Vi fryktar skrubbsår – og let elevane våre drukne i algoritmar
Debatt: Motivasjonen går ned, stillesittinga går opp, og skjermen har blitt ein konkurrent skulen aldri kan vinne over. Stadig fleire elevar finn ikkje sin plass i skulekvardagen.
Vi er lærarar og skuleleiarar frå tre skular i Sogn og Fjordane, og vi trur vi veit noko av grunnen og svaret. Gjennom fysisk aktiv læring (FAL) har vi teke bevegelse, leik og samarbeid inn i dei teoretiske faga.
Vi ser at det skapar meistring, motivasjon og fellesskap for fleire elevar enn før. Men for å lukkast treng vi at heile skulen, lærarutdanningane og politikarane rører seg i same retning.
Ein skule for Emil – og tvillingsøstera hans
Tenk deg Emil i Lønneberget som niåring i ein norsk skule i dag. Han sit ved pulten sin. Det er tredje time. Han har allereie vore inne i to timar og det er endå lenge til friminutt. Han vrir seg, trommar fingrane, ser ut av vindauget. Læraren ber han fokusere. Han prøver. Han klarer det ikkje lenge. Han er ikkje slem. Han er ikkje lat. Han er berre ein gut med ein kropp som ikkje har fått bevege seg, i hans verden, på lenge.
I Astrid Lindgren si verd blei Emil oppfatta som sjarmerande, kreativ og smått rampete. Ein gut dei fleste kunne kjenne seg igjen i. I dag trur vi han ville blitt møtt med utgreiingar, tiltaksplanar og kanskje ein diagnose. For Emil passar ikkje inn i eit system bygd på stillesitting, skjermtid og teoretisk arbeid frå tidleg morgon til sein ettermiddag.
Emil er ikkje åleine ved den pulten. Ved sida av han sit syster hans. La oss kalle ho Maja. Ho sit stille. Ho gjer det ho får beskjed om. Ho blir ikkje sendt til rektor. Men ho trivst heller ikkje særleg godt. Ho saknar bevegelse, kreativitet, leik og fellesskap. Ho kjenner at skulen er ein stad ho må overleve, snarare enn å leve. Ho er flink til å skjule det. Norsk skule har mange Emilar og mange Majaer. Likevel verkar systemet lite eigna for nokre av dei.
Vi har pakka barn og unge i bomull
Sidan 1980-talet har vi, med dei beste intensjonar, gradvis innskrenka barna sine mogelegheiter til å utforske verda på eigne premiss. Vi har fjerna farlege leikeapparat, innført reglar i leik, bygd gjerder og innført vaksentilsyn der det før var fridom. Kan det vere at ein overbeskytta barndom har ført til at våre barn og unge har mista arenaene der dei lærte å beherske kroppane sine, handtere risiko, konflikt og nederlag på eiga hand?
Vi møter oss sjølve i døra. Skule og foreldre let ikkje Emil og Maja leike utan vaksentilsyn. Vi har likevel akseptert ein kvardag der dei same barna har meir eller mindre tilsynsfri tilgang til sosiale medium og spel, styrte av teknologigigantar som held dei fanga i algoritmar. Vi har beskytta dei mot skrubbsår og konfliktar på løkka, og overlate dei til risikoar i det digitale rommet vi knapt forstår sjølve. Det er lite logikk i korleis vi som samfunn tenkjer om barn sin tryggleik og fridom.
Ifølge Ungdata (2024) er det stort sannsyn for at ein typisk norsk skuleelev i dag sit for mykje på skjerm, ofte åleine. Og, at hen får for lite søvn. Korleis trur vi då at konsentrasjonen og læringskapasiteten er når elevane stiller i klasserommet om morgonen? «Ungdomsmeldinga» (St.mld.34) peikar på at norske barn og unge er blant dei som brukar mest skjerm i verda. Kunnskapsgrunnlaget viser harde fakta. Skjermbruken gjer barn meir utsette for kroppspress, mobbing, rus og skadeleg innhald, svekka konsentrasjon og læringsevne, redusert søvn og fysisk aktivitet.
Lærarar melder om at elevar ikkje handterer å gå i ulendt terreng, og vert redde når dei opplever å få høg puls. Hjartet og kroppen er musklar som treng mykje øving i barne og ungdomsåra. På nett same måte som at hjernen i oppveksten treng stimuli gjennom læring for god kognitiv utvikling. Vi har ubalanse i synet på kva som er heilskapleg læring og utvikling. Gullalderen for motorisk og kroppsleg læring er hemma av teoriorientert skulesystem og ei fritid med for høg skjermbruk.
Gutane betaler den høgaste prisen
For oss ser det ut til at gutar har fått mindre rom til å vere gutar. Statistikken er brutal: gutar får oftare spesialundervisning, presterer svakare fagleg, fullfører vidaregåande sjeldnare og taper terreng i høgare utdanning. Vi veit at dette får livslange konsekvensar for utdanning, arbeid og deltaking i samfunn og demokrati. Dette er noko den offentlege utreiinga mannsutvalet hadde stort fokus på: livet er ikkje like rosenraudt for alle gutar i skulen.
Kanskje må vi våge å spørje om vår iver etter å beskytte og strukturere, har skapt eit skulesystem som systematisk «sviktar» Emil og fleirtalet av gutane. Ikkje av vond vilje, men fordi vi ikkje har teke deira læringsbehov på tilstrekkeleg alvor.
Samstundes er det viktig å presisere at dette ikkje berre handlar om gutane. Maja sit stille og gjer som ho får beskjed om, og blir derfor usynleg i debatten. Men ho treng òg bevegelse, leik og variasjon. Ho treng òg ein skulekvardag der heile ho får plass, ikkje berre den delen av henne som kan sitte stille og produsere rette svar. Jenter er flinkare til å tilpasse seg eit system som ikkje passar dei, og det gjer det vanskelegare å sjå at også dei tapar noko vesentleg i ein stillesittande skulekvardag.
Fysisk Aktiv Læring (FAL) – eit svar Emil og Maja begge fortener
Vi er lærarar og skuleleiarar frå tre skular i Sogn og Fjordane som dei siste åra har jobba systematisk med FAL i samarbeid med forskarar ved Høgskulen på Vestlandet. FAL handlar ikkje om å gjere skulen til ein gymsal. Det handlar om å integrere bevegelse og aktivitet i den faglege undervisninga. For dei yngste elevane kan FAL vere så enkelt som ein fangeleik der elevane lagar geometriske figurar med kroppane sine for å bli fri. For nokon er dette kanskje ein heilt alminneleg leik. For andre er det stor verdi i å få springe rundt, ta på kvarandre, samarbeide og bruke kroppen sin til å hugse på. For eldre elevar kan læring av statistikk skje med hoppetau og teljing av hopp i ein periode. Tal hopp gir grunnlag for mange varierte data og reknemåtar i vidare læring i bruk av rekneark. Eleven får brukt heile seg i innlæringa, samtidig som det blir variasjon og tilpassa opplæring for den enkelte.
Og vi har sett kva som skjer. Elevar som tidlegare sat og venta på at timen skulle ta slutt, finn plutseleg sin plass når undervisninga i større grad er aktiv, praktisk og variert. Gutar som var på veg ut av fellesskapet, kjem tilbake. Jenter som alltid var «flinke nok», blomstrar på nye måtar når læring skjer i bevegelse og samarbeid. Meistring kjem i fleire former. Fellesskapet vert sterkare.
Det vi ser i klasseromma våre, er i tråd med det forsking har vist i fleire tiår: fysisk aktivitet styrkar konsentrasjon, motivasjon og læringskapasitet. Vi treng ikkje vente på fleire bevis. Vi treng handling. Og det gjer vi no. Ofte kan FAL sjå kaotisk ut. Støy, vandring, latter og prat er nokre kjenneteikn. Dette er ofte ikkje det ein tradisjonelt sett ynskjer i eit klasserom. Likevel er det viktig at ein torer å sleppe laus aktiviteten, og at ein vågar å gje slepp på fordommane ein kanskje har mot til litt kaos, bråk, og uro. For det er nettopp i slike arenaer at elevane får utfalde seg, øve på samarbeid og konfliktløysing, lytte til andre sine meiningar og lære av og med andre. Opnar vi ikkje klasserommet og gir elevane moglegheita til å delta i slike «urolege» aktivitetar, tek vi frå dei moglegheita til å stå på eigne bein i samarbeid og konfliktløysing. I ein generelt overbeskytta barndom kan FAL vere ein arena der borna kjem i møte med arenaer der dei får verdifull sosial læring i tillegg til det faglege.
Erfaringa på våre tre heilt ulike skular viser at det er mogeleg å arbeide med FAL. Hjå oss er det ein integrert del av vår pedagogiske kultur ved at heile kollegiet eig og praktiserer klasseleiing i alle fag. Vår felles erfaring er så god at vi håpar at fleire elevar og lærarar får ta del. I våre auge er FAL i tråd med ei «barnets beste vurdering», og bør av den grunn åleine bli eit prosjekt for fleire enn berre spesielt engasjerte eldsjeler ute i skuleverket. Det krev at lærarutdanningane gjev framtidige lærarar verktøya dei treng. Det krev at skuleleiarar prioriterer og legg til rette. Og det krev at politikarar vågar å prioritere det som faktisk verkar, ikkje berre det som lett let seg måle. For til sjuande og sist handlar dette om noko enkelt: Kva slags skulekvardag og heilskapleg læringskvalitet vil vi gi Emil og Maja i den 10-årige grunnskulen?
Emil i Lønneberget hadde truleg trivst godt i eit klasserom der kroppen fekk vere med. Det er vi sikre på at og gjeld for Maja. Det burde ikkje vere for mykje å be om for dei, og alle dei andre elevane, som i dag sit stille og ventar på at skulen skal gje dei plass.
Vi som arbeider ute i skulen må vere modige med å ta det første steget for å skape første rørsle for at systemet skal følgje etter oss.