
Det viktigaste først i skulen
Debatt: – Gjer sidemål valfritt – det handlar om å styrkja elevane si læring.
Tilstanden i skulen er sterkt urovekkjande. Dei siste åra har me sett ein nedgang i prestasjonane. Me greier ikkje å løfta dei svake elevane og stimulera dei flinke.
Dei norske resultata i den siste internasjonale Pisa-undersøkinga i 2022 viste ein sterk tilbakegang frå førre undersøking – særleg for matematikk og lesnad. Nedgangen i Noreg er større enn i dei fleste andre OECD-landa.
Samtidig veit me at Noreg bruker mest pengar per elev i heile OECD-området. Då er det på tide at me tenkjer nytt også i skulen, og prioriterer dei viktigaste faga først. Det er bakgrunnen for at Frp ønskjer å gå bort frå obligatorisk til valfritt sidemål og anna framandspråk.
I eit innlegg på Utdanningsnytt 15. mai kritiserer Norsk Målungdom Frp for dette standpunktet og meiner det svekker nynorsken. La meg understreka at eg har vakse opp med nynorsk og er stolt over det. For Frp dreier ikkje dette seg om å svekkja ei av målformene, men å styrkja elevane si læring.
Me må snu den negative utviklinga i skulen, der læringsresultata til elevane i basisferdigheitene å lesa, skriva og rekna går ned. Ved å redusera presset på elevane til å læra begge målformer, kan det leggjast større vekt på å oppnå høgare språkleg meistring i den målforma dei vel.
Å gi elevar høve til å sjølv velja kva målform dei ønskjer å fordjupa seg i, vil vera ein fordel både for hovudmålet, sidemålet og for språkmeistringa til norske elevar generelt. For mange elevar vil det vera meir nyttig og motiverande å få bruka ekstra tid på kjernekunnskapane.
Frp aksepterer ikkje at ein av tre elevar slit med å lesa og rekna godt nok, og at talet som får tilrettelagt opplæring aukar. Derfor vil me prioritera dei viktigaste faga først.