Vurderer bokmål på alle skular etter elevflukt
Fleire foreldre i Midt-Telemark flyttar barna sine til ein annan skule for å sikre dei undervisning på bokmål.
For å få betre oversikt over elevtala vurderer kommunen no å innføre bokmål på alle barneskulane. Det vil krevje ei rådgivande folkerøysting, skriv NRK. Fleire foreldre vel å søkje barna sine over frå Folkestad skule til Bø skule på grunn av målforma.
Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland ventar store diskusjonar om saka framover.
– Eg trur at når den saka blir løfta fram, så kjem det nok til å bli ganske store diskusjonar, seier ordførar i Midt-Telemark kommune, Siri Blichfeldt Dyrland, til NRK.
Ho understrekar at kommunen vil finne ut kva folk meiner, og peikar på at nynorsken er ei truga målform som mange er opptekne av å ta vare på.
FAU-leiar ved Folkestad skule, Gregar Høydal, ønskjer ikkje at målforma skal styre kva skule foreldra vel.
– Det som er viktig, er jo at folk ikkje flyttar til ein annan skule på bakgrunn av om skulen har nynorsk eller bokmål, seier Høydal til NRK.