Dansk skole prøver ut firedagars skoleveke

Aalborg Katedralskole vil neste skoleår ha 13 firedagars skoleveker, og 24 normale veker.

Publisert

Med unntak av eksamenstida vil det aldri vere meir enn tre femdagasveker i rad ved skolen. Dette får skolen til ved å knipe inn på andre fridagar. Sommarferien og juleferien blir korta ned, og skolen er i drift på grunnlovsdagen 5.juni. Det er bladet Gymnasieskolen.dk som melder dette.

Både lærarane og elevane har vore med på å diskutere fram tiltaket. Men ideen kjem frå rektor Christian Warming. Han argumenterer framfor alt med at det er eit tungt press på elevane. Håpet er at det skal bli lettare om arbeidet blir spreidd litt meir ut over tid.

Og i bladet argumenterer tillitsvald for lærarane, Martin Graverholt, om lag på same viset for lærarane sin del. Arbeidsbøra er stor i periodar, samstundes med at ikkje all ferie er like velplassert.

Men da rektor ville kutte frå påskeferien sa lærarane nei. Påskeferien ville dei ikkje kutte i. Skolen er heilt lukka på dei omplasserte fridagane.

– Lærarne kan velje å rette oppgåver, ikkje gjere noe arbeid eller reise til Paris. Det legg eg meg ikkje oppi, seier Warning.

Stadig fleire arbeidsplassar, også kommunar, har dei siste åra gjort forsøk med at dei tilsette fordeler arbeidstida på 37,5 timar på fire dagar i veka, ikkje på fem.

Powered by Labrador CMS