PISA-panikk og boksing i halvblinde

Debatt: Ikkje bakbind gode jordmødrer- og fedrar med grelle påbod gjennomført i PISA-panikk.

Publisert

I kjølvatnet av årets PISA-resultat varslar regjeringa statlege grep, der dei truer med å innskrenke lærarane sin metodefridom og i større grad fastlegge kva vi skal gjere i timane våre. Dette kan bli stygt, og skape uro og motstand som vil underminere heile det gode formålet. Det er noko panisk over dette, og om det ikkje er slag i blinde, er det ikkje akkurat som boksing med begge augne opne å rekne.

Dette minner meg litt om den gamle vitsen der ein kar går og leitar i graset under ei gatelykt etter bilnøklane sine. Kona kjem til og hjelper han å leite, og etter ei god stund bryt ho ut: er du sikker på det var her du mista dei? «Nei, det var der borte», seier han og peiker, «men det var altfor mørkt å leite der». Poenget er at analysen som ligg til grunn for denne styringsiveren er for overflatisk. Det er nok ikkje for liten styring og for stor metodefridom som ligg til grunn for dårlegare skår på PISA.

PISA fortel i liten grad kva grunnane er til at norske 15-åringar (kanskje) er dårlege lesarar. Likevel er politikarane rause med verkemiddel, og peikefingeren peikar mot klasserommet.

Regjeringa har allereie tatt nokre grep om lesing. Eitt av framlegga til regjeringa (før PISA-resultata kom) var å innføre leselister med framlegg til tekstar for lesing på ulike alderssteg. Eg har til no hatt eit positivt forhold til dei komande innhaldslistene, og at vi skal få ei styrka innhaldsorientering i læreplanane. Eg er og oppglødd over at 1. klasse skal få att leiken og at det skal bli mindre grupper i småskulen. 

Det eg frykter er at styrka fornuft i småskulen blir kompensert med styrka ufornuft lengre opp i skulen: mindre styring ein plass blir erstatta med meir ein annan. Desse innhaldslistene har nemleg vore tenkt som framlegg til kva læraren kan eller bør velje i på eit gitt alderssteg, ikkje kva ein lærar velje. Førebels er det grunnskulen som har fått desse listene, men det er ikkje utenkjeleg at dei kjem i vidaregåande òg.

I kjølvatnet av PISA-panikkangsten som spreiar seg som ein kalifornisk brann i politikarkretsar, er eg stygt redd for at godt tenkte framlegg blir til grelle imperativ om at dette elevane lese. Det vil i so fall vere eit styringsgrep som er sterkare enn sist vi hadde innhaldslister (under Gudmund Hernes), lister som ikkje var særleg omfattande. Listetvang er eit opplagt styringsgrep for å dempe PISA-angsten på kort sikt, men eg tippar det på lengre sikt er rimeleg kontraproduktivt.

Den undersøkinga som kan fortelje noko om grunnar, snakkar vi ikkje om: PIRLS 2026 sine resultat kjem i desember 2027. Då kan vi få oppdaterte forklaringar. Dei siste PIRLS-tala (2021) plasserer norske tiåringar på botn når det gjeld leselyst. Då seier det seg sjølv at jobben med å heve leselysta fram til dei blir 15 år og skal PISA-testast er tyngre enn den kunne ha vore om vi hadde hatt tiåringar med eit positivt forhold til lesing.

Grunnane som PIRLS 2021 lister opp er:  Norske barn les lite på fritida, samstundes som leseforskinga viser at den lesinga vi oppsøker av eigen lyst og interesse er den vi får mest att for. Det er òg mindre lesing i norske heimar enn i heimar i andre land, kanskje høgtlesinga ved senga i for stor grad har blitt bytta ut med fri drift på nettbrett til ungane sovnar.

PIRLS hevdar og at sosial bakgrunn har fått større betydning for norske elevar, lengda på bokhylla i heimen er framleis ein indikator på kulturell kapital og lesevaner som går i arv. Foreldra er i mindre grad førebilete som lesarar. Norge er og i front med skjerm og endra lesevanar i retning av «doomscrolling» på sosiale media heller enn uthaldande lesing på papir. Elevane våre liker ikkje nødvendigvis krevjande tekstar, dei vil ha dei lette. Med mine ord: teksten har blitt eit problem å løyse fordi ein må, ikkje ei verd å leve seg inn i fordi ein kan og vil.

Dette vert komplimentert av Lesesenteret i Stavanger: Dei listar opp fire faktorar som ser ut til å ha særleg mykje å seie for norske elevar sine leseferdigheiter: Elevar frå heimar med mange bøker, høg utdanning og gode økonomiske ressursar les betre enn elevar frå familiar med færre ressursar. Jenter les gjennomgåande betre enn gutar, og gutar er overrepresenterte blant dei svakaste lesarane. Elevar med norsk som morsmål presterer i gjennomsnitt betre enn minoritetsspråklege elevar. Dei seier og at svake lesarar ser ut til å ha særleg nytte av å lese lengre tekstar på papir, mellom anna fordi det kan gi betre konsentrasjon.

Om ein samanheld funna frå PIRLS ser ein at ein stor del av årsaksforholda ligg utanfor klasserommet, det ligg i heile den skrift- og teiknkulturen og vanane som elevane ser og fylgjer etter hos jamaldrande og foreldre. Likevel leitar regjeringa etter nøklane der det er mest lys: i klasserommet. Ein fostrar ikkje leselyst med teksttvang, difor kryssar eg fingrane for at leselistene får leve som råd og ikkje påbod.

Det mest skremmande i regjeringa sitt styringsvarsel er at det skal vere like bøker for alle. Her ser eg for meg at forlaga brukar leselistene som grunnlag, og gjev ut antologiar med desse, med tilhøyrande oppgåver. På nettet kjem det då til å fyllast store reservoar med ferdige tolkingar av tekstene, og svar på alle spørsmåla som står i bøkene. Om du legg KI til reknestykket ser du at dette kan gå frykteleg gale.

So langt inn i KI-samfunnet har læraren hatt høve til å bruke sin eigen tekstkunnskap til å finne tekstar eigna til måla i læreplanen som det i liten grad finnast ferdige tolkingar av. Dette samspelet mellom læraren sin faglege og didaktiske kunnskap, kjenslevarheit for den konkrete elevgruppa sin faglege ståstad og val av tekstar er for viktig til å selje til forlaga og språkmodellane. Det er lov å belite seg. Når leselyst er eit grunnleggande problem og kanskje hovudgrunnen til lav lesekompetanse, reddar vi ikkje den med å gå i didaktisk takt etter faglege paukeslag frå umusikalske politikarar.

I tillegg er det lansert eit framlegg om å innskrenke timemengda med norsk i vidaregåande i komande VGO-reform. Vi lærarar skal dermed bli utsett for meir tvang, mindre metodefridom og mindre tid til å gjere jobben på. Då skal eg garantere at det ikkje berre er leselysta til tiåringen som blir liggande nede for teljing, men og læraren sin «lærarlyst».

Vi treng definitivt fysiske bøker, men det er ingen veg tilbake til den lærebokkulturen vi hadde før internett kom, som må stå fram som ein gullalder for PISA-skrekkslagne politikarar. Vi treng tusenvis av ulike bøker. Vi treng klassesett på klassesett med bøker fulle av tekstar.

Elevane skal bli kjende med koselege tekstar, korte tekstar, lange tekstar, bisarre tekstar, morosame tekstar, provoserande tekstar, tankevekkjande tekstar, overraskande tekstar, skremmande tekstar, triste tekstar, poetiske tekstar, underhaldande tekstar, absurde tekstar, kontroversielle tekstar, seige tekstar, gåtefulle tekstar, ekle tekstar, meiningsfulle tekstar, kjedelege tekstar, vakre tekstar, aktuelle tekstar, politiske tekstar, umoralske tekstar, moralske tekstar og tidlause tekstar.

I desse tekstane vil dei møte stemmer som dei kjenner att, ukjende stemmer, uforståelege stemmer, påståelege stemmer, usikre stemmer, ufyselege stemmer, fine stemmer, stygge stemmer, spørjande stemmer, motstridande stemmer, arrogante stemmer, usikre stemmer og ustemte stemmer. Dei vil møte rette tekstar, skeive tekstar og tekstar som ikkje veit om dei er rette eller skeive. Med læraren som guide, førebilete og kartlesar skal dei sjølv bli gode med kart og kompass og orientere seg i litteraturen sine himmelretningar.

Møter dei dei stemmene som gjer noko med dei, utviklar dei og si eiga stemme og sin eigen ståstad i verda. Dei blir eit anna menneske enn om dei har blitt styrt gjennom skulen med reglar, rammer og val avgjorte av menneske som aldri har sett dei der dei er. Aldri har ledd med dei, grått med dei, rost dei, kjefta på dei, blitt skuffa av dei, oppmuntra dei og vore glade på deira sine vegne ved fullført opplæring.

PISA-panikken kjem og til å styrke kyklopsynet på lesing som grunnleggande dugleik, slik at dei andre dugleikane kjem i bakgrunnen. Husk berre at i lesinga møter eleven andre si stemme, mens eleven si eiga stemme er halden tilbake. I skrivinga og i talen øver ein si eiga stemme, slik at ein sjølv kan delta i samfunnet og vise kven ein er og kva ein står for.

Ansvaret for lesinga er eit felles ansvar, og ein løyser ikkje det med pålegg til læraren. Verkemiddel som vi lærarar har mast om i fleire tiår var på veg før årets PISA: fleire bøker, mindre skjerm og meir tillit. No kjem bøker, skjermen får ein ny funksjon, og tilliten vert årelata. Det er feil medisin.

Til sist litt om denne omtalte «leselysta». Det er ikkje berre å følgje minste motgangs veg. Lyst handlar om å sjå fram til den meistringa og godkjensla ein får ved å klare å løfte litt tyngre enn sist, sykle opp den bakken du før måtte trille sykkelen, springe litt fortare enn førre gong, og lese litt lengre før du sjekkar mobilen. Lyst er og knytt til eigne val, vi som møter elevane kan vere gode fødselshjelparar for denne lysta, og det vert gjort en fenomenal jobb ute i klasseromma, av sprenglærde, empatiske, sjølvstendige og trygge lærarar.

Ikkje bakbind gode jordmødrer- og fedrar med grelle påbod gjennomført i PISA-panikk. Vi veit kva vi held på med ute i klasseromma, og dei komande lektorane våre som vi møter på lærarutdanningane er meir enn gode nok til å både ta over og utvikle den jobben som vi lett tilårskomne held på med. Gje dei òg tillit og handlingsrom.

Ein av dei kanskje viktigaste personane i utviklinga av norskfaget er og blir fyrsteamanuensis Laila Aase ved UiB, som døydde i 2022. I tekstane hennar, som framleis har ein sentral plass i faglitteraturen vår er det eitt omkved som går att: ta djerve val og ver modige. Då kan vi få eit aktivt og vitalt norskfag.

Om den fornya styringsiveren til politikarane bytter ut modige val med lojalitet til lister, og metodefridom med metodeplikt, frykter eg både for faget si framtid, lærarane sin arbeidsglød og elevane si fagglede.