Den digitale skulen må granskast

Debatt: – Kunnskapsministeren må snarast byrje ein gjennomgang av skoledigitaliseringa.

Publisert

 Lærarane har dei siste åra fått sitt handlingsrom i klasserommet kraftig begrensa. Samstundes har IKT-bransjen fått ture fram i skulen. Dei sterkaste selskapa i verda har alt å vinne på ein heildigital skule. No trengs ei offentleg granskning! 

Politikarane forstår ikkje kva som skjer i den gjenstridige røynda i kvardagen i klasserommet. Dei lar skulepolitikken formast av juristar, byråkratar, pedagogar, skuleforskarar og IKT-bransjen. Samstundes gjer politikarane påverknaden til lærarane i klasserommet mindre. Lærarane blir slik mindre i stand til å gjøre kva som er det beste for elevane. 

Politikarane gjennomskodar ikkje dei løynde interessene til profesjonane som ligg løynde bak velmeinte argument for nytt lovverk. Det verste dømet er digitaliseringa i skulen, kor dei største selskapa i verda har gjort alt dei kunne for å kome inn i skulen. Motrøystane har vore altfor få. Her har rådmenn og skuleleiarar over heile landet kjøpt inn digitale einheter og læringsressursar etter kontakt med ein IKT-bransje som har lova dei at dei ville kunne spare pengar. Dette har skjedd utan at rettane til elevane har blitt tatt vare på. Og utan at lærarane har fått vore med å bestemme. 

Krenking av personvern

IKT-bransjen har vore herrar i eit for dei tilnærma lovlaust friområde og har i samarbeid med skuleleigarar i mange år krenka gjeldande lovverk om personvern av barn og unge. IKT-bransjen har ønska å vende barn og unge til å bruke Apples, Microsoft eller Googles produkt, først som barn, sidan som ungdom, sidan som student og seinare som arbeidstakar. IKT-bransjen har tent mykje pengar på skulen. 

IKT-bransjen bruker enorme summar til marknadsføring. Apple byggjer til dømes eit lag av lærarar som bruker Apple-produkt meint for skulen. Apple gir gratis kurs til lærarar, som sidan kan smykke seg med titlar som Apple Distinguished Educator og Apple teacher. Titlane og byggjing av lag av lærarar som bruker Apple-produkt er ein del av strategiane for marknadsføring, som IKT-bransjen bruker mot skulane. Samstundes seier opplæringslova at skulen skal vere fri for reklame. 

Kvifor har ingen har stansa opp og stilt spørsmål ved denne bygginga av merkevare i skulen? Om ein hadde fått «sertifiserte Coca-cola-lærarar», ville det skapt furore. Noreg er det einaste landet som har satsa på å bruke Ipadar i skulen. 

Gigantisk gaukunge

Læringsplattformer har etablert seg som ein gigantisk gaukunge i skulen. Læringsplattformene har ikkje evna å levere tilstrekkeleg kvalitetssikra læringsstoff til lærerane si undervisning. Ved at skular ikkje har kjøpt inn lærebøker, har eit flertall av lærarar blitt stilte i ein situasjon der dei har sett seg nødt til å bruke delar av lærebøker dei stykkevis, i kopiar, har formidla digitalt til elevar gjennom læringsplattformer, i strid med opphavsrett og økonomisk interesse for lærebokforfattarar og forlag. 

Lærarar har vore nødt til å bruke delar av lærebøker uten at lærebokforfattarane blei betalt. Dei store aktørane i IKT-bransjen blir favorisert av offentlege myndigheiter til skade for lærarar og lærebokforfattarar. 

KI-invasjonen

Kunstig intelligens (KI) har invadert skulen det siste året. Dei som lever av å produsere KI og anna digital teknologi, har store interesser i at elevar, lærarar og heile skulesektoren, venner seg til å bruke KI før politikarane rekker å tenkje gjennom korleis dei kan regulere bruken av KI i skulen. 

Ukritisk digitalisering i skulen gjør elevane til forbrukarar av teknologien som råder i dag, som i morgon vil vere teknologien frå i går. Teknologane bør vere tenarane til skulen, og ikkje herskarane i skulen. 

Lærarar bør vere meir opne om kva for tilknytninger, kva for band dei har til ulike IKT-selskap, båe kommersielle band og andre former for band. Journalistane bør kritisk granske digitaliseringa av skulen. Når so sterke marknadskreftar har fått herje vilt, uten at nokon har tatt til motmæle, vil gråsoner ha oppstått. No treng vi båe nasjonal og lokal granskning. 

Kunnskapsministeren må snarast byrje ein gjennomgang av skoledigitaliseringa, og ansvarlege rådmenn bør samstundes granske digitaliseringa i sin kommune.

 

Powered by Labrador CMS