No er eg jævla forbanna!

Debatt: Regjeringa må slutte å skape ny uro om pensjon i private barnehagar.

Publisert Sist oppdatert

Heilt sidan 2014 har kampen om ein rettferdig pensjon prega den private delen av barnehagesektoren. Når vi endeleg har landa både ein hybridpensjon som bransjestandard og livsvarig AFP-ordning, så klarar du, Kari Nessa Nordtun, og di regjering, det meisterstykket å kaste den evigrullande pensjonsballen opp i lufta på nytt. No får det steike meg vere nok!

Kvar einaste dag spring tilsette i barnehagane rævva av seg for å gje det beste tilbodet til barna, som er mogleg å gje, med dei dårlegare rammene vi har. Det er slettes ikkje alltid vi har tid til å ta pause for å ete lunsjen vår, eller gå på toalettet når vi faktisk har behov for det. Vi knip igjen, både på eine og andre måten. Det er søren ikkje rart vi får både blærekatarr og andre typar katarr.

Det einaste vi ikkje får er munndiaré, for stort sett held vi godt kjeft, uansett kva situasjon vi står i. Vi gjer jobben vår og gir det vi har for at det offentlege skal kunne tilby gode barnehagar til alle barn i dette landet. Vi jobbar oss helselause og mange klarar aldri å stå i yrket til dei når pensjonsalder.

Er det då for mykje å be om at regjeringa spyttar i dei ekstra kronene det vil koste å dekke dei faktiske utgiftene barnehagane har til pensjon? Eg synes faktisk ikkje det.

Lat oss sleppe fleire rundar som handlar om pensjonsvilkåra våre. Lat oss sleppe uføreseielege arbeidsvilkår.

Dette er ikkje ei sak mellom partane i arbeidslivet. Dette er ei sak som bør, og lett kan, løysast politisk.

  • Kostnaden for regjeringa er låg. 
  • Kostnaden i budsjettet er låg.
  • Kostnaden for budsjettkameratane er låg.
  • Kostnaden for kvar og ein av oss som jobbar i private barnehagar kan dessverre fort bli altfor høg.

Min gamle fotballtrenar sa alltid: - Vert forbanna, Solfrid, vert forbanna! Og no blei eg det, skikkeleg forbanna!

Det er på tide å rydde opp og gje handling til stortingsvedtaket!

Les også: