Er Høgre eigentleg opptatt av kvalitet i barnehagen?
Debatt: – Når Høgre sitt landsmøte opnar for å erstatte barnehagelærar med «anna barnefagleg kompetanse», svekkjer dei eit heilt sentralt kvalitetskrav i barnehagen.
Høgre sitt nylege landsmøte var på utdanningsfeltet i hovudsak prega av vedtak som omhandla skulen og lite om barnehage. Eg skulle ønskje at rammevilkåra i barnehagen vart langt grundigare debatterte. Det fortener norske barn. Det er trass alt i barnehagen ein legg grunnmuren til kommande generasjonar. Er fundamentet for svakt, vaklar resten av bygget.
Høgre verkar å vere opptekne av at barn skal ha det bra i barnehagen, at dei skal bli sett, inkludert og få hjelp når dei treng det, likevel er det få politiske vedtak som fremmar barnehagelærarkompetansen – som er den viktigaste føresetnaden for nettopp dette. Er ikkje det rart?
Landsmøtet vedtok riktig nok ei formulering om å «vidareføre ei bemanningsnorm og pedagognorm i barnehage, men vurdere endringar som gjev kommunar større moglegheit til å ta i bruk ulik barnefagleg kompetanse og meir fleksibilitet til å prioritere ressursar der det trengs mest». Ved første augekast kan det sjå fornuftig ut. Men kva betyr det eigentleg? Og kva opnar Høgre for her?
For oss som arbeider tett på barnehagar er utsegna «å prioritere ressursar der det trengst mest» ei merkeleg formulering. Det finst knapt ein einaste barnehage i dette landet som ikkje treng alle dei ressursane dei allereie har – og meir til. Det er verkelegheita, og vi har mykje dokumentasjon på det store ressursbehovet i barnehagesektoren. Kommunane står dessutan fritt til å bruke meir enn minimumskravet der det trengst, problemet er at altfor få gjer det.
Det er bra at Høgre seier dei framleis vil behalde barnehagelærarnorm og bemanningsnorm, det er heilt nødvendig for å sikre eit minimum av ressursar og dermed sikre barn eit pedagogisk tilbod. Eg skulle ønskje partiet var like opptatt av å sikre barnehagelærarkompetansen.
I staden opnar Høgre for meir bruk av «anna barnefagleg kompetanse». Det tolkar eg som ei fallitterklæring, ei lettvint løysing på eit stort problem som heiter barnehagelærarmangel. I staden for å ta kampen for å få fleire barnehagelærarar, verkar Høgre til å heller kapitulere og signalisere at «noko anna» også er godt nok. Då melder spørsmåla seg: Kva meiner eigentleg Høgre med barnefagleg kompetanse? Kva slags utdanning snakkar vi om?
I dag finst det allereie ordningar som gjer at personar med annan relevant høgskuleutdanning, til dømes barnevernspedagog, kan arbeide som barnehagelærar eller pedagogisk leiar dersom ein tek vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Moglegheita er der. Men er det dette Høgre meiner? Eller opnar partiet for at dei med barnefagleg kompetanse frå eit lågare utdanningsnivå kan gå inn i stilling som pedagogisk leiar? Ei utdanning på vidaregåande nivå kan ikkje samanliknast med ei utdanning på høgskulenivå.
Vi har ei eiga barnehagelærarutdanning, spesialdesigna for arbeid med barn i barnehagealder. Kvifor bruker ikkje Høgre all kraft på å gjere denne utdanninga meir attraktiv, i staden for å svekke statusen hennar? Kva signal sender dette vedtaket til dei som i dag studerer til å bli barnehagelærarar? Eller til dei som snart skal søkje høgare utdanning? Det vitnar ikkje om særleg tillit til profesjonen eller kompetansen barnehagelærarar har. No sender Høgre i staden eit signal om at barnehagelærarutdanninga ikkje er så viktig. At kommunane like gjerne kan velje noko anna.
Høgre burde i staden jobba for gode løysingar på dei vanskelege, men nødvendige spørsmåla: Korleis får vi fleire til å søkje barnehagelærarutdanninga? Korleis kan vi betre rammevilkåra slik at fleire barnehagelærarar klarer å stå i yrket til pensjonsalder? Kvifor rømmer så mange barnehagelærarar til andre yrke og korleis kan vi stoppe denne kompetanseflukten?
Eg har ikkje tal på kor mange barnehagelærarar eg har møtt som har forlate yrket på grunn av arbeidstilhøva. Likevel verkar løysinga til Høgre å vere at det er greitt å lempe på krava. Det finst kring 18 000 utdanna barnehagelærarar som ikkje lengre jobbar i barnehage. Kanskje burde partiet brukt meir krefter på å gjere vedtak som kan få desse tilbake.
Det er dei tilsette sin kompetanse som er garantisten for kvaliteten i barnehagen. Barnehagelærarar veks ikkje på tre. Difor må vi ta betre vare på dei vi har – og jobbe langt hardare for å få fleire. Eg skulle ønske Høgre sine vedtak bar meir preg av dette.