Ny KI-tabbe: Kommunal skulerapport viste til fiktive kjelder
Alver kommune legg seg flat etter at rapport om skulenedleggingar inneheldt falske KI-kjelder.
Alver kommune i Vestland fylke brukte kunstig intelligens (KI) i arbeidet med ei omstridd skulesak. No innrømmer kommunen feil etter at lokalavisa Nordhordland avdekte fleire falske og tvilsame forskingskjelder i dokumenta.
Kommunen vurderer å leggja ned minst fire skular, og i samband med saka vart det laga ei eiga vurdering av «barnas beste» med rundt 30 forskingsreferansar.
Då Nordhordland gjekk gjennom kjeldelista, fann avisa at minst tre av forskingsartiklane ikkje eksisterer. Forskarane som var oppførte er ekte personar, men artiklane det vert vist til, finst ikkje.
Ifølgje avisa framstår også fleire andre referansar som tvilsame. Av rundt 30 kjelder meiner Nordhordland at om lag 15 inneheld feil, manglar eller referansar som er vanskelege å spora opp.
Tenesteleiar for skule, Irene Hystad Hugaas, stadfestar overfor avisa at kommunen har brukt Microsoft Copilot i arbeidet.
– Vi ser at vi har gjort feil, det skulle ikkje skjedd. Vi har brukt KI-søk og har fått ein del referansar som ikkje stemmer heilt. Det har ikkje vorte grundig nok sjekka, seier Hugaas til Nordhordland.
Kommunen understrekar samstundes at hovudgrunnlaget for vurderingane byggjer på samtalar med elevar og foreldre, offentlege føringar og tidlegare undersøkingar.
Tromsø gjorde same feil
Dette er ikkje første gong ein kommune er vorten teken for «KI-juks».
I 2025 vart falske kjelder tekne med i kunnskapsgrunnlaget for forslaget til ny skulestruktur i Tromsø kommune.
Skandalen i Tromsø vart avdekt etter at forskarar ved UiT Norges arktiske universitet oppdaga at fleire kjeldetilvisingar i kommunen sin rapport om ny skulestruktur var oppdikta.
Ein seinare granskingsrapport frå PwC konkluderte med at Tromsø kommune tok i bruk KI før organisasjonen var moden for det. Samstundes slo PwC fast at dei oppdikta kjeldene truleg ikkje endra sjølve konklusjonane i skulestruktursaka, men at saka kunne svekkja tilliten til kommunen.