Det er ofte feil i verktøy som omset frå bokmål til nynorsk

Språkrådet har testa digitale omsetjingsverktøy frå bokmål til nynorsk. Det er språklege feil i over ein tredel av setningane.

Publisert

Feila som oppstår er av alle slag, og alle dei testa verktøya produserer grunne omsetjingar ord for ord. Sjølv om mange setningar er godt omsette og over halvparten er akseptable, krev minst éi av tre omsette setningar retting eller omarbeiding.

Det kjem fram i rapporten «Frå bokmål til nynorsk – evaluering av maskinomsetjingsverktøy».

Bakgrunnen for undersøkinga er at språklova krev at sentrale statsorgan vekslar mellom bokmål og nynorsk, og at språket skal vere både korrekt og klårt.

Undersøkinga omfatta tre regelbaserte verktøy – Apertium, Nynorskoversetteren og Nynorskroboten – samt dei kunstig intelligens-baserte løysingane Copilot, ChatGPT og ein KI-støtta variant av Nynorskroboten. Begge kategoriane kjem nokså likt ut i granskinga, sjølv om dei regelbaserte systema har kvalitetar som ikkje vart nærare undersøkte.

Verktøya vart brukte til å omsetja ei rekkje utdrag frå autentiske dokument frå offentleg forvaltning, fyrst og fremst lovtekst, NOU-tekst, planar og rettleiingar.

Tre språkkonsulentar evaluerte omsetjingane. Dei fekk presentert eit tilfeldig utval av omsette enkeltsetningar og vurderte omsetjingane i tre dimensjonar:

  • rettskriving (formelt rett eller gale)

  • informasjonsoverføring (presis eller upresis omsetjing)

  • flyt (godt eller dårleg språk elles)