Når Høgre seier dei vil fjerne detaljstyringa – men sjølv detaljstyrer skulen
Debatt: Skulen treng ikkje politiske markørar, han treng profesjonell tillit.
Høgre har lenge vore blant dei mest høglydte forkjemparane for å redusere detaljstyringa i kommunane. Difor er det oppsiktsvekkjande å sjå korleis partiet no sjølv går inn og vil regulere stadig meir av kvardagen i norske klasserom.
I Utdanningsnytt kunne vi nyleg lese at stortingsrepresentant Peter Christian Frølich ønskjer at elevar skal stå når læraren kjem inn, eller innføre faste rutinar for korleis lærarane skal helse på elevane, for å markere kven som er «sjefen i klasserommet». Dette blir møtt med open kritikk frå både lærarar og rektorar, som meiner utspela er populistiske og inneber politisk detaljstyring av pedagogikken, noko som dessutan undergrev tilliten til profesjonen.
Samtidig vedtok Høgre sitt landsmøte ei ny skolepolitisk kursendring med fleire nasjonale føringar for korleis undervisninga skal gjennomførast: meir penn og papir, mindre skjerm, sterkare nasjonale krav til kartlegging og tydeleg prioritering av bestemte arbeidsmåtar i klasserommet. Også dette representerer inngrep i lærarprofesjonen sitt handlingsrom og kommunane si metodefridom
Det som vert presentert som ei «tilbake til røtene»-line, er i realiteten ei omfattande normering av korleis skulen skal arbeide.
Politikarane definerer stadig meir av metodane, medan kommunar, skuleleiarar og lærarar får mindre plass til å ta faglege, lokale og profesjonelle vurderingar.
Tidlegare har vi sett korleis Høgre har argumentert sterkt mot nasjonale normer, mellom anna lærarnorma, fordi dei meiner slike krav binder kommunane unødvendig og griper inn i lokalt sjølvstyre. No, når partiet sjølv lanserer omfattande føringar for metodar, arbeidsmåtar og struktur i klasserommet, blir kontrasten tydeleg: Normer dei ikkje kan kontrollere, vil dei fjerne, men normer dei sjølv definerer, ønskjer dei å påtvinge alle landets skular. Dette er ikkje mindre detaljstyring enn lærarnorma. Det er berre ei annan form for det.
Høgre kan ikkje seie at dei vil fjerne detaljstyringa samstundes som dei innfører nye detaljkrav om korleis lærarar skal starte timen, korleis elevar skal helse, kva dei skal halde i hendene, og kor mykje skjermtid dei skal ha. Ein politikk som kallar seg tillitsreform, men som praktiserer kontroll, heng dårleg saman.
Skulen treng ikkje politiske markørar, han treng profesjonell tillit. Ei styrking av kvaliteten i norsk skule krev at vi lyttar til lærarane, som kjenner elevane og faget best. Lærarane må få bruke fag- og profesjonskompetansen sin gjennom reell metodefridom. Vi må sikre at lærarane har både tillit og tid til å utøve profesjonen sin. Skulen treng ikkje politiske grep som legg band på det profesjonelle skjønet.
Høgre krev altså mindre statleg detaljstyring av kommunane, men vedtek sjølv å detaljstyre både skulen og lærarane. Ein slik dobbeltkommunikasjon byggjer ikkje tillit.