Altfor ofte blir eksamen framstilt som ei tilfeldig og urettferdig kunnskapsprøve

Debatt: Eksamen er ei kunnskapsprøve. Men det er noko meir. Eksamen handlar om trening, om motivasjon og om evne til å gjennomføre, også under press.

Publisert

Det har vore unntakstilstand i skulen. Regjeringa har avlyst så godt som alle eksamenar i den vidaregåande skulen (og i grunnskulen). Før pandemien har det skjedd berre ein gong tidlegare at «examen artium» har blitt avlyst. Det var krigsvåren 1940!

Kunnskapsministeren har fått råd frå Utdanningsdirektoratet. Direktoratet la hovudvekta på at sluttvurderinga ville bli urettferdig og viste elles til fleire tekniske og praktiske problem både ved full og delvis gjennomføring av eksamen. Dei fleste fylkeskommunane støtta dette og verka fornøgde med at dei slapp å ta det praktiske ansvaret. Dei ville som vanleg ha billege og effektive løysingar. Det kan verke som eksamen blir sett på som eit heft.

Pandemien har vore ei klar stadfesting av kor viktig skulen er. Møtet mellom lærar og elev kan ikkje utan vidare erstattast av teknologi og fjernundervisning. Eitt er sikkert: Verken undervisninga eller læringa blir betre av at elevane går glipp av eksamen. Også lærarane taper verdien av den normerande effekten som ligg i nasjonale eksamenar.

LES: Norskeksamen på speed

Eksamen er ei kunnskapsprøve. Men det er noko meir. Eksamen handlar om trening, om motivasjon og om evne til å gjennomføre, også under press. For elevar som går i studieførebuande program, er eksamen opplagt ein del av studieførebuinga. Som studentar vil dei raskt finne ut at eksamen er ein del av utdanningsløpet i høgare utdanning. Utdanningsdirektoratet hevdar at slike element er lite relevante, mellom anna fordi størstedelen av vitnemålet er standpunktkarakterar. Dette er ei lissepasning til dei som tar til orde for å kvitte seg med eksamen.

Gjennom historia har det kome fleire angrep både på eksamen, karakterar og ordninga med studiekompetanse. Likevel har eksamen og karakterar vist seg motstandsdyktige. Statsråden står såleis i ein sterk tradisjon når ho seier at eksamen skal vidareførast. Heilt sidan universitetet overførte retten til å gjennomføre «examen artium» til gymnasa i 1884, har denne prøva vore grunnlaget for studium ved universitet og høgskular. Det har skjedd ei rekkje endringar og tilpassingar undervegs. Men framleis har vi ei ordning med generell studiekompetanse, i hovudsak basert på at eit studieførebuande program er gjennomført.

LES: Partssammensatt utvalg skal gjennomgå all vurdering i skolen

Sjølv om eksamensavlysinga er svakt grunngjeven, er det gode grunnar til å sette søkelyset på om vidaregåande skule forvaltar den studieførebuande rolla godt nok. Direktør i NOKUT, Kristin Vinje, har uttalt at mange elevar ikkje vil vere godt nok studieførebudde. Hennar løysing er at universiteta tilbyr «forkurs» (Aftenposten 30.1). Dette er ei naudløysing. Som normalordning, vil det klart svekke vidaregåande si rolle. Vinje refererer til ei studentundersøking i regi av NOKUT som viser at 60 prosent svarte, at dei ikkje var godt nok budde til akademiske studium.

Dette samsvarar godt med ei undersøking frå NIFU frå 2015 der også tilsette i høgare utdanning ga sine vurderingar. Her blei det mellom anna peika på at studentane hadde for lite trening både i å lese og skrive lange tekstar. Fagkunnskapane var ofte mangelfulle, og evna til kritisk refleksjon var for svak. I tillegg veit vi at mange studentar ikkje fullfører. Det kan sjå ut til at problema med svak gjennomføring og stort fråfall er eksporterte frå vidaregåande til høgare utdanning.

Det er ikkje opplagt at høgare utdanning kan forvente berre fiks ferdige studentar. Den vidaregåande skulen er for alle og skal dekkje mange oppgåver. Men manglane som er peika på ovanfor, må takast alvorleg. Dei må få konsekvensar både for innhald og arbeidsmåtar i dei studieførebuande/-spesialiserande utdanningsprogramma.

Meir enn ein tredjedel av alle studentar har spesielle opptakskrav (NOU 2018:15). Dette tyder på at generell studiekompetanse ikkje blir sett på som tilstrekkeleg grunnlag til å starte eit studium i høgare utdanning. Dersom desse institusjonane tek over sertifiseringa med eigne krav, eksamensliknande testar og forkurs, vil dette etter kvart rokke med sjølve formålet og mandatet til denne delen av vidaregåande opplæring. Knapt nokon er tent med ei slik utvikling. Lied-utvalet si innstilling konkluderte med at ordninga med generell studiekompetanse skulle vidareførast, og at det var nødvendig å klargjere og å styrke krava.

Altfor ofte blir eksamen framstilt som ei tilfeldig og urettferdig kunnskapsprøve, som nærast er for ei straff å rekne. Dette er og blir for lettvint. Av ein eller annan grunn skjer dette i større grad for dei studieførebuande faga enn for yrkesfaga. Det er knapt nokon som tar til orde for å avlyse fag- eller sveineprøver – enten det er pandemi eller ikkje.

Eksamen er avlyst for i år. Det viktigaste er no kva som skjer framover. Eksamensdebatten må vendast frå avlysingsdebatt og «heft» til ein debatt om korleis faginnhald, arbeidsmåtar og eksamensordningar best kan gi ein fagleg trygg overgang frå vidaregåande til høgare utdanning.

Powered by Labrador CMS