Hyllest til alle dyktige lærarar
Dikt: – Du er den største kvardagshelten!
Takk til den læraren som ser dei elevane som slit.
Takk til den læraren som gjer sitt beste for at dei svakaste elevane skal få kjenne seg sett og verdsett.
Takk til den læraren som tar seg tid til dei som treng det.
Takk til den læraren som kvar morgon står i døra og helsar god morgon.
Dette er ei hyllest til deg.
Du som bruker all di tid på at alle skal kunne lykkast og få eit godt liv.
Takk til deg som viser forståing overfor dei elevane som ikkje har det så lett.
Takk til den læraren som kjem med oppmuntrande ord, og ord som gir motivasjon.
Du er den største kvardagshelten!