Dei vaksne elevane blir gløymde i skulereforma

Debatt: Vaksne elevar har andre behov enn ungdom. Det må takast omsyn til når vidaregåande opplæring skal endrast.

Publisert Sist oppdatert

Det er diverre slik at der fleire skal ta ansvaret, stolar ofte alle på at nokon andre tek det. Slik er det i alle høve med vaksenopplæringa, eit stort og mangfaldig opplæringsfelt, som stort sett ikkje vert tenkt heilskapleg på, verken i kvardagen eller når det vert planlagt store endringar i opplæringsfeltet. Få bryr seg.

Både hos arbeidsgjevar og i våre eigne lærarorganisasjonar gjer vi so små utslag på «kjøtvekta» at vi ikkje vert tekne omsyn til. Tillitsvalde som er engasjerte på vaksenopplæringa sine vegner, opplever stadig at det som gjeld vaksenopplæringa ikkje når fram, verken i eigen organisasjon eller i partsarbeidet. Vi er stort sett so lågt nede på sakslista i møter hos arbeidsgjevar eller i fagforeininga at når det er vår tur, er dei fleste er på veg heim, eller har brukt opp dagens tilmålte møteenergi på å ri sine eigne kjepphestar. Eg kan òg sjå lokalt at det er liten iver i fylkeskommunen etter å informere i det offentlege rom om dette tilbodet. Mange av dei som kjem til oss for opplæring, gjer det fordi dei kjenner nokon som har gått hos oss.

Eit graverande døme på at vaksenopplæringa blir gløymt er den no pågåande reforma av vidaregåande opplæring. Ein del av vidaregåande opplæring er òg vaksenopplæring, med læreplanar for både norskfødde og minoritetsspråklege. På eitt eller to år skal desse bli førebudde for høgare studiar, og nokre minoritetsspråklege treng opplæring hos oss for å få godkjenning av utdanning frå heimlandet. På tildelt tid og med dei ressursane vi har, er dette ein hard jobb, og vi har sjølvsagt utfordringar på lik line med vanleg vidaregåande med omsyn til gjennomføring og det å få dei reelt studieførebudde.

Ein krevjande veg til studiekompetanse

Mykje handlar om at planane våre føreset eit språknivå som dei ikkje har klart å tileigne seg i den norskopplæringa dei har hatt før dei kjem til oss. Mange av dei har ei læringskurve som er langt brattare enn den gjennomsnittlege VGO-elev, men det er likevel for mange som ikkje oppnår den sluttkompetansen vi helst vil sende dei vidare med. Vi har difor behov for positiv merksemd, og endringar på struktur, ramme- og innhaldsplan som kan styrke gjennomføring og føre fleire fram til å bli klare for høgare studiar. Her er det mykje god samfunnsøkonomi å hente.

Den delen av vidaregåande vaksenopplæring som vert gjeven til norskfødde er med på å styrke føresetnadane for å få det livet og den utdanninga dei ønskjer seg. Det er unge vaksne som av ulike grunnar ikkje har fullført vidaregåande tidlegare. Grunnar som ofte er utanfor den einskilde sin kontroll, og det kan vere faglærde som treng omskulering etter ein helsesmell. Vi har òg ei aukande mengd med unge uføre, som vi kan hjelpe med å finne både betre føre og veggrep gjennom vaksenopplæringa sitt tilbod. Fylkeskommunen renn ikkje over av iver etter å opplyse NAV om tilbodet vårt heller, sjølv om eg er trygg på at vi kunne hjelpt mange av dei som går og stutar heime i halvvaksen alder.

Vaksne elevar blir gløymde i reforma

Til trass for at vaksenopplæringa er avgjerande i å styrke kompetansen til dei som ikkje er «normalelevar», er det ikkje eit ord å finne om vaksenopplæring på VGO-nivå i reformutkastet til «Fremtidens skole». Det er ikkje godt nok om vi i kjølvatnet av en reformprosess der vi ikkje er tatt med i diskusjonen, i verste fall vert utsett for endringar i fagtilbodet vårt tufta på det nye innhaldet i «ungdoms-modellen» i ordinær VGO. Deltakarane våre har heilt eigne livssituasjonar, og det at dei er vaksne med både ei og to vinternetter bak seg, gjer at mange dei gjennomfører  opplæringstilbodet med eit anna alvor og tyngde enn den jamne ungdom. I motsetjing til normaleleven, etterlyser ikkje dei meir «gøy», dei ser verdien og nytten i det vi gjer.

Om vi i vaksenopplæringa skal endre på noko, må det vere på eigne vilkår og ut frå våre eigne problemstillingar og utfordringar. Det fordrar politikarar som ser verdien i det vi gjer, og det fordrar eit Utdanningsdirektorat som ikkje gløymer oss kvar gong skulen skal utviklast.

Ekspertane frå klasserommet manglar

Samstundes med at Udir vil endre på VGO (utan å nemne vaksenopplæring på VGO-nivå), har Arbeids- og inkluderingsdepartementet utnemnt eit ekspertutval som skal ta føre seg vaksenopplæringasom skal ta føre seg vaksenopplæringa. Ekspertutvalet har ingen lærarrepresentasjon, det næraste er ein rektor og nestleiaren i Skolenes Landsforbund. Ekspertane på vaksenopplæring er dermed ikkje med i ekspertutvalet: Dei som faktisk møter deltakarane i klasserommet.

Her har vi ein konsekvens av at vaksenopplæring er splitta i integrering og opplæring, ein elles heilt meiningslaus todeling. Men: vaksenopplæring på VGO-nivå er ikkje å finne omtale av i materialet til ekspertutvalet som ligg ute på nettet. Ikkje ein gong i eit ekspertutval som skal sjå berre på vaksenopplæring, vert vi omtalt. Det som får fokus er yrkesfagleg vaksenopplæring og modulopplæring, ei fagleg oppstykking som lenge har vore i vinden. Udir sin eigen statistikk for 2025 seier at studiespesialiserande utgjer ein tredjedel av vaksenopplæring på vidaregåande nivå (37%) , og er større enn det største yrkesfaglege tilbodet, helsefag (36%) .

Første punkt i mandatet er som følger: «Utvalget skal vurdere fordeler og ulemper ved dagens organisering og ansvarsfordeling mellom kommune, fylkeskommune og stat og mellom relevante direktorater og hvorvidt dagens bruk av private tilbydere og opplæring i regi av arbeidsgivere er hensiktsmessig eller bør øke.»

Eit svar på dette er å legge all vaksenopplæring til eitt departement, og at alt utviklingsarbeid for vaksenopplæringa vert lokalisert i eitt departement. Udir sine svakheiter til trass, det er meiningslaust at dei ikkje skal ha ansvaret for den opplæringa som i dag fell under «inkludering».

Kva treng vaksenopplæringa?

Vaksenopplæringa på VGO-nivå må endrast på eigne vilkår, og få hjelp med sine utfordringar for å gjere deltakarene meir studieførebudde og få fleire til å gjennomføre. Det kan stillast mange aktuelle spørsmål om kva vi treng:

  • Styrka språkopplæring før ein tek til på vaksenopplæring?

  • Sentralt bestemt kontaktlærarressurs som inneber både tid og pengar?

  • Fleire lærarar med norsk som andrespråk?

  • Nettverkssamarbeid mellom vaksenopplæringane på same nivå – fagdagar?

  • Læreplanar med sterkare fokus på språkopplæring?

  • Samarbeid med høgare utdanning om arbeidsdeling i språkopplæringa?

  • Forpliktande samarbeid mellom introduksjonsprogram, kommunal vaksenopplæring og fylkeskommunal studiespesialiserande VGO?

  • Eit nasjonalt fagleg råd for vaksenopplæring på VGO-nivå?

  • Felles prosjekt med NAV retta mot unge uføre?

  • Politikarar som anerkjenner oss og støttar oss, lokalt som nasjonalt?

  • Meir andrespråksforsking på vårt opplæringsnivå, ikkje berre på grunnopplæringa?

Når VGO skal endrast, bør vidaregåande vaksenopplæring retta mot studiespesialisering få si eiga høyring, der vi får eit kunnskapsgrunnlag tufta i den kvardagen vi står i, ikkje den kvardagen «normaleleven» i vidaregåande står i. Det er ikkje for seint. Ansvarlege fylkeskommunar burde tromme saman det som er av lærarar og leiarar i dette skuleslaget, og utfordre dei reelle ekspertane på kva som trengst.

Lærarar, deltakarar, rådgjevarar og leiarar i denne vaksenopplæringa må i denne få vere med på å både identifisere hovudutfordringane og kome med framlegg til kva som er dei beste og mest effektive løysingane. Då vil kanskje mange av dei punkta eg stilte spørsmålsteikn bak, få utropsteikn.

Det er ingen grunn til at vaksenopplæringa skal leve i skuggeland for alltid. Vi ser at vi stadig fell mellom stoler. Sjølv om vi vert høgt verdsette av deltakarane vi hjelper på veg til den kompetansen dei vil ha, treng vi positiv merksemd for å ta ut meir av potensialet i tilbodet. Slik kan vi få enda fleire rusta for høgare utdanning eller inn i den jobben dei er mest kvalifisert til.

Gje oss Vaksenopplæring for framtida. Eller VOFF om du vil!