Politi utenfor Latinskolen i Malmö dagen etter angrepet der to kvinnelige lærere ble drept.

Svensk politi: – Lærarar får livsfarlege råd

Råda som svenske kommunar gir lærarar om agering ved vald, kan vere livsfarlege ved pågåande dødeleg vald, ifølgje svensk politi.

Publisert Sist oppdatert

Svært mange kommunale kriseplanar saknar råd om kva lærarane bør gjere under pågåande dødeleg vald. Det viser ein gjennomgang av planane som det svenske fagbladet «Läraren» har gjort. Dei konkluderar med at seks av ti svenske kommunar har for dårleg beredskap.

– Dei generelle råda om å handtere valdelege situasjonar handlar ofte om å gripe inn eller gå imellom. Dei kan vere direkte livsfarlege om det gjeld pågåande dødeleg vald, seier kommunepoliti i Malmø, Göran Holmgren, til bladet «Läraren».

Han får støtte av Jonas Eriksson ved Myndigheten for samfunnsbeskyttelse og beredskap.

– Vårt råd ved pågåande dødeleg vald er å rømme, søke beskyttelse og slå alarm, seier Eriksson.

Samstundes må ein tenkje fort. Det vanlege er at ein har mello 5 og 15 minutt på seg til å redde situasjonen, ifølgje ekspertane.

Les også: Bærumspolitikerne krever tiltak for å beskytte lærere mot vold og trusler

Kritisk

På under eitt år er fire svenske lærarar blitt angripe på jobb. I mars i år døde to lærarar ved ein vidaregående skole i Malmö då ein 18 år gamal elev gjekk til angrep bevæpna med øks og kniv.

Maria Rönn, nestleiar i svenske Lärarförbundet, seier ho er kritisk til at beredskapen er så dårleg i skolane. Ho meiner ein må innsjå at risikoen for dødeleg vald finst i skolen.

– Ein må ha beredskap for det, sjølv om andre typar vold skjer oftare, sier Rönn.

Les også: Vil vite hvorfor politianmeldelse ikke er et godt nok verktøy mot vold og trusler i skolen

Berre halvparten øver

Alle norske skolar og barnehagar er pålagde å ha planar for kva dei skal gjere om nokon går til angrep med kniv eller skytevåpen.

I ei undersøking frå Utdanningsdirektoratet i 2020 oppgav 90 prosent av dei spurde grunnskolane og 99 prosent av dei spurde videregående skolane at dei har ein beredskapsplan.

Men berre halvparten av skolane oppgav at dei faktisk har øvd på planane. Og berre 12 prosent av skolane opplyste at elevane er med under øvingane.

Powered by Labrador CMS