Utan volleyball i fagkretsen

Debatt: At elevar mislikar eit fag eller emne, er ikkje i seg sjølv eit argument for å fjerne det frå skulen.

kroppsøving skoleelever ballspill volleyball
Publisert

Ein dag i september kunne eg lesa om ein lektor. Han var glad i skolen til nynorsken kom.

Eg var også glad i skolen, heilt til gymtimane kom. Volleyball, cooper-testen og benkpress tok gnisten frå meg.

Eg hugsar framleis siste gymtime på vidaregåande, ei euforisk glede over at no hadde eg spela volleyball for siste gong i livet mitt.

Då eg blei vaksen, var det ein ting eg forbanna meg på, eg skulle få ungar som elska gymnastikkfaget. Og det gjorde dei også, heilt til dei kom i andre klasse, då var faget allereie lagt for hat.

Er dette eit argument mot gymnastikkfaget i skolen?

Andre klasse på barneskolen var også det året dei kom heim og fortalde meg kor teit det var med nynorsk. Ungane mine, dei som vaks opp med å boltra seg i den nynorske barnebokskatten, dei hadde avskrive denne delen av norskfaget før det var begynt.

Då dei blei større, var det diktanalyse som fekk dei unge sjelene til å vrenga seg i avsky. Tenåringane mine opplevde emnet som særskilt lite relevant. 

Men er dette eit argument mot diktanalyse i skolen?

Ein kan gjerne diskutera kor stor plass både nynorsk og bokmål skal ha i skolen. Om elevane bare skal lera å skriva ein av målformene skikkelig, det kan ein sikkert finna gode argument for. Men om ein tenåring opplever eit emne som lite relevant, skal det vera målestokken? Måtte ein ikkje då legga ned heile skolen?

Allereie som fjerdeklassing spurde sonen min meg om det var mulig å ta eit friår etter ungdomsskolen. Eg blir framleis trist av å tenka på dette, den vitebegjærlige, entusiastiske guten min, kor blei gnisten av?

Er dette eit argument mot heile skolevesenet?

Eg veit ikkje. Eg veit bare at i dag har eg lite bruk for volleyball og algebra, men som skrivande og tenkande menneske har stor nytte av å kunne skriva både nynorsk og bokmål.