«Norskfaget gjorde at eg ikkje blei elektrikar»

Debatt: – Om seks norskkarakterar og eit vurderingssystem som slår skeivt ut.

Publisert

«Eg skal bli elektrikar.» Det sa han med sikkerheit gjennom heile 10.trinn. Likevel blei det ikkje slik. Ikkje fordi han mangla evner i realfag eller i dei praktisk-estetiske faga, men fordi han var uheldig i trekninga av eksamen – og fordi vurderingsordninga i norsk aleine ga han seks karakterar på vitnemålet. Det burde få oss til å stoppe opp.

Er ein, for nokon, riktig uheldig på 10. trinn, risikerer ein å sitje igjen med ikkje mindre enn seks karakterar i norsk på vitnemålet sitt – over ein tredjedel av karakterane totalt. I løpet av skuleåret vert det sett tre standpunktkarakterar i norsk: norsk skriftleg hovudmål, norsk skriftleg sidemål og norsk munnleg. Kjem eleven opp i norsk skriftleg eksamen, vert det gjennomført to eksamensdagar, og to eksamenskarakterar til vert skrivne på vitnemål. Kjem eleven i tillegg opp i norsk munnleg eksamen, kan ein leggje til ein karakter til.

 For elevar som ikkje er skriftleg sterke i norskfaget, kan dette få store og utilsikta konsekvensar for kva utdanningsval som faktisk står opne etter ungdomsskulen. Norsk er det største faget i grunnskulen. Det gir god grunn til at norskfaget har eit breitt vurderingsgrunnlag og tel meir enn mange andre fag. Samstundes må vi stille spørsmål ved kor mykje meir det faktisk skal telje.

På eit ordinært vitnemål etter 10. trinn, utan eksamenskarakterar, er det 14 standpunktkarakterar. Tre av desse er i norskfaget. Dette utgjer i overkant av 20 prosent av sluttvurderinga til eleven. Med andre ord tel norsk aleine like mykje som matematikk, naturfag og samfunnsfag – til saman. Allereie her blir det tydeleg kor skeivt vurderingssystemet er. Legg ein til eksamensordninga, som i stor grad er tilfeldig, kan ein elev som kjem opp i både skriftleg og munnleg norskeksamen, sitje igjen med eit vitnemål der norskkarakterane utgjer over ein tredjedel av heile karaktergrunnlaget.

La oss ta ein titt inn i eit heilt vanleg norsk klasserom. Kven er desse tiendeklassingane vi snakkar om? Det er elevar med ulike styrkar, interesser og draumar for framtida. Mange meistrar realfag godt, trivst i dei praktisk-estetiske faga og har klare planar for vidaregåande skule. Likevel kan dei oppleve at det er norskfaget som betyr mest for kva dei faktisk får moglegheit til å velje. I mange klasserom har elevar ein annan språkleg bakgrunn enn norsk. Dei skal forhalde seg til morsmål, norsk hovudmål, norsk sidemål, engelsk og ofte eit framandspråk i tillegg. For desse elevane er det å meistre norsk skriftleg særleg krevjande. Når vurderingsordninga samstundes opnar for opptil seks karakterar i norsk, seier det seg sjølv at konsekvensane kan bli store. For nokon blir det ikkje berre ei karakterutfordring, men ein draum for framtida som brest. 

Ikkje misforstå, dette handlar ikkje om motstand mot dei to skriftspråka våre. Norsk er eit mangfaldig fag, der både bokmål og nynorsk har ein sjølvsagd plass – i både eigenart, identitet og innhald. Alle norske elevar skal sjølvsagt kunne uttrykkje seg skriftleg på begge målformer. Men det er langt derfrå til behovet for to skriftlege standpunktkarakterar, og i tillegg potensielt to skriftlege eksamenskarakterar.

Mange av utfordringane i skulen er komplekse og vanskelege å løyse, både praktisk, økonomisk og politisk. Problemet vi her peiker på, er slik vi ser det, ikkje eit av dei. Vi foreslår ein skriftleg standpunktkarakter i norsk, der begge målformer blir vurdert, slik praksisen allereie er på 8. og 9. trinn. I tillegg foreslår vi ein skriftleg eksamen i norsk, der begge målformene inngår.

Dette føreset tillit til at norsklærarar kan gjere heilskaplege vurderingar av elevane sin skriftlege kompetanse. Det er ein tillit læreplanen allereie byggjer på. I norskfaget skal elevane mellom anna uttrykkje seg skriftleg på både bokmål og nynorsk, og denne kompetansen blir vurdert kontinuerleg gjennom heile skuleløpet. På eksamensdagen kan ein med fordel sjå til matematikkeksamen, som består av ein del 1 og ein del 2. Ein tilsvarande modell lar seg fint gjennomføre også på norskeksamen. 

Ei slik løysing vil styrke den norske fellesskulen sitt verdigrunnlag om inkludering og like moglegheiter for alle elevar. Opplæringslova og læreplanen sin overordna del slår fast at skulen skal byggje på likeverd, respekt for menneskeverdet og gi alle elevar reelle moglegheiter til å lære og utvikle seg – uavhengig av bakgrunn og forutsetningar. Når eitt fag får så stor betyding for elevane sine framtidige val, bryt det med sjølve intensjonen bak fellesskulen. Eit vurderingssystem som slår systematisk skeivt ut, bidrar ikkje til inkludering, men til sortering. Slik er det ikkje meint å vere – og slik bør det heller ikkje vere.

Vi elskar norskfaget. Vi veit kva verdi språk, litteratur og skriftleg kompetanse har – for identitet, demokrat og deltaking i samfunnet. Men først og framst er vi glade i elevane våre. Vi kjenner dei, følgjer dei gjennom tre år, ser innsatsen dei legg ned og framtidsdraumane dei ber på. Når elevar som jobbar hardt og meistrar mykje anna i skulen likevel opplever at norskfaget veltar heile vitnemålet, kan vi ikkje lukke auga.

Når ein elev må seie «Norskfaget gjorde at eg ikkje blei elektrikar», er det ikkje eleven det er noko gale med. Då er det systemet vi må våge å endre.