ensom
mobbing
alene
utestengt

Såg eg klassen, eller den enkelte elev?

Debatt: Sjølv om eg er pensjonist, hender det at tanken sviva om skulen og utviklinga der. Eg får av og til inntrykk av at skulen blir rekna som ein «fabrikk» som skal produsera.

Publisert Sist oppdatert

Men skulen er jo ein institusjon som skal leggja til rette for læring. Eg ser for meg skulesystemet i ein kommune som ein tre-trinns rakett. 

Der oppdelinga blir:

1. trinn: Skulekontoret med sin stab, 2. trinn: Rektorkontoret med sin stab, og 3. trinn: Personalet som er i klasserommet.

I ein 3. tre-trinns rakett, er det 3. trinn som er viktigast og som skal gjennomføra oppgåva til raketten. 1. og 2. trinn skal få 3. trinn «i bane i rommet».

1. og 2. trinn er slik viktige for å leggja til rette for dei som er i 3. trinn. Dei skal kunna gjennomføra skuledagane til beste for elevane.

Det som er skulen si oppgåve er å utvikla elevane i: Danning og utdanning som til saman er kunnskap. Etter mitt syn er danning vel så viktig som utdanning. I danninga ligg fellesskap, omsorg og samarbeid. Det vil gi eitt godt læringsmiljø.

Eitt kinesisk ord tak seier: «Visdom er meir enn gull, viten er meir enn sølv». Det viserer også at danning er viktigast. Det er også sagt at ein analfabet kan ha større visdom, enn ein professor sjølv om han/ho har høg utdanning.

Eg har ikkje tenkt så mykje på om eg hadde gode nok opplegg i undervisinga. Det som eg har brukt tanken på, er om eg såg klassen, eller om eg såg den enkelte elev. At det er det eg har tenkt på, trur eg kjem av at eg er med som frivillig i Kirkens SOS. Der får me høyra om mange skjebner. Det som grip meg mest, er dei som seier at dei ikkje fekk omsorg som barn og som også kunne bli mishandla og misbrukt.

Dei sit igjen med dårleg sjølbilete og meinar dei ikkje har nokon verdi. Mange av dei tenkjer på å avslutta livet. Når eg spør om kva det er som gjer at dei har halde ut i så mange år, svarar fleire: «Eg møtte ein person som såg meg!» Det kunne vera ein klubbleiar eller ein lærar.

Alle testar som skulen er pålagt, reddar ikkje liv. Testane kan vera med på å stadfesta elevane sitt dårlege sjølvbilete. Det at eleven blir sett kan redda liv.

Det er tankar ein pensjonist til tider grublar over.

Powered by Labrador CMS