Dette er reglane for bindingstid når du tar vidareutdanning
Juss: Får du ta vidareutdanning i barnehagen, kan du bli møtt med krav om bindingstid. Her er reglane som gjeld.
Mange arbeidsgjevarar tilrettelegg for vidareutdanning for å styrke kompetansen i verksemda, anten gjennom løna permisjon eller anna økonomisk støtte. Når dei investerer i opplæring, ønskjer dei ofte å sikre at kompetansen blir verande gjennom bindingstid.
Krav for å avtale bindingstid
Bindingstid kan avtalast når visse vilkår er oppfylte. Høgsterett har slått fast at arbeidsmiljølova ikkje er til hinder for slike avtalar, så lenge arbeidsgjevar har tilsvarande plikt til å behalde arbeidstakaren i same periode. Ein avtale kan likevel setjast til side etter avtalelova § 36 dersom han er urimeleg. Då vurderer ein konkret kva avtalen inneheld og kva som skjedde då avtalen blei inngått.
For at bindinga skal vere gyldig, må ho altså vere rimeleg, sakleg og forholdsmessig. I tillegg kan tariffavtalar setje grenser for kva som kan avtalast. I KS-området kan bindingstid berre avtalast dersom kommunen gjev vesentleg økonomisk støtte, og bindingstida kan ikkje overstige to år. I PBL må arbeidsgjevar yte støtte tilsvarande minst tre månadsløner, og maksimal bindingstid er òg to år.
Sakleg og rimeleg bindingstid
Kortare etterutdanning eller vidareutdanning som arbeidsgjevar krev av deg, gjev normalt ikkje grunnlag for bindingstid. Bindingstid kan derimot vere lovleg og rimeleg når du som arbeidstakar frivillig søker meir omfattande utdanning, og arbeidsgjevar faktisk bidreg betydeleg økonomisk.
Når barnehagar får tilretteleggingsmidlar frå Utdanningsdirektoratet, blir hovuddelen av kostnadene ved vidareutdanninga dekt av andre enn arbeidsgjevar. Arbeidsgjevar si reelle oppofring er då mindre, og bindingstid vil som regel ikkje vil vere rimeleg.
Bindingstida må i alle høve stå i balanse med det både du og barnehagen yter. Sjølv om bindingstid er lovleg, må kvar avtale vurderast konkret.