Digital kommunikasjon er sjeldan nøkkelen til eit godt barnehagetilbod
Eg er uroa for kva vi kan miste dersom både tilsette og foreldre i barnehagen blir så opptatt av digital kommunikasjon at vi nesten ikkje snakkar saman lenger.
PublisertSist oppdatert
Annonse
Anita Holm Cirotzki
er barnehagelærer, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder i kontaktforum for barnehage.
Kvar veke
fløymer det ut digital informasjon til norske barnehageforeldre. Nokre foreldre
irriterer seg over stadige varsel på telefonen, andre er nesten umettelege på
informasjon. Det er mykje positivt med teknologi. I dag kan til dømes oppmøte,
fridagar, planar og påminningar registrerast digitalt. Digital informasjon og
kommunikasjon kan gje nyttig informasjon mellom barnehage og heim, men kan det
også føre til eit dårlegare foreldresamarbeid?
Annonse
Meir service
enn pedagogisk tilbod
Annonse
Eg er uroa for
kva ein kan miste dersom ein let det digitale i stor grad erstatte samhandlinga
mellom tilsette og foreldre, og særleg dersom det blir den rutineprega
informasjonen som dominerer. I ytste konsekvens kan ei slik utvikling bidra til
å endre synet på kva ein barnehage skal vere, at det vert meir ein
serviceinstitusjon enn eit pedagogisk tilbod for barn.
Digital
kommunikasjon er prega av korte beskjedar, han fangar ikkje opp sinnsstemning
eller kroppsspråk. Han inviterer ikkje til andre tema enn akkurat det som blir
etterspurt. Registrering av bleieskift, søvn og matinntak kan sjølvsagt vere
nyttig informasjon, men vil ikkje spegle kvardagen til barnet.
Det er lett å
undervurdere samtala i garderoben, den som kan bidra til å byggje relasjonar
mellom foreldre, barn og tilsette. Å vite kva heimen er opptatt av, og få
kjennskap til små og store hendingar i barnet sitt liv, er viktig for å møte
barnet på best mogleg måte. Den informasjonen som barnehagen får gjennom desse
korte samtalene, kan vere gull verd. Også foreldre vil gå glipp av mykje dersom
det meste av kommunikasjon skjer digitalt.
Eit
faresignal
Eg er trygg på
at menneskeleg dialog framleis er viktig for foreldre og tilsette, men eg
høyrer også historier som vitnar om det motsette. Det er eit faresignal dersom
både tilsette og foreldre blir så opptatt av det digitale at vi nedprioriterer
menneskeleg relasjon og dialog.
Det vil foreldre, tilsette og ikkje minst
barnet kunne tape på. Kvaliteten på barnehagetilbodet ligg sjeldan i dei
digitale tala eller i den informasjonen som blir plotta inn i digitale system.
Kvaliteten på tilbodet erfarer du best i møte med andre menneske.
Mari, også kjent som BokstavMari, er lærer og forfatter med særlig interesse for tidlig skriving i begynner-
opplæringen. Hun arbeider med opp-
dagende og meningsfull skriving og er opptatt av en balansert bruk av digitale og analoge verktøy.
Kenneth Bareksten
Kenneth er lektor i Osloskolen med en videreutd. i spesialpedagogikk. Bakgrunn som håndverker, men hoppet av og tok en master på Universitetet i Oslo i britisk poesi fra barokken. Opptatt av inkludering, språklige ferdigheter og ansvarlig bruk av teknologi i skolen. Han har gitt ut to bøker og driver Laererliv.no.
Kjersti Eggen Dahl
Kjersti har lektor-
utdanning og PhD i utdanningsvitenskap fra NTNU. Hun er førsteamanuensis i samfunnsfag ved samme universitet og er særlig opptatt av demokrati-
utdanning, unges samfunnsengasjement og klasserom med livlige diskusjoner.
Ola Buxrud
er familiemann, ved-entusiast og lektor i videregående skole i Oslo. På Utdanningsnytt skriver han primært om videregående opplæring.
Anita Holm Cirotzki
er barnehagelærer, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder i kontaktforum for barnehage. Hun er også fast spaltist i Første Steg.
Ingeborg Lovise Tyse
er fra Randaberg i Rogaland og har undervist på videregående siden 2004. Hun er sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder yrkesfaglig forum. Hun er også fast spaltist i Yrke.