Når KI endrar arbeidslivet, må fagskulane òg lære
Debatt: Fagskulane må skilje mellom kva studentane skal meistre sjølve, og kva KI kan hjelpe dei med.
Kunstig intelligens (KI) endrar arbeidslivet og utfordrar korleis fagskulane utviklar utdanningane sine. Skal vi utdanne fagfolk for framtidas arbeidsliv, må vi sjølve vere i stand til å lære og utvikle eigen praksis.
KI kan i dag analysere informasjon, føreslå løysingar og produsere faglege tekstar på få sekund, og teknologien blir teken i bruk i stadig fleire arbeidsprosessar. For fagskulane skaper dette ei dobbel utfordring: Vi må førebu studentane på ein arbeidskvardag der KI inngår, og samstundes sikre at dei utviklar den faglege forståinga og vurderingsevna som trengst for å bruke teknologien forsvarleg.
Kva skal studentane meistre sjølve, kva kan dei bruke KI til, og korleis skal vi vurdere om dei har utvikla den kompetansen yrkesutøvinga krev?
Malthe-Sørenssen-utvalet la 6. november 2026 fram utgreiinga «Kunstig intelligens i høyere utdanning – I kunnskapens tjeneste». Ho er retta mot universitet og høgskular, men fleire av problemstillingane er høgst relevante for høgare yrkesfagleg utdanning. Utvalet peikar på at KI kan støtte læring, men også gjere det mogleg å løyse oppgåver utan at studenten utviklar den forståinga oppgåva er meint å fremje. Når bør studentane arbeide sjølvstendig, og når kan KI brukast til å gi tilbakemeldingar, utfordre vurderingar og støtte refleksjon? KI-medviten undervisning handlar om læring, ikkje berre om verktøybruk.
Kva må studentane meistre sjølve?
Tenk på ein student i helsefag som møter ein simulert situasjon der ein pasient har fått endra allmenntilstand. KI kan føreslå forklaringar og tiltak, men studenten må sjølv observere endringane, vurdere forslaga kritisk og vite når anna helsepersonell må kontaktast.
I elektrofag kan KI på få sekund dimensjonere kabel og vern for ein ny kurs. Men resultatet er ikkje betre enn føresetnadene. Studenten må vite korleis kabelen faktisk skal leggjast, kor varmt det blir rundt han og kor store kortslutningsstraumane er, og kunne dokumentere at løysinga held krava i norma.
I akvakultur kan KI analysere måledata frå eit oppdrettsanlegg og føreslå tiltak når vasskvaliteten blir dårlegare. Studenten må likevel sjølv forstå kva som skjer, og avgjere kva tiltak som er forsvarlege for fisken.
Fagskulane må derfor skilje mellom kva studentane skal meistre sjølvstendig, og kva dei skal kunne utføre med KI som støtte. Det bør få følgjer for læringsutbytebeskrivingar, læringsdesign og vurderingsformer.
Vi må vurdere meir enn sluttproduktet
Eit godt skriftleg produkt er ikkje nødvendigvis tilstrekkeleg dokumentasjon på kva studenten sjølv forstår og kan utføre. Samstundes er det lite framtidsretta å utforme all vurdering som om teknologien ikkje eksisterer. Kva om studentane i større grad får arbeide med realistiske utfordringar frå arbeidslivet, der KI er eitt av fleire hjelpemiddel? Undervegs kan dei møte nye opplysningar, motstridande informasjon eller forslag frå KI som må etterprøvast. Då kan vi vurdere korleis studentane bruker fagkunnskapen sin, handterer usikkerheit, samarbeider og grunngir vala dei tek, og ikkje berre kva dei leverer som sluttprodukt.
Fagskulane har ein særleg styrke i den nære koplinga til arbeidslivet. Studiebarometeret for fagskulane 2026 viser at 79 prosent av studentane som svarte, var nøgde eller svært nøgde med utdanninga. Samstundes peikar undersøkinga på utviklingsområde som faglege tilbakemeldingar undervegs, opplæring i oppdatert teknologi og kor godt vurderingane samsvarer med kompetansen arbeidslivet etterspør. Resultata dokumenterer ikkje at dette skuldast KI. Men dei minner oss om at kvalitet også handlar om korleis studentane får utvikle, prøve ut og få tilbakemelding på kompetansen sin.
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) føreslår i rapporten «Med andre ord» ei eiga yrkesfagleg søyle på nivå 5–7 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring. Det handlar om meir enn plassering i eit rammeverk. Vi må kunne synleggjere kva kandidatane faktisk kan forstå, vurdere og utføre, og kva grad av sjølvstende og ansvar kompetansen inneber. KI-utviklinga gjer det spørsmålet endå meir aktuelt.
Frå enkeltprosjekt til felles læring
Det skjer mykje godt pedagogisk utviklingsarbeid i fagskulesektoren. Men korleis sikrar vi at erfaringane blir delte og tekne i bruk?
Ved Fagskulen Vestland har vi, med utviklingsmidlar frå HK-dir, sett i gang det treårige utviklingsprosjektet Pedagogisk plattform. Føremålet er å styrkje kvaliteten på undervisning og læring gjennom systematisk pedagogisk utviklingsarbeid på tvers av fagmiljøa. Med medverknad frå undervisarar, studentar og leiarar skal vi kartleggje eksisterande praksis, prøve ut nye undervisnings- og læringsformer og utvikle eit felles pedagogisk rammeverk. Ein Canvas-pilot i helse- og elektrofag inngår, men ambisjonen er større enn å ta i bruk ei ny digital læringsplattform. Eit undervisningsopplegg som fungerer godt i helsefag, kan ikkje utan vidare overførast til elektrofag. Erfaringar med studentaktivitet, rettleiing, tilbakemeldingar og vurdering kan likevel gi innsikt på tvers av fagområda. Det interessante er kva vi kan lære av kvarandre.
Prosjektet illustrerer ei utfordring som gjeld heile sektoren: Korleis går vi frå erfaringar i enkeltprosjekt til kunnskap som blir teken i bruk i organisasjonen? Det krev at undervisarar får tid til å utvikle og vurdere pedagogisk praksis saman, og at det er avklart kven som følgjer opp resultata etter prosjektperioden. Malthe-Sørenssen-utvalet løftar også fram betydninga av å integrere KI-spørsmål i det fagleg-pedagogiske utviklingsarbeidet og det systematiske kvalitetsarbeidet ved institusjonane.
Eit ansvar for heile organisasjonen
Spørsmålet er ikkje lenger om KI vil endre høgare yrkesfagleg utdanning, men korleis fagskulane skal møte endringane. Ansvaret kan ikkje overlatast til den enkelte undervisar eller til tidsavgrensa utviklingsprosjekt. Leiinga må leggje til rette gjennom tydelege prioriteringar, rammer og ressursar, og utviklinga må skje i samarbeid mellom fagmiljø, studentar og arbeidsliv.
Nasjonale rammevilkår må gi rom for systematisk kvalitetsutvikling. Pedagogisk utvikling må vere ei prioritert kjerneoppgåve, ikkje noko som kjem i tillegg når tida strekk til. Skal fagskulane lukkast med å møte KI-utviklinga, må dette arbeidet vere forankra i heile organisasjonen og inngå som ein integrert del av det langsiktige arbeidet med utdanningskvalitet.
Skal vi vere arbeidslivets skule, må vi òg vere ein lærande organisasjon.