Krev at akademia kjem tettare på arbeidslivet

Universitet og høgskular må samarbeide mykje tettare med praksisfeltet for å få ny kunnskap i bruk, meiner pedagogikkforskar Mathias Brekke Mandelid ved Høgskulen på Vestlandet.

Mathias Brekke Mandelid ved Høgskulen på Vestlandet.
Mathias Brekke Mandelid ved Høgskulen på Vestlandet.
Publisert

Mandelid, som er tilsett ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet, etterlyser endringar i korleis forskarar arbeider og kva dei vert premierte for. Han meiner sektoren må knyte seg tettare til arbeidslivet slik at forskinga faktisk kjem til nytte.

– I dag vert det publisert mykje forsking. Det finst nærmast ein artikkel om alt, men mykje er skrive i tungt akademisk språk. Det får meg til å stille spørsmål ved kor mykje som faktisk vert lese og tatt i bruk. Eg vil gjere forskinga meir tilgjengeleg for dei ho skal vere til nytte for, seier han til hvl.no.

Forskaren peikar på at strukturen i akademia i dag premierer feil aktivitetar dersom målet er å nå ut til samfunnet.

– Dagens karrieresystem i akademia gir sterke insentiv til publisering av artiklar og innhenting av forskingsmidlar. Det er færre insentiv for samarbeid med samfunns- og arbeidsliv, formidling og det å bidra til ei kunnskapsbasert samfunnsutvikling. Dette kan verke inn på kva forskarane bruker tida si på, seier han.

Mandelid vil løfte denne diskusjonen vidare etter at han nyleg vart teken opp som den første frå Høgskulen på Vestlandet i Akademiet for yngre forskarar.

LES: Elevene er med når Kristoffer (27) lager TikTok-videoer