Barnehagelærarar er avgjerande for kvaliteten i barnehagen
Mykje av arbeidet til barnehagelærarane er lite synleg. Derfor må vi snakke meir om kvifor denne utdanninga er viktig for barna.
Eg er
barnehagelærar og er stolt av utdanninga mi, men nokre gonger kan eg oppleve at
yrket vert oppfatta som mindre viktig. Kanskje handlar det om manglande
kunnskap om barnehagelærarkompetansen og kva rolla inneber. Kanskje er det
manglande kunnskap om rolla som får nokre politikarar til å snakke om at det
ikkje er så viktig med barnehagelærarutdanning eller barnehagelærarnorm.
Slike
uttaler får kampviljen fram i meg. Ikkje berre for min eigen del, men aller
mest for barna.
Barnehagen er ikkje barnepass eller oppbevaring, men eit
pedagogisk tilbod. Då krevst det pedagogisk kompetanse. Normene skal sikre at
barnehagen har eit minimum av den barnehagelærarkompetansen som trengst for at
barna skal ha eit tilbod av høg kvalitet.
Anita Holm Cirotzki
er barnehagelærer, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder i kontaktforum for barnehage.
Har brei
kompetanse
Barnehagelæraren
har brei kompetanse om utviklinga, veremåten og kommunikasjonsformene til barn.
I møte med andre menneske gjer vi oss refleksjonar, vi vurderer, observerer og
gjer val for å støtte barnet i utviklinga deira.
Vi veit at læring skjer i alle
situasjonar. Vi veit kor viktig det er å leggje til rette for gode leikemiljø,
og korleis leiken utviklar motoriske, sosiale, språklege og kognitive
ferdigheiter.
Vi har også ansvar for å leie, planleggje, gjennomføre, vurdere
og utvikle det pedagogiske arbeidet, skal følgje opp foreldresamarbeid,
samarbeide med barnevern, helsestasjon og PPT, for å nemne noko. Lista er
nesten utømmeleg.
Må snakke om
utdanninga
«Barnehagelærere
er den profesjonen som utdannes spesielt for å kunne vareta barnehagens
oppgåver. Barnehagelærernes ulike roller og pedagogiske praksis er derfor
avgjerande for kvaliteten i barnehagen», står det i Barnehagelærerrapporten
(2018, s. 26).
Barnehagelærarkompetansen
er som ein skjult skatt vi held for oss sjølv, for mykje av arbeidet vårt er
lite synleg. Derfor må vi snakke meir om kvifor denne utdanninga er viktig for
barna, og kvifor ho må bli prioritert høgare.
Det betyr ikkje at andre tilsette
ikkje er viktige, men barnehagelærarutdanninga er spesialdesigna til å vareta
oppdraget i rammeplanen. Derfor er ho avgjerande for kvaliteten i barnehagen.
Innlegget har òg vore publisert i Første Steg nr. 1/2025