Fryktar lærarmangel etter forslag om kutt ved HVL

Høgskulen på Vestlandet vurderer å flytta studieplassar frå lærarutdanninga. Forslaget møter sterk motstand både internt og lokalt.

En svart dekkegynge henger over en solbelyst lekeplass ved en barnehage.
Publisert

Høgskulen på Vestlandet (HVL) vurderer å omfordela finansierte studieplassar og pengar frå Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett til andre fakultet, skriv NRK.

Bakgrunnen er rekrutteringsvanskar og kraftig nedgang i studenttalet ved fakultetet, medan andre utdanningar som sjukepleie aukar. Leiinga vil undersøkja konsekvensane av å flytta opp mot 720 studieplassar. Til styremøtet tilrår rektor å arbeida vidare med å omfordela 360 eller 540 plassar over fire år.

Rektor Gunnar Yttri understrekar at HVL framleis skal ha fem campusar og at det ikkje er snakk om å leggja ned tilbod. Likevel fryktar tilsette store konsekvensar for lærar- og barnehagelærarutdanningane, særleg på studiestadene Stord og Sogndal.

I eit debattinnlegg i Khrono.no åtvarar seks tilsette mot følgjene for barnehagane. Dei hevdar at rektors forslag særleg rammar campus Sogndal, der forslaget ifølgje forfattarane kan ta vekk heile grunnlaget for drift.

Moderne bygg ved en brusende elv, med skogkledde åser i bakgrunnen.
Høgskulen i Sogndal

Dei peikar på at mange studentar er vaksne med familie som ikkje kan flytta, og fryktar at ei sentralisering til Bergen vil føra til færre barnehagelærarar i distrikta.

Les også: Deltidsjobb under studiet lokker flere søkere

Fryktar for rekrutteringa

Planane skaper òg reaksjonar i nabokommunane. Ifølgje Bømlo-Nytt fryktar Utdanningsforbundet på Bømlo at omfordelinga vil gjera det vanskelegare å rekruttera kvalifiserte lærarar og barnehagelærarar framover. Lokallagsleiar Gerd Turid Ersland Røksund viser til at nærleiken til Stord gjer at folk kan studera utan å flytta.

– Det er ingen tvil om at lærarutdanninga på HVL er viktig for rekrutteringa her på Bømlo, seier Røksund til Bømlo-Nytt.

– Må ein flytta vekk for å gå på lærarutdanning, er det mindre sjanse for at ein flyttar tilbake, meiner ho.