Når skulepolitikk blir stemmesanking
Debatt: – Så lenge skulepolitikken i stor grad vert brukt til å vinne debattar og val, vil skulen halde fram med å vere ein arena for symbolpolitikk meir enn for profesjonsutvikling.
Som rektor opplever eg i aukande grad at skulepolitikken ikkje først og fremst handlar om å byggje gode og stabile rammer for læring, men om å vinne oppslutnad. Skulen har vorte ein av dei mest effektive arenaene for politisk mobilisering: Alle har ei meining om skulen, alle har vore elevar sjølve, og difor eignar skulepolitikk seg særs godt til å sanke stemmer. Problemet er at når skulen vert brukt som politisk stemmemaskin, blir han samstundes ein dårleg arena for fagleg utvikling.
Eit talande døme ser vi i den pågåande debatten i Høgre. I valkamp har partiet teke til orde for meir skule for dei yngste – fleire timar, meir struktur, meir innsats. Kort tid etter har delar av same parti opna for å vurdere kortare grunnskuleløp, med niårig skule og frivillig 10. år. Når ein samstundes kan argumentere for både lengre og kortare skule, er det vanskeleg å lese dette som ein fagleg fundert diskusjon. Det framstår snarare som uttrykk for at skulepolitikken vert tilpassa det som til ei kvar tid tener den politiske forteljinga best.
Vi har mista profesjonsdebatten
Dette peikar på eit djupare problem: I skulen har vi i altfor stor grad mista den reelle profesjonsdebatten. Spørsmåla om kva som verkar, kva som er berekraftig praksis, og kva som gir best læring over tid, vert i for liten grad drøfta mellom fagfolk med forankring i forsking og erfaring. I staden vert desse spørsmåla ofte avgjorde gjennom politiske markeringar, medieutspel og valkampretorikk.
Dermed blir ikkje skulepolitikken først og fremst eit verktøy for kvalitetsutvikling – han blir eit verktøy for posisjonering.
Dette skil skulen frå dei fleste andre kommunale profesjonsfelt. I helse- og omsorgstenestene er det utanfor all tvil at politikarane skal setje mål og rammer, men det er fagfolka som avgjer korleis behandling og pleie skal gjennomførast. I teknisk sektor vedtek politikarane kva som skal byggjast, men ikkje korleis ingeniørane skal løyse oppgåva. I barnevern og sosialtenester er det tilsvarande: politikk på prioriteringar – profesjon på metode.
I skulen derimot går politikken ofte heilt inn i kjernen av det profesjonelle handverket. Her blir det vedteke metodar, vurderingsformer og organisering, ofte gjennom korte politiske prosessar der det viktigaste ikkje er om tiltaka er fagleg robuste, men om dei er tydelege nok i den offentlege debatten.
Konstant omstilling
Konsekvensen er ein skule i konstant omstilling, men med for lite reell utvikling. Lærarar og skuleleiarar vert sette i rolla som gjennomførarar av skiftande politiske prosjekt, heller enn som profesjonsutøvarar med ansvar for kvalitet over tid. Det svekkjer både motivasjonen, rekrutteringa og tilliten til yrket. Samtidig svekkjer det også tilliten til politikarane sjølve, når vi som profesjonsutøvarar gong på gong vert stilte ovanfor det som opplevast som dårleg politisk handverk – prega av hastverk, manglande fagleg forankring og kortsiktig tenking.
Dette handlar ikkje om å fjerne politisk styring frå skulen. Skulen skal vere demokratisk styrt. Men styringa må handle om retning, rammer og ressursar – ikkje om stadig nye pedagogiske signal som primært fungerer i mediebiletet.
Skulen som symbolpolitikk
Så lenge skulepolitikken i stor grad vert brukt til å vinne debattar og val, vil skulen halde fram med å vere ein arena for symbolpolitikk meir enn for profesjonsutvikling. Først når politikarar i større grad trekkjer seg attende frå detaljstyring og gjev rom for ein reell, kunnskapsbasert profesjonsdebatt, kan vi få ein skule der utviklinga vert styrt av fag – ikkje av stemmetal.
Når politikarane stadig skiftar kurs i skulepolitikken, får vi dårlegare vilkår for å skape gode resultat. Stadige endringar og nye satsingar gjer det vanskeleg å byggje kvalitet over tid. Skulen treng ro og føreseielege rammer for å kunne utvikle seg – ikkje stadig nye politiske signal.
Samstundes trur eg politikarane ville ha tent på dette også sjølve. Betre og meir stabile resultat i skulen gir tillit hos veljarane. I dag opplever vi ofte det motsette: Når resultata ikkje er gode nok, blir skulen brukt som hoggestabbe i debatten, medan dei politiske rammene vi arbeider innanfor, sjeldan vert tekne med i vurderinga.
Mi stemme ved neste stortingsval vil gå til eit parti som held seg meir borte frå skulen.