Velkommen på bana, Steffen Handal!
Debatt: Steffen Handal kjem på bana altfor seint, no ber me om at han og Utdanningsforbundet syter for at lærarane får eit lovverk å arbeida etter som er slik at læraren får vera den vaksne som har det endelege ordet i klasserommet når det er nødvendig.
I Bergens Tidende 27. juni har leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal eit debattinnlegg under tittelen "Hva er krenkelser i skolen? ". Bakgrunnen er endringane i Opplæringslova i 2017 om elevane sitt skulemiljø. Her vart det innført ei skjerpa aktivitetsplikt for skulen ved mistanke om at ein som arbeider i skulen krenka ein elev.
Alle skal ha det trygt på skulen, men dette må gjelda både elevar og vaksne tilsette. Ein konsekvens av desse endringane har nemleg vore at i ein konfliktsituasjon har eleven si subjektive oppleving vorte lagt til grunn. Læraren har ikkje fått kome med sin versjon av saka, og i mange tilfelle har dette ført til munnleg og skriftleg tilrettevising av læraren, trugsmål om oppseiing og i somme tilfelle har læraren vorte oppsagt.
I Alver kommune har det no i fire år versert to slike saker som har fått brei dekning i media. Ei sak enda med tilrettevising, ei sak med sluttpakke med trugsmål om oppseiing. Ei støttegruppe for dei to lærarane har etter mykje kamp fått kontrollutvalet i kommunen til å oppretta ei gransking, som enda med knusande kritikk av den kommunale sakshandsaminga. Etter dette har kommunestyret uttrykt sterk kritikk av kommunedirektøren, som no må gå.
Utdanningsforbundet si rolle i desse sakene er svak, for ikkje å seia fråverande, noko som førde til ei skriftleg orsaking frå forbundet lokalt til dei to lærarane no i etterkant.
Kvar har Utdanningsforbundet vore i desse fire åra Steffen Handal ?
Rundt i heile landet har det i åra sidan 2017 kome meldingar om lærarar som føler seg utrygge på arbeidsplassen i konfliktsituasjonar med elevar, lærarar som opplever manglande rettstryggleik og lærarar som har gått gjennom både rettssaker og fått oppseiing på grunn av måten endringane i Opplæringslova er tolka på.
Ein skulle tru at den største fagforeinga til lærarane sto last og brast med lærarar som opplevde dette, og ein skulle tru at fagforeininga var den som sto i fremste rekkje for å kjempa for endringar i lova som gav læraren like gode rettar som eleven. Når Opplæringslova §9a seier "lytt til eleven", så burde den same lova også ha ein §9b som sa "lytt til læraren" ! No er nemleg lærarar over heile landet livredde for å gjera noko som ein elev kan oppfatta som krenkande. Då er hundre og eitt ute!
Utdanningsdirektoratet kom alt i 2017 med retningslinjer om korleis denne lovendringa skulle tolkast. Der vert det slått fast at det ikkje er eleven si subjektive oppfatning som avgjer om ein lærar eller annan tilsett skal ha krenka ein elev.
Truleg har verken skuleleiarar eller Steffen Handal fått med seg dette. Hadde konfliktar i skulen vorte handsama i tråd med desse retningslinjene, kunne truleg mange lærarar sluppe den traumatiske opplevinga av å verta mistrudd og mistolka, med alle dei tragiske konsekvensane dette har fått.
Steffen Handal kjem på bana altfor seint, no ber me om at han og Utdanningsforbundet syter for at lærarane får eit lovverk å arbeida etter som er slik at læraren får vera den vaksne som har det endelege ordet i klasserommet når det er nødvendig.