To skriftspråk, eitt språkfellesskap
Debatt: Å lære både nynorsk og bokmål handlar om meir enn sidemål og grammatikk. Det handlar om å kunne delta fullt ut i det norske språkfellesskapet.
Lektor Trym Fevang skriv i Utdanningsnytt 9. september at han slit med å grunngje kvifor alle elevar skal Iære seg både nynorsk og bokmål. Det burde ikke vere særleg vanskeleg for ein lektor. Løysinga er ikkje at eleavne skal få sleppe å lære seg nynorsk.
I den overordna delen av læreplanen heiter det at elevane skal bruke eigne røynsler og kunnskap for å utvikle kritisk refleksjon. Fevang sjølv bruker eigne røynsler, men kjem til kort med kritisk refleksjon.Han var glad i skulen, men så kom nynorsken. «Plutselig satt jeg med grammatikkbøker og skulle lære å skrive på en målform jeg nesten aldri brukte utenfor klasserommet». Fevang kunne t.d. stilt seg nokre spørsmål: Kan tidspunktet ein startar med nynorskopplæringa ha noko å seie for (manglande) entusiasme for språkopplæringa? Kan metoden for å lære eit språk ha noko å seie?
Språk, og ikkje minst skriftspråk, er fyrst og fremst eit spørsmål om vane. Dei fleste av oss skriv det språket vi lærte som fyrste opplæringsspråk. Samstundes styrer konvensjonar og haldningar til språk korleis vi møter det. Målstoda i Noreg har fleire døme på dette: I Eigersund og Haugesund t.d. soknar dei fleste elevane til dei 89 prosentane som har bokmål som hovudmål, sjølv om dialektane er milevis frå bokmålet. Dei skriv bokmål kort og godt fordi dei lærte det som fyrste opplæringsspråk.
Fevang kan slå opp i språklova om han treng hjelp til å grunngje kvifor alle elevar skal lære seg begge dei norske språka. Der går det fram at alle elevar skal identifisere både nynorsk og bokmål som sine språk. Det ideologiske grunnlaget for dette er det same som for ynsket om at norsk skal vere det samfunnsberande språket i Noreg: Vi er ikkje norske på grunn av biologisk opphav eller statsborgarskap, men like mykje på grunn av språket. Å lære å skrive og kunne bruke både nynorsk og bokål er å skrive seg inn i det norske - den norskspråklege fellesskapen. Det kan vi alle gjere, uavhengig av bakgrunn.
Skal eit språk vere samfunnsberande, må alle som bur i landet kunne møte og bruke det over alt og alltid. Då må alle elevar lære både nynorsk og bokmål. Dessutan: Jamstillinga mellom dei to norske språka fordrar at elevane får lov (ikkje berre må) å lære seg begge.
Norske elevar skal lære nynorsk fordi nynorsk og bokmål er jamstilte offisielle språk i Noreg. Det handlar om å gje elevane fridom til sjølv å velje om dei vil bruke nynorsk eller bokmål i ulike situasjonar resten av livet. Det er få ting som er så godt grunngjeve som dette.
Det veit dei fleste lektorar. Og vonleg vil også Fevang forstå det.