lærling
lærebedrift

Dei fleste kvalifiserte søkjarane vil få læreplass

Det er svaret Utdanningsdirektoratet har fått på spørsmål til fylkeskommunane om tilgangen på læreplassar.

Publisert Sist oppdatert

Åtte fylkeskommunar meinte, da dei vart spurt i vår, at det passar særs godt å seie at dei fleste kvalifiserte søkjarane ville få læreplass. To fylkeskommunar meinte det passa godt. Det er NIFU, Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning, som har gjort undersøkinga på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

Tala tyder på ei betring frå situasjonen i fjor. Men  undersøkjingane dei siste to åra har vore litt ulikt utforma og kan difor ikkje kan samanliknas direkte.

Tre fylkeskommunar trekk likevel fram uro over manglande tilbod til elevar som har dei formelle kvalifikasjonane til å få læreplass, men som likevel, av ulike individuelle grunnar, ikkje er budde på overgangen til arbeidslivet. Fylkeskommunen har læreplassane, men ikkje dei «riktige» søkjarane, heiter det i rapporten. Dette er også kome fram i andre samanhengar.

Sju fylkeskommunar seier likevel at det kan bli vanskeleg å skaffe læreplassar i somme fag. Det er, som i fjor, helse- og oppvekstfaga og elektrikarfaget.

Fire fylkeskommunar trekk fram at det er vanskeleg å finne læreplassar i dei nye fagbrevområda IT-utvikling, IT-drift og medieproduksjon.

Les heile rapporten "Spørsmål til Skole-Norge" her

Powered by Labrador CMS