Små barn les med kroppen – og vi undervurderer det
Debatt: Når små barn les, bruker dei heile kroppen. Det bør få konsekvensar for korleis vi les i barnehagen.
Lesing for dei yngste handlar ikkje berre om språk. Når små barn les, bruker dei heile kroppen. Det bør få konsekvensar for korleis vi les i barnehagen.
Når vi snakkar om lesing i barnehagen, tenker mange på språk, ordforråd og forståing. Men for dei yngste barna er lesing noko meir – og noko anna. Dei les ikkje berre med auge og øyre, men med heile kroppen.
Interaktive bøker
I møte med interaktive bøker – bøker med klaffar, teksturar og rørsle – blir lesing ei fysisk erfaring. Barn tek på boka, dreg i element, peikar, ler og prøver seg fram. Lesinga skjer ikkje berre i hovudet, men i kroppen.
Dette utfordrar ei utbreidd forståing av kva lesing er. For barn mellom eitt og tre år er ikkje lesing først og fremst ein stille, konsentrert aktivitet. Det er ein utforskande, sanseleg og sosial praksis.
Forsking viser at denne typen deltaking ikkje er tilfeldig. Når barn får bruke kroppen i møte med bøker, skaper dei meining gjennom handling. Dei prøver, feilar, gjentar og utforskar. Dei er ikkje passive mottakarar av tekst, men aktive deltakarar i ein leseprosess.
Lesing – ein transaksjon mellom lesar og tekst
Den amerikanske litteraturteoretikaren Louise Rosenblatt (1904–2005) peika tidleg på at lesing er ein transaksjon mellom lesar og tekst. For dei yngste barna blir denne transaksjonen tydeleg kroppslig. Dei «les» gjennom å gjere noko med boka.
Samtidig viser observasjonar frå barnehage at vaksne ofte prøver å roe ned denne aktiviteten. Barn som dreg i klaffar eller tek på illustrasjonar, kan bli møtt med «no må vi sitte roleg» eller «vi skal berre lese ferdig først». Då risikerer vi å stoppe nettopp det som er kjernen i deira lesing.
Dette betyr ikkje at all lesing skal vere kaotisk eller utan struktur. Men det betyr at vi må utvide forståinga vår av kva ei god lesehending er. For dei yngste barna kan det å stoppe opp, gjenta, undersøke og leike med boka vere vel så viktig som å kome seg gjennom teksten.
Interaktive bøker er heller ikkje like. Nokre inviterer til utforsking og deltaking, medan andre styrer barnet meir i bestemte retningar. Det stiller krav til vaksne som vel bøker og les saman med barn.
Kroppen – ein del av lesekompetansen
Å lese med små barn handlar difor ikkje berre om kva bok vi vel, men om korleis vi les. Gir vi rom for deltaking? Følgjer vi barnets initiativ? Eller held vi fast ved ei vaksenstyrt forståing av kva lesing skal vere?
For barnehagelærarar får dette konkrete konsekvensar. Det handlar om å:
- akseptere uro som ein del av lesinga
- gi barna tid til å utforske boka
- vere med på det barnet gjer, i staden for å styre tilbake til teksten
- sjå kroppen som ein del av lesekompetansen
Når vi gjer dette, blir lesehendinga eit felles rom for utforsking. Vaksne og barn skaper meining saman i eit samspel mellom tekst, kropp og materiale.
Dersom vi held fast ved ei snever forståing av lesing som noko stille og språkleg, risikerer vi å undervurdere dei yngste barna. Vi overser kompetansen dei faktisk viser.
Å ta barns kroppslige lesing på alvor handlar ikkje om å senke krava, men om å forstå betre kva lesing er i tidleg barndom. Først då kan vi leggje til rette for gode leseerfaringar – på barnas eigne premissar.