Fleire bøker inn i skulen
Debatt: – Den internasjonale dagen for utdanning 24. januar minner oss om at vi må arbeide for meir og betre læring i skulen.
Laurdag 24. januar blir den internasjonale dagen for utdanning markert. I år blir rolla til unge i utviklinga av utdanning løfta fram. Det minner oss om kor avgjerande unge sine stemmer er for framtidas skule, både i Noreg og ute i verda.
Tryggleik for barn og unge
Når verda blir meir uroleg, blir tryggleik for utdanning eit grunnleggjande spørsmål. Krig og konflikt tek frå millionar av barn moglegheita til å gå på skulen. Lærarar og elevar blir utsette for truslar, skular blir mål i konflikt, og mange unge mistar framtidshåpet før livet eigentleg har starta.
I Noreg står vi i ein heilt annan situasjon. Her kan barn og unge gå trygt til skulen kvar dag. Det er eit stort privilegium og eit stort ansvar. For tryggleik handlar ikkje berre om fråvær av krig. Det handlar om at alle barn skal få lære, delta og utvikle seg i eit samfunn som trur på dei. Det er nettopp dette Arbeidarparti-regjeringa sin plan for Noreg byggjer på: Tryggleik for barn og unge.
Leseløftet blir viktig i 2026
I Noreg skal ikkje bakgrunn eller bustad avgjere kva moglegheiter du har. Difor arbeider regjeringa for å snu utviklinga i skuleresultat, styrkje dei grunnleggjande ferdigheitene og gi elevar ein meir praktisk og variert skulekvardag. Lesing, skriving og rekning skal igjen vere solide byggjeklossar i læringa. Med Leseløftet i 2026 får skulane fleire bøker, styrkt lese- og skriveopplæring og meir tid til konsentrasjon og mindre skjerm. Målet er enkelt: Norske elevar skal igjen bli blant dei fremste lesarane i verda, og lesing skal gi både læring og leselyst.
Arbeidet med tryggleik handlar òg om dei unge som i dag står utanfor. Over 100.000 unge er utanfor arbeid og utdanning. Regjeringa sitt Ungdomsløftet skal bidra til at fleire kjem inn i arbeidserfaring, utdanning eller oppfølging. Ingen ung skal oppleve å falle frå før livet er skikkeleg i gang.
Mobilen ut av klasserommet
Tryggleik handlar òg om kvardagen på mobilen. Barn og unge skal ha ein trygg digital oppvekst. Difor arbeider regjeringa for betre skjermbalanse, tydelegare råd til foreldre og skular og regulering av tekgigantar som i dag påverkar barnas liv utan at vi kan ha full kontroll. Det er ein viktig del av det å vere trygg også i ein norsk skulekvardag.
Når FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon (UNESCO) i år løfter fram ungdommens rolle i å skape framtidas utdanning, er det ei påminning om at politikarar, lærarar og samfunnet rundt må lytte. Barn og unge veit kva som fungerer og kva som ikkje gjer det. Dei veit korleis skulen kan styrkje fellesskap, meistring og motivasjon. Dei veit korleis digitaliseringa påverkar konsentrasjonen. Og dei veit kva som trengst for at utdanning skal gi tryggleik, ikkje stress.
Difor håpar eg mange unge vil engasjere seg i markeringa av den internasjonale dagen for utdanning. Meiningane dine om skulen i Noreg betyr noko for framtida til barna og elevane våre.
I ei verd som blir meir uroleg, skal Noreg vere eit land der barn og unge er trygge. Eit land der skulen gir moglegheiter, meistring og håp. Eit land som løfter blikket og som står opp for alle unge sin rett til utdanning, både heime og globalt.
Ein god skule gir tryggleik for framtida. Difor skal vi i Noreg lære meir og lære betre i skulen.