Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

21,9 prosent av førsteklassingane i Rogaland har nynorsk dette året, medan talet var 19,7 prosent førre skuleår.

Publisert Sist oppdatert

Det er NRK Rogaland som skriv dette. Dei viser til ferske tal fra Utdanningsforbundet som syner at 21,9 prosent av førsteklassingane i Rogaland har nynorsk som opplærings dette året. Førre skuleår var talet 19,7 prosent.

I ni kommunar i vestlandsfylket har nynorskdelen auka, men det er i Strand kommune at delen har auka mest.

Utviklinga er likevel ikkje den same i ungdomsskulen. Her vel fleire elevar å byte til bokmål, noko som har ført til at nynorskdelen på 10. trinn i Rogaland har gått ned frå 19 til 17,8 prosent.

Held fram med å synke

Med nynorsk opplæringsmålform meiner ein at eleven brukar nynorsk i det skriftlege arbeidet sitt, og at elevane har rett til læremiddel på nynorsk. 

Frå 1. til 7. klasse følgjer opplæringsmålforma til eleven i utgangspunktet hovudmålet ved skulen, slik det er fastsett av kommunen. Men dersom meir enn ti elevar på eit trinn ønskjer opplæring med ei anna opplæringsmålform enn hovudmålet ved skulen, må kommunen opprette ein eigen klasse.

Frå 8. klasse kan eleven sjølv velje hovudmål.

Tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) syner at talet på elevar med nynorsk som hovudmål held fram med å synke. I 2001 var delen elevar som fekk opplæring på nynorsk 14,8 prosent, ifølgje SSB. No er talet 11 prosent.

Flest elevar brukar nynorsk som hovudmål i fylka Vestland og Møre og Romsdal, etterfølgde av Rogaland.