaregåande berre blir lågare og lågare, blir òg studieførebuddheita lågare. Om vi gjer slik som i grunnskulen og let alle stå, uansett kor dårleg dei gjer det, er vi jo kvitt problemet med fråfall.
Om vi styrker undervisinga for å gjere elevane meir studieførebudde, vil garantert fleire stryke. Likevel køyrer vi vidare med denne naive førestillinga om at vi både kan få fleire gjennom OG gjere dei meir studieførebudde. Å lære å lese og skrive slik at du er klar til høgare studiar, krev eigeninnsats over tid, evne og vilje til å stå i motstand. Det er misforstått pedagogikk at vi får betre læring av å ta vekk motstand.
På onsdag morgon skal eg på trening, og læring og trening heng nøye saman. Sannsynlegvis kjem eg til å utsetje meg for same motstand som sist, men eg vil som alltid freiste å presse grensene der eg er trygg på teknikken. Om eg klarer litt meir enn sist, vil det koste litt slit, puls og sveitte, eit midlertidig ubehag for å oppnå eit mål eg har sett meg. Om eg ikkje klarer det, prøver eg igjen. Eg minkar ikkje motstanden for å gjere det lettare for meg sjølv, og eg taklar til og med eit nederlag. Det er ei del av spelet, på same måte som det er ein viss motstand i alle gode læringsprosessar. Ingen grunn til å senke krava for å styrke gjennomføring.
Vi må tole eit visst fråfall
Det er trist at VGO no blir ei slagmark både nasjonalt og på fylkesnivå, der vi skal handtere stadig større problem med stadig trongare rammer og mindre ressursar. Om vi skal ha ei viss mengd reelt studieførebudde elevar, er vi nøydd til å takle eit visst fråfall. Nokre elevar hadde hatt veldig godt av eit tenkjeår etter grunnskulen. Her manglar vi gode alternativ, folkehøgskulen har til dømes gjennom tiår etter tiår vore med på å klargjere ungdommar for den utdanninga som er best for dei, med eit variert innhald der dei har fått høve til å klargjere interessene sine og la idear mogne. Kvifor ikkje satse meir på den? Ta nokre av millionane som blir sløst vekk på fullføringsreform og send skuletrøytte elevar dit og gje dei livsgnisten og skulegnisten tilbake.