Fleire skular kan bli nedlagde i Arendal

Kommunedirektøren varslar nye grep om skulestrukturen for å unngå statleg kontroll.

Bilde av Arendal og havna
Arendal
Publisert

Det skriv NRK.

Bystyret har allereie vedteke å leggje ned to skular, Nesheim og Eydehavn, for å spare pengar og møte eit fallande barnetal. Torsdag la kommunedirektør Børge Toft fram eit budsjettforslag der det ikkje kjem nye nedleggingar neste år, men han varslar at nye forslag vil kome på sikt.

– Det skal vi jobbe med i løpet av 2027, og legge fram ei ny sak til bystyret, seier Toft.

Samstundes er det full strid om dei to skulane som skal stengjast frå nyttår. Medlemmene i Arendal Ap vedtok onsdag å instruere si eiga bystyregruppe om å snu og berge skulane. Kommunedirektøren åtvarar om at det kan føre kommunen inn på Robek-lista. Samarbeidspartnarane forventar òg at partiet står ved tidlegare vedtak.

– Det er uhaldbart, og dei må fikse opp. Vi må stå last og brast med dei krevjande utfordringane og dei vedtaka vi har fatta. Elles får vi ikkje dette til å gå i hop økonomisk, seier varaordførar Inger Brokka De Ruiter (SV) til NRK.

LES: Nesten alle montessoriskoler i distriktene opprettet etter skolenedleggelser