Vestland legg bort nye eksamensforsøk – SV reagerer
I 2025 vedtok Fylkestinget i Vestland å prøve ut alternative vurderingsformer lokalt. Denne veka har fylkesdirektøren sett ned foten. Fylkestingsrepresentant Alexander Papas i SV er skuffa.
I fjor vedtok fylkestinget i Vestland å gå i dialog med Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet om vidare utprøving av alternative eksamensformer lokalt. No vil Vestland ikkje setja i verk eigne forsøk. Det blei klart denne veka.
Saka om å prøve ut alternative eksamensformar sto på sakskartet då Hovudutvalet for opplæring og kompetanse i Vestland fylke hadde møte i Vestlandshuset 20. mai.
Målet om å setta i verk eit prøveprosjekt enda til sist som ei referatsak heilt på tampen av møtet. Men i forkant hadde Fylkestinget fått eit skriftleg notat frå fylkesdirektøren, datert 11. mai.
Alexander Papas, fylkestingsrepresentant for SV, er skuffa. Han er heilt fersk lærar og då Utdanningsnytt ringer, er han ute saman med nokre elevar på fyrste trinn. Papas fortel at han leverte masteroppgåva si 15. mai, og at han no er ringevikar i Bergensskulen.
– For SV har utprøving av alternative eksamensformer vore ei svært viktig sak både lokalt og nasjonalt. Dette var òg ein del av budsjettforliket Ap-Sp-regjeringa inngjekk med SV i 2022.
Også Elevorganisasjonen i Vestland er skuffa. Dei jubla då utprøving av alternative eksamensformar blei vedteke i 2025. Langtidsoppgåve som alternativ til eksamen har vore eit av prøveprosjekta, der Vestland fylke har delteke med seks vidaregåande skular.
Utprøving stoppa nasjonalt
– Det at Utdanningsdirektoratet har stoppa vidare utprøving nasjonalt, gjer det vanskeleg for oss i Vestland å prøva noko nytt lokalt, seier Papas.
– Et er ikkje fyrst og fremst kritisk til Vestland fylkeskommune eller fylkesdirektøren. Et meiner dei har gjort mykje godt arbeid innafor dei rammane vi har. Men eg er nysjerrig på kvifor vi ikkje får sette i verk prøveprosjekt lokalt. Slik eg ser det, så må Stortinget og Utdanningsdirektoratet på bana, om det verkeleg skal gjerast noko med eksamensformene, seier han.
Elevorganisasjonen er, i likhet med Papas, skuffa over at vidare utprøving er stoppa. Medan Utdanningsforbundet og Lektorlaget er kritiske til langtidsoppgåve som alternativ til eksamen, mellom anna grunngjeve med faren for KI-juks.
Papas kan forstå det. Han meiner KI bør regulerast strengare enn i dag. Samstundes meiner han me må erkjenne at det allereie er ein del av kvardagen til elevane, både i og utanfor skulen.
– Me som politikarar skal ikkje peika ut enkelte eksamensformer i seg sjølv, og KI har ikkje skapa denne problemstillinga åleine, men det har gjort det tydelegare: Er eksamen slik vi har han i dag eigentleg ein rettferdig og reell måte å vurdere elevane på? For SV er svaret nei. Derfor må me tenkja nytt, seier Papas.
Vil ha meir djupnelæring
Han ser ingen grunn til å gje opp kampen og arbeidet for nye eksamensformer. Tvert om meiner han at det trengst meir utprøving. Det er i tråd med det forskarane ved NTNU har tilrådd.
– Dette handlar ikkje berre om eksamen. Det handlar om kva me meiner at skulen skal vera. Når vurderingsformene ikkje speglar den kompetansen elevane faktisk skal sitje att med, blir det heller ikkje ei rettferdig vurdering. Difor er det avgjerande at me vågar å utvikla nye måtar å vurdera på, som i større grad fangar opp kritisk tenking, refleksjon og reell fagkompetanse.
– Kjem SV til å følgje opp denne saka vidare?
– Ja, det er naturleg at vi kjem til å stille nokre spørsmål til fylkesdirektøren om dialogen med Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet, seier han.
Fylkestinget i Vestland har hatt som mål at skulane skal prøve ut eksamensformer som i større grad fremjar kritisk tenking, djupnelæring og relevant fagkompetanse – og som gir meir rettferdige og reelle vurderingar av kva elevane kan.
– Det er heilt i tråd med SVs politikk, seier Papas.
Men i notatet tilrår fylkesdirektøren altså «å delta i det pågåande nasjonale utviklingsarbeidet i staden for å søkje om eigne forsøk for Vestland.»
Papas etterlyser meir informasjon om kvifor Utdanningsdirektoratet ikkje ønskjer å gå vidare med fleire forsøk, og kva handlingsrom fylkeskommunen faktisk har til å prøve ut noko lokalt.
Vil at Vestland skal delta i nytt forsøk
Etter at Utdanningsdirektoratet stoppa utprøving av langtidsoppgåve nasjonalt, varsla dei at det vil bli sett i verk forsøk eit nytt forsøk med fordjupningsoppgåve på eit nytt programfag i Vg3. Vidareegåande skular over heile landet blir oppmoda om å delta.
Fylkesdirektøren vil at skular i Vestland skal delta i forsøket med det som blir eit nytt valfritt programfag på Vg3 frå hausten 2027/28. Men då er dei avhengige av at elevane faktisk vel faget som eitt av dei valfrie programfaga sine. Difor må informasjonen til skulane og til elevane som får tilbod om å delta, planleggjast godt, skriv fylkesdirektøren i notatet.
Fylkesdirektøren skriv og at Vestland fylke vil gå føre i å prøve eksamensformer som i større grad fremjar kritisk tenking, djupnelæring og relevant fagkompetanse – og som gir meir rettferdige og reelle vurderingar av kva elevane kan. (Se faktaboks)
Nasjonalt utviklingsarbeid om eksamen
Vestland deltek i det pågåande utviklingsarbeidet på eksamensfeltet. I tillegg har fylket eit lokalt utviklingsarbeid knytt til innhald og gjennomføring av lokalgitt tverrfagleg praktisk eksamen på yrkesfaglege utdanningsprogram.
I 2018 satte Kunnskapsdepartementet ned ei eksamensgruppe for å støtte Utdanningsdirektoratet i arbeidet med å sikre betre samanheng mellom læreplanar og vurderingsformer.
– Dette er noko av bakteppet for at SV har ønskt endringar, seier Papas.
I sluttrapporten «Vurderingar og anbefalingar om framtidas eksamen» peikar eksamensgruppa på behovet for meir varierte eksamensformer og kombinasjonar av oppgåvetypar, slik at elevane i større grad får høve til å vise breidda i kompetansen sin.
Vidare vert alternative eksamensformer, som langtidsoppgåver, tverrfagleg eksamen og mappevurdering, løfta fram som moglege svar på det utvida kompetanseomgrepet i LK20, der djupnelæring, kritisk tenking og refleksjon står sentralt.
Langtidsoppgåve som alternativ eksamensform
Skular i Vestland deltok i forsøk med utprøving av langtidsoppgåver i nokre fag; biologi 2, politikk og menneskerettar, matematikk 1P-Y og engelsk 2. Det skjedde i 2023/24 og i 2024/25. Våren 2026 prøvde skular ut alternative eksamensformer i engelsk.
«På sikt ser ein føre seg at langtidsoppgåver kan bli eit alternativ eller supplement til eksamensforma vi har i dag», heiter det i notatet frå fylkesdirektøren i Vestland.
Seks vidaregåande skular i Vestland har prøvd ut langtidsoppgåve. Erfaringane inngår i dei nasjonale evalueringsrapportane utarbeidde av NTNU-ILU på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.
I notatet blir det vist til at forskarane tilrår likare rammer og tydelegare nasjonale føringar for gjennomføring. Rapporten peikar òg på at kunstig intelligens (KI) og andre digitale hjelpemiddel kan utfordre rettferda i nye eksamensformer, og at det er behov for tydelege nasjonale retningslinjer for bruk av slike verktøy.
– Vi får ikkje vite korleis alternative eksamensformer kan fungere, med nye nasjonale rammer og retningslinjer, dersom vi ikkje får høve til å teste dei ut og tenkja nytt lokalt, seier Papas.
Skriftleg-munnleg eksamen i yrkesfag
Vestland fylkeskommune har vore ein aktiv deltakar i forsøket. Våren 2025 blei det gjennomført sju parti fordelte på fire skular innan reinhaldsoperatørfaget og kokkefaget. Våren 2026 blei forsøket utvida til ti parti ved seks skular, og omfattar òg tømrarfaget og yrkessjåførfaget. På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet skal NIFU i samarbeid med Fafo evaluere forsøket.
Fylkesdirektøren skriv i notatet at ein på sikt ser føre seg at dagens eksamensform med sentralt gitt skriftleg eksamen kan bli erstatta av skriftleg-munnleg eksamen.
Redusert sårbarheit for juks
Vestland fylkeskommune har over fleire år utvikla kompetanse innan lokalgitt eksamen. I dei fleste yrkesfaglege utdanningsprogramma i fylket er det utvikla tverrfaglege praktiske eksamenar som lokale eksamensløysingar, innanfor gjeldande regelverk.
«Erfaringane frå tverrfagleg praktisk eksamen viser at det er mogleg å utvikle vurderingsformer som fremjar kritisk tenking, djupnelæring og relevant fagkompetanse, og som samtidig reduserer sårbarheit for juks.» Det skriv fylkesdirektøren.
Desse erfaringane blir sett på som eit utgangspunkt i dialogen mellom fylkeskommune og nasjonale styresmakter i arbeidet med meir rettferdige og formålstenlege eksamensformer i vidaregåande opplæring.
Nytt forsøk og ny struktur i vidaregåande
I tillegg til det pågåande arbeidet med utvikling og utprøving av nye eksamensformer arbeider Utdanningsdirektoratet med å utvikle ny struktur og nytt innhald i studieførebuande opplæring.
Nye krav til kompetanse og samfunnsutviklinga gjer at ein må tenkje nytt og ein erfarer at elevane i mindre grad enn før er studieførebudde, skriv fylkesdirektøren i Vestland i notatet.
Kunnskapsdepartementet har informert om at ein i skuleåret 2027/28 skal setja i gong eit forsøk med eit nytt valfritt programfag på Vg3 studiespesialisering. Forsøket inngår i utforminga av nytt rammeverk for innhald og struktur i vidaregåande opplæring.
Fylkesdirektøren tilrår at skuler i Vestland er med i det nye forsøket på Vg3.