Eit betre arbeidslivsfag
Fagartikkel: Voss herad viser korleis ungdomsskule og vidaregåande skule kan samarbeide om arbeidslivsfaget. Resultatet er at elevane blir meir treffsikre i utdanningsvala sine, og at graden av fullføring aukar.
Mange elevar i ungdomsskulen slit med motivasjon, trivsel og oppleving av relevans. Elevundersøkingar og PISA-rapportar peikar på ei negativ utvikling i både læringsresultat og skulemotivasjon for denne elevgruppa. Skulen blir opplevd for teoretisk og lite meiningsfull. Elevane saknar å bruke hendene, å skape noko og å forstå korleis det dei lærer, faktisk kan brukast i røynda.
Arbeidslivsfaget svarar på desse behova ved å gi elevane ein alternativ inngang til læring – gjennom praktisk arbeid og utforsking av ulike yrkesretningar. I stortingsmeldinga En mer praktisk skole. Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn (Meld. St. 34 (2023–2024)) er det eit politisk mål at alle ungdomsskular skal tilby arbeidslivsfaget, og at ein skal sjå det i samanheng med valfag og utdanningsval. Likevel er det berre om lag 75 prosent av skulane som tilbyr faget, og mange slit med tilgang på kompetente lærarar og eigna fasilitetar.
I Voss herad har dei utvikla ein modell som andre kan la seg inspirere av: eit formalisert og tett samarbeid mellom ungdomsskule og vidaregåande skule for utvikling og gjennomføring av arbeidslivsfaget. Gjennom fokusgruppeintervju med lærarar og skuleleiarar som er involverte i samarbeidet, har vi undersøkt korleis dei organiserer undervisninga i faget, og kva dei opplever som styrkar og eventuelle utfordringar ved ein slik modell (Sekkingstad mfl., 2025).
Ei førebuing til vidare utdanning og yrkesliv
Arbeidslivsfaget blei innført i læreplanen for ungdomsskulen i 2015 som eit alternativ til framandspråk og språkleg fordjuping. Føremålet med faget er å gi elevane erfaringar med reelle arbeidsoppgåver og yrkesrelaterte situasjonar. Gjennom praktisk arbeid får elevane bruke verktøy, materialar og teknologi, lære om helse, miljø og sikkerheit (HMS) og utvikle viktige ferdigheiter som samarbeid, planlegging og vurdering av eige arbeid. Faget skal òg bidra til å styrkje elevane si forståing for etiske og berekraftige prinsipp i arbeidslivet (Kunnskapsdepartementet, 2020, s. 2–5). Dette gjer arbeidslivsfaget til meir enn berre eit praktisk fag – det er ein arena for å utvikle både faglege, sosiale og personlege kompetansar som er avgjerande i vidare utdanning og yrkesliv. Arbeidslivsfaget har slik sett ein sentral funksjon i å førebu elevane på vidaregåande opplæring, praktisk allmenndanning og framtidig deltaking i arbeidslivet.
Eit førebilete i samarbeid
Det som gjer Voss herad til eit førebilete i utviklinga av arbeidslivsfaget, er korleis dei har klart å etablere eit strukturert og langsiktig samarbeid mellom ungdomsskule og vidaregåande opplæring. Samarbeidet starta allereie i 2005–2006, før arbeidslivsfaget blei ein del av læreplanen, og har vakse fram over tid gjennom strategisk planlegging.
Initiativet kom frå ein lærar med erfaring frå både ungdomsskule og vidaregåande opplæring som såg moglegheiter til å kople dei to skuleslaga tettare saman. Det heile starta med tekniske fag, men har sidan utvikla seg til å omfatte alle dei ni yrkesfaglege utdanningsprogramma som blir tilbydde ved dei to vidaregåande skulane i kommunen.
I dag deltek to av tre ungdomsskular i kommunen i samarbeidet med dei vidaregåande skulane, og modellen er godt etablert og forankra i både skuleleiing og lærarkollegium.
Ein strukturert modell for utforsking og fordjuping
Modellen er bygd opp slik at elevane får ei gradvis og systematisk innføring i ulike yrkesfag.1 På 8. trinn får elevane prøve alle dei ni utdanningsprogramma, med 4–5 veker på kvart fagområde. Elevane får ein smakebit frå alle faga, noko som gir både breidde og innsikt. På 9. trinn vel dei tre til fire fag dei ønskjer å fordjupe seg i, og får dermed 10–11 veker til kvart fag. På 10. trinn har elevane berre eitt programfag som dei følgjer gjennom heile skuleåret.
Undervisninga føregår i små grupper på 15 elevar og kombinerer praktisk arbeid i verkstader og kjøkken med teoretisk undervisning. Det unike er at både den praktiske og teoretiske delen blir gjennomført av faglærarar frå vidaregåande skule, noko som sikrar høg fagleg kvalitet og autentiske læringssituasjonar.
Modellen gir elevane høve til å utforske ulike yrkesretningar, utvikle praktiske ferdigheiter og bli kjende med vidaregåande skulemiljø – alt innanfor ramma av eit strukturert og forpliktande samarbeid mellom skuleslaga. Lærarane som underviser i arbeidslivsfaget framhevar at læreplanen gir eit stort handlingsrom og eit godt utgangspunkt for samarbeid på tvers av fag om tverrfaglege tema som HMS, berekraft, etikk og entreprenørskap. I tillegg blir det lagt vekt på at elevane skal lære å følgje arbeidsinstruksar, bruke fagterminologi og reflektere over både arbeidsprosessar og resultat.
Samarbeid med næringslivet
Sjølv om samarbeidet med næringslivet førebels er uformelt i Vossa-modellen, har skulane etablert kontakt med mellom anna hotell- og reiselivsnæringa. Elevane får besøke bedrifter, møte fagfolk og sjå korleis ulike yrke blir utøvde i praksis. Eit konkret døme er elevar som har følgt byggeprosessen av ei ny fløy ved ungdomsskulen – frå teikning til ferdigstilling. Det er eit uttalt ønske frå skulane å utvikle dette samarbeidet vidare, slik at næringslivet i større grad kan bidra til innhaldet i undervisninga og fungere som aktive læringsarenaer.
Eit fag for alle
Tidlegare forsking har vist at arbeidslivsfaget har tiltrekt seg elevar med låg skulemotivasjon, og i hovudsak gutar (Bakken mfl., 2013). Men på Voss er elevgruppa langt meir samansett. Det er ei jamn fordeling mellom kjønna, og faget tiltrekkjer seg elevar med ulike faglege føresetnader. Det er eit fag som blir opplevd som attraktivt og relevant for eit breitt spekter av elevar. Heile 180 av 350 elevar i ungdomsskulen får tilbod om arbeidslivsfaget, og i tillegg står fleire på venteliste. Denne utviklinga tyder på at arbeidslivsfaget har fått ein ny status – som eit fag som gir verdi uavhengig av elevane sine framtidige utdanningsval.
Meistring som motiverer
Eit av dei mest tydelege funna i studien er korleis den praktiske tilnærminga i arbeidslivsfaget bidreg til å auke motivasjon og meistring hos elevane. Lærarane fortel om elevar som elles slit med motivasjon, men som blømer når dei får jobbe med hendene, bruke verktøy og sjå resultatet av det dei gjer. Fleire trekkjer fram korleis faget gir elevane ei ny meistringskjensle, og korleis dette smittar over på deira generelle haldning til skulen. Ein av lærarane uttrykkjer det slik:
«Det er min motivasjon – å sjå på ansikta når dei plutseleg har meistra, om dei sveisar noko, eller om dei lagar seg ei fuglekasse eller lagar sitt første måltid.»
Denne typen opplevingar er ikkje berre viktige for elevane sin trivsel – dei er også avgjerande for å byggje sjølvtillit og tru på eigne evner.
Ein tryggare overgang – og meir treffsikre val
Ved å leggje undervisninga til dei vidaregåande skulane får elevane tidleg kjennskap til både bygningar, lærarar og fagtilbod. Dette reduserer usikkerheit og kan gjere overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring mindre dramatisk. Elevane får også eit betre grunnlag for å velje utdanningsprogram som passar deira interesser og evner.
Lærarane i vidaregåande skule får på si side innsikt i elevane sine føresetnader, noko som kan bidra til å styrke tilpassa opplæring når elevane startar på vg1. Dette er i tråd med opplæringslova, som pålegg skulane å sikre ein trygg og god overgang mellom skuleslaga.
Arbeidslivsfaget fungerer òg som eit rekrutteringstiltak til yrkesfaglege utdanningsprogram. Elevane får prøve ut ulike fagområde i praksis, og mange oppdagar nye interesser eller får stadfesta vala sine. Andre elevar kan erfare at yrkesfag ikkje er noko for dei – og kan då velje meir treffsikkert mot studiespesialiserande retningar.
Dette kan bidra til å redusere feilval og fråfall i vidaregåande opplæring, noko som er eit uttalt mål i Meld. St. 34 (2023–2024) og Meld. St. 21 (2020–2021, Fullføringsreforma.
Denne utfordringa er framleis aktuell, trass i aukande gjennomføringsgrad.
Fleksibel ressursbruk og fagleg gevinst
Samarbeidet gir dei vidaregåande skulane høve til å utnytte lærarressursar meir fleksibelt. Yrkesfaglærarane får undervise i arbeidslivsfaget som ein del av stillinga si, noko som kan bidra til å oppretthalde både stillingsstorleikar og fagmiljø. Samstundes opplever mange lærarar det som fagleg stimulerande og meiningsfullt å undervise i arbeidslivsfaget. Det gir variasjon i arbeidskvardagen og ei moglegheit til å bidra til elevane si utvikling på eit tidlegare tidspunkt i utdanningsløpet.
Føresetnader for berekraftig samarbeid
Både lærarar og leiarar understrekar at samarbeidet ikkje kjem av seg sjølv – det krev målretta innsats og god planlegging. I tillegg føreset det ein kultur prega av fleksibilitet, løysingsorientering og gjensidig respekt. Ein av lærarane seier det slik:
«Alle som er involverte, har eit sterkt ønske om å få dette til. Denne haldninga er kanskje den viktigaste suksessfaktoren.»
Når alle partar dreg i same retning, blir det mogleg å overvinne både praktiske og strukturelle utfordringar – og skape eit fag som verkeleg gjer ein forskjell for elevane.
Erfaringane frå Voss viser at det finst nokre nøkkelfaktorar som må vere på plass for at eit slikt samarbeid skal vere berekraftig og gi ønskt effekt. Eit av dei viktigaste suksesskriteria er at samarbeidet er godt forankra i begge skuleslag – både på leiarnivå og blant lærarane. Det må vere ei felles forståing av føremålet med arbeidslivsfaget, og vilje til å prioritere det i ein travel skulekvardag.
På Voss er samarbeidet forankra i både kommune og fylkeskommune, og det er etablert faste strukturar for kommunikasjon og koordinering. Mellom anna er det peika ut kontaktpersonar ved kvar skule. Desse har ansvar for å koordinere alt frå timeplanar og elevgrupper til skyss og rombruk. Dette gir kontinuitet og gjer det lettare å handtere endringar og uføresette situasjonar som kan oppstå.
God koordinering handlar òg om å ha oversikt over ressursbruk, sikre at lærarane har naudsynt kompetanse, og sikre at elevane får eit godt og heilskapleg tilbod. Alle partar bidreg i samarbeidet, og utfordringar blir løyste i fellesskap. Dette skaper tryggleik – og gjer det lettare å finne gode løysingar.
Kompetanse og kvalitet i praksis
Arbeidslivsfaget stiller spesielle krav til lærarane. Dei må ha fagleg kompetanse innanfor yrkesfaglege område, men òg evne til å møte ungdomsskuleelevar på ein trygg og motiverande måte. På Voss blir lærarane valde ut med omhug – det blir lagt vekt på både fagleg dugleik og pedagogisk relasjonskompetanse.
Lærarane må òg vere fleksible og samarbeidsorienterte, sidan undervisninga ofte skjer på tvers av fag og skular. Det er ein fordel at dei ser verdien av å bidra til elevane sine utdanningsval og meistring – ikkje berre i eige fag, men i eit større danningsperspektiv.
For at arbeidslivsfaget skal gi elevane reelle og relevante erfaringar, må undervisninga føregå i autentiske omgivnader. Ved å leggje undervisninga til vidaregåande skule får elevane tilgang til moderne fasilitetar og profesjonelt utstyr.
Utfordringar som krev vilje og struktur
Sjølv om samarbeidet om arbeidslivsfaget på Voss framstår som ei suksesshistorie, betyr det ikkje at det ikkje finst utfordringar. Samarbeidet krev både vilje, struktur og fleksibilitet – både på systemnivå og i det daglege arbeidet.
Ei av dei mest openberre utfordringane er økonomi. Det kostar å organisere skyss mellom skular, frikjøpe lærarar og bruke spesialrom og utstyr på vidaregåande skular. I ei tid der mange kommunar har stramme budsjett, kan slike tiltak bli vurderte som kostbare. På Voss har ein valt å sjå på dette som ei investering. Skuleleiarane peikar på at kostnadene knytte til arbeidslivsfaget er små samanlikna med dei langsiktige gevinstane – som auka gjennomføring i vidaregåande opplæring, færre feilval og betre tilpassing til behova i arbeidslivet. Ein av deltakarane i intervjuet uttrykkjer det slik:
«Utgiftene til arbeidslivsfaget er for tomflasker å rekna i forhold til kva som viser seg igjen på andre budsjett.»
På Voss har både kommunen og fylkeskommunen vist velvilje og bidrege med nødvendige ressursar. Men dette kan ikkje takast for gitt i alle kommunar. Derfor er det viktig at skuleleiarar og lærarar som ønskjer å etablere liknande modellar, er tydelege på kva gevinstar ein slik samarbeidsmodell kan gi – både for elevane og for samfunnet.
Å få timeplanar, skyss, rom og lærarar til å gå opp på tvers av skuleslag er ei krevjande øving som krev tett koordinering og god kommunikasjon. Sjølv om skulane har faste kontaktpersonar med ansvar for planlegging og oppfølging, er det viktig at så mange som mogleg har eit eigedomsforhold til samarbeidet om arbeidslivsfaget. Dette for å unngå at samarbeidet blir personavhengig og sårbart dersom nokon sluttar eller blir sjuke.
På Voss ligg nokre av ungdomsskulane langt unna dei vidaregåande skulane. Dette gjer at elevane må bruke tid på transport, noko som kan gå ut over undervisningstida. Løysinga har vore å tilpasse undervisningsøktene og leggje opp til lengre økter færre gonger, slik at reisetida blir meir effektivt utnytta.
Ungdomsskule og vidaregåande skule kan òg ha ulike pedagogiske kulturar, ulike forventningar og ulike måtar å organisere undervisninga på. Dette kan skape friksjon i samarbeidet. På Voss har ein møtt dette med dialog, felles planlegging og respekt for kvarandre sin kompetanse.
Lærdom frå Voss – inspirasjon for fleire
Voss er eit skuleeksempel på korleis samarbeid på tvers av skuleslag kan skape meirverdi – både pedagogisk, sosialt og samfunnsøkonomisk – ved at samarbeidet gir gevinstar for alle partar. Undersøkinga vår viser at arbeidslivsfaget kan vere ein nøkkel til å skape ein meir relevant, motiverande og inkluderande skule.
Når elevane får bruke heile seg, oppleve meistring og sjå samanhengen mellom skule og arbeidsliv, blir både deira motivasjon, faglege utvikling og framtidige moglegheiter styrkte. Dette er ikkje berre viktig for den enkelte eleven, men også for samfunnet. Vi treng fleire fagarbeidarar, og vi treng unge menneske som føler seg sette, verdsette og førebudde på livet.
Modellen vi har presentert, kan gi inspirasjon til å realisere det fulle potensialet i arbeidslivsfaget. Men dette føreset at skuleeigarar, skuleleiarar og lærarar arbeider strategisk for å skape fleksible og støttande rammer som gjer det mogleg å gi elevane autentiske og meiningsfulle læringsopplevingar.
Lukkast vi med dette, kan arbeidslivsfaget bidra til å byggje bru mellom skule og samfunn, teori og praksis, og mellom ungdomstid og vaksenliv. Det krev innsats, og det kan oppstå utfordringar undervegs. Voss har likevel vist at det er mogleg å få det til.
Note
1 På alle trinna har elevane to timar praktisk arbeidslivsfag på vidaregåande skule. På 8. og 10. trinn har dei i tillegg ein time teori. Denne blir gjennomført på ungdomsskulen, men med lærarar frå vidaregåande skule.
Litteratur
Bakken, A., Dæhlen, M. & Smette, I. (2013). Forsøk med arbeidslivsfag på ungdomstrinnet. Sluttrapport fra en følgeevaluering (NOVA Rapport 11/2013). Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring. https://oda.oslomet.no/oda-xmlui/bitstream/handle/20.500.12199/5061/7376_1.pdf?sequence=1&isAllowed=y
Kunnskapsdepartementet. (2020). Læreplan for arbeidslivsfag på ungdomstrinnet. Fastsett som forskrift av Kunnskapsdepartementet. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://data.udir.no/kl06/v201906/laereplaner-lk20/ARB01-03.pdf?lang=nob
Meld. St. 21 (2020–2021). Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Kunnskapsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-21-20202021/id2840771/
Meld. St. 34 (2023–2024). En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn. Kunnskapsdepartementet. https://www.regjeringen.no/contentassets/dcc936e85f4c43bf90ecf0bafabb00a8/no/pdfs/stm202320240034000dddpdfs.pdf
Sekkingstad, D., Morud, E.B. & Hestholm, G.N. (2025). Ei styrking av arbeidslivsfaget gjennom eit samarbeid mellom ungdomsskule og vidaregåande skule. I: J. Fossøy, Ø. Heimset Larsen. D. Sekkingstad & T. Årethun (Red.), Regional konkurransekraft: Fjordantologien 2025 (142–165). Universitetsforlaget. https://doi.org/10.18261/9788215074764-25-08
Om forfatterne
Dorthea Sekkingstad er dosent i pedagogikk ved Høgskulen på Vestlandet. Ho har lang erfar-ing som undervis-ar i høgare utdanning, og har arbeidd som lærar og rektor i skuleverket i ei årrekkje. Undervisnings- og forskingsområde er rettleiing, skuleleiing og profesjonell læring og utvikling.
Elin Bø Morud er førstelektor i skole-utvikling og livslang læring ved NTNU og leiar av NTNU KOMPiS. Ho har lang erfaring med gjennomføring og leiing av skoleutviklingsprosjekt og har også brei erfaring med å utvikle vidareutdanningstilbod for skulesektoren. Morud har jobba både som lærar og skuleleiar i ei årrekkje. Forskings- og utviklingsområde er retta inn mot vidareutdanning, livslang læring og skuleutvikling i ulike formar.
Grethe Nina Hestholm er førsteamanuensis i pedagogikk på praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPUY) ved Høg-skulen på Vestlandet. Ho har yrkesfagleg utdanning og erfaring innanfor bl.a. grafisk formgjeving, fotografi og reklame. Ho har gjennom diverse publikasjonar vore ein sterk forsvarar av praksis som ei nødvendig kjelde til forståing.