Likestillingskampen er ikkje over. Ein verdig alderdom er også ein kvinnekamp!

Debatt: Ein ting er sikkert, ordningar i arbeidslivet knytt til det å gå inn i ein verdig alderdom med god pensjon er ikkje tilpassa kvinner og kvinners arbeidshelse.

Publisert Sist oppdatert

Arbeidslivets ordningar er tilpassa menn. Menn med dress, skjorte og fancy dokumentmappe. Menn som tenar godt, har fleksibel arbeidstid på hytta, trening, walk and talk- og lunsjmøter innlagt i arbeidstida. Denne gruppa av menn har inga redsel for å gå inn i alderdommen som fattige uføre eller minstepensjonistar. Den bekymringa er overlate til kvinner i kvinnedominerte yrker.

Kvinneandelen i offentleg sektor er høg, i grunnskulen er 74% av dei tilsette kvinner, i barnehagesektoren er kvinneandelen 89%. (SSB tal 2024)

Høgt sjukefråvær og fleire uføre

Kvinner har høgare sjukefråvær enn menn og det er fleire uføre kvinner enn menn. Det handlar om kvinnearbeidshelse og lite systemisk vilje til å legge til rette for ei god arbeidshelse for kvinner i ulike livsfasar.

Er vi komne der som samfunn at vi har akseptert at ein god del kvinner trer ut av yrkeslivet gjennom uførheit?

Har vi akseptert at ordningar innrettast slik at som ufør mister ein retten til både AFP og slitarordning?

Aksepterer vi stillteiande at kvinner som ikkje har helsa i behald møter alderdommen som fattige? Eller kan det hende vi må sjå på andre tiltak for tilsette i kvinnedominerte yrker enn elles i arbeidslivet. Tiltak som både kan gje enkeltindividet gunstig helsemessig og økonomisk gevinst, men også ein gevinst for samfunnet som skrik etter arbeidskraft.

Nedsett kvinnehelse kostar

Nedsett kvinnehelse kostar samfunnet 59 milliardar kroner årleg  og dermed skulle ein tru det var ei opplagt sak å sette i verk tiltak som monnar for at kvinner skal ha helse som gjere til at ein kan stå lengst mogleg i jobb. I NOU 2025: 5 Kvinners arbeidshelse kunnskap og tiltak legg kvinnearbeidshelseutvalget fram 47 tiltak som kan bidra til betre arbeidshelse, redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet for kvinner. Her er heilt klart mange gode tiltak som kan vere med å gje kunnskap og setje fokus på arbeidslivets tilpassingar til god arbeidshelse for kvinner.

Det er viktig, men det kan også hende at det aller enklaste og mest effektfulle tiltaket hadde vore å sikra god nok bemanning i desse yrka. Slik at det var rom for den fleksibiliteten som trengs i ulike fasar i livet.

Likelønnsdagen

19. november markerer vi likelønnsdagen her til lands. Dagen markerer lønsgapet mellom kvinner og menn. Enkelt sagt så stoppar kvinner si inntekt 19. november medan menn får pengar rullande inn på konto året ut.

Om lag dobbelt så mange menn som kvinner startar uttak av alderspensjon ved alder 62-66 år. Ein del av forklaringa på dette er at menn har tilstrekkeleg med opptening til å kunna starta uttak av alderspensjon i dette tidsintervallet. I tillegg er ein større andel kvinner allereie mottakarar av uføretrygd eller offentleg tidlegpensjon. (NOU 2025: 5, s. 51)

Uverdig alderdom

Som tillitsvald i ein kvinnedominert sektor ser eg at vi risikerer at kvinner går inn i ein uverdig alderdom fordi arbeidslivet ikkje er tilpassa kvinner si arbeidshelse. I min eigen sektor, barnehagesektoren, er avgangsalderen lav og det finst ikkje fnugg av livsfase- eller seniortiltak. Om du er 25 år med småbarn eller om du er 60 år med det kropp og helse har å tilby, så er arbeidets art akkurat den same. Våre medlemmer melder at du må gje det du har frå du kjem på jobb til du går heim, elles er det i grunn ikkje bruk for deg. Tilsette slit seg ut, og arbeidsmiljølovens intensjon om eit helsefremjande arbeidsmiljø vert vanskeleg å realisere.

Korleis skal vi så løyse dette?

Tiltak for regjeringa

Tenk om regjeringa hadde våga å førehandsforskotere 5,7 milliardar av dei 59 milliardane som nedsett kvinnearbeidshelse kostar og prøvd ut modellen for auka bemanning i barnehage som Utdanningsforbundet har skissert?

Tenk om regjeringa hadde våga å finansiere gode nasjonale livsfasetiltak i kvinnedominerte yrker?

Tenk om regjeringa kunne ha slutta å tenke kostnad her og no, og heller våga å tenke framtidig gevinst av god bemanning slik at kvinner har moglegheit til å stå lenger i jobb?

Tenk om…

regjeringa kunne slutte å tenke og begynne å handle.