Større karakterskilnad for elevar i distrikta
I dei minst sentrale kommunane er skilnaden mellom standpunkt- og eksamenskarakterane i matematikk størst. Utdanningsdirektoratet veit ikkje kva som forklarer utslaget.
Elevar i distrikta får høgare standpunktkarakterar i matematikk enn karakterane dei oppnår på skriftleg eksamen. Skilnaden er større enn for elevar i meir sentrale kommunar, skriv Nynorsk pressekontor (NPK).
Utdanningsdirektoratet har samanlikna standpunkt- og eksamenskarakterane til elevar på 10. trinn dei siste tre åra. Kommunane er delte inn etter Statistisk sentralbyrå sine seks sentralitetsklassar.
Analysen viser at avstanden mellom standpunktkarakteren, som blir sett av faglæraren, og eksamenskarakteren, som blir sett av eksterne sensorar, er størst i dei minst sentrale kommunane.
Les også: Nær halvparten fikk dårligere karakter på norskeksamen
Utdanningsdirektør Morten Rosenkvist peikar på små fagmiljø som ei mogleg forklaring. Tilgangen til fagkollegaer kan påverke kor gode høve lærarane har til å diskutere og samordne vurderingspraksisen.
Direktoratet har likevel ikkje undersøkt om samanhengen står seg når ein tek omsyn til skulestorleik. Det har heller ikkje sett på om skilnadene kan knytast til talet på matematikklærarar, lærarkompetansen eller den nære relasjonen mellom lærar og elev på små skular.
Udir meiner kommunane og skulane sjølve bør bruke analysen til å diskutere vurderingspraksisen sin. Direktoratet understrekar at kommunane har ansvaret for å gi lærarane gode rammer for å samarbeide om standpunktvurderinga.
Leiar i Utdanningsforbundet Geir Røsvoll etterlyser ei grundigare undersøking.
– Vi skulle ønskje at Utdanningsdirektoratet går djupare inn i dette og prøver å finne forklaringar, seier han til NPK.
Røsvoll meiner årsakene truleg er samansette, og at dei kan handle både om karaktersystemet og om korleis vurderinga blir praktisert. Han understrekar også at lærarane må få tid og rammer til å arbeide med vurdering saman, på tvers av skular og kommunar.