Eg høyrer altfor ofte om barnehagar som liknar meir på barnepass enn på eit pedagogisk tilbod.
Publisert
Annonse
Bemanninga er låg, og vikarar er mangelvare.
Barnehagelærarane får ikkje teke ut planleggingstida, som er essensielt for det
pedagogiske tilbodet, og aktivitetar blir oftare avlyste enn gjennomførte.
Utdanningsdirektoratet meiner dette kan vere teikn på at bemanninga ikkje er
tilstrekkeleg til å drive eit pedagogisk tilbod.
Annonse
Eg meiner det òg er eit teikn
på at politikarane ikkje tek ansvar for ein situasjon dei lenge har visst om.
Annonse
Tydelege forventningar
Våren 2025 kom direktoratet med ein rettleiar som utdjupar
kva som ligg i ordet «tilstrekkeleg bemanning» i barnehagelova § 26, og kva ein
bør vurdere når ein skal ta stilling til om bemanninga er tilstrekkeleg.
Innhaldet var ikkje nytt for dei tilsette.
«Kva skal vi med denne? Dette
vurderer vi allereie.» Men ei tolking av lova treng ikkje vere nyttelaust.
Dette er eit tydeleg signal frå myndigheitene til alle barnehageeigarar om
korleis § 26 i barnehagelova skal tolkast og etterlevast. Det må vere ei klar
forventning til at han vert teken i bruk av statsforvaltar, barnehagemynde og
barnehageeigar, i personalmøte, i partssamarbeidet, på medlemsmøte i
fagforeininga og ikkje minst i det politiske miljøet.
Ein rettleiar vil ikkje
åleine løyse bemanningskrisa, men kan vere eit steg på vegen, og det bør derfor
vere tema på alle arenaer som kan påverke bemanningssituasjonen.
Det er ikkje nok å tolke lova
Når det er sagt, så må vi sjå meir enn ein rettleiar frå
sentralt hald i tida framover. Det er ikkje mangel på vilje i barnehagane, men
mangel på ressursar. Over fleire år har regjeringa løyvt midlar som skulle gå
til barnehagesektoren, men pengane har berre nådd fram til eit fåtal.
No treng
vi å sjå handlekraft frå politisk hald, som sikrar at midlane til barnehagane
faktisk går dit dei skal. Eg forventar å sjå ei prioritering i dei neste fire
åra som gjev alle barnehagar økonomi og handlingsrom til å vere eit pedagogisk
tilbod i heile opningstida, i tråd med barnehagelova og det myndigheitene sjølv
signaliserer. Vi treng ikkje fleire rettleiarar, vi treng tid, folk og pengar.
Og vi treng politikarar som tek ansvar!
Anita Holm Cirotzki
er barnehagelærer, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder i kontaktforum for barnehage.
Mari, også kjent som BokstavMari, er lærer og forfatter med særlig interesse for tidlig skriving i begynner-
opplæringen. Hun arbeider med opp-
dagende og meningsfull skriving og er opptatt av en balansert bruk av digitale og analoge verktøy.
Kenneth Bareksten
Kenneth er lektor i Osloskolen med en videreutd. i spesialpedagogikk. Bakgrunn som håndverker, men hoppet av og tok en master på Universitetet i Oslo i britisk poesi fra barokken. Opptatt av inkludering, språklige ferdigheter og ansvarlig bruk av teknologi i skolen. Han har gitt ut to bøker og driver Laererliv.no.
Kjersti Eggen Dahl
Kjersti har lektor-
utdanning og PhD i utdanningsvitenskap fra NTNU. Hun er førsteamanuensis i samfunnsfag ved samme universitet og er særlig opptatt av demokrati-
utdanning, unges samfunnsengasjement og klasserom med livlige diskusjoner.
Ola Buxrud
er familiemann, ved-entusiast og lektor i videregående skole i Oslo. På Utdanningsnytt skriver han primært om videregående opplæring.
Anita Holm Cirotzki
er barnehagelærer, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder i kontaktforum for barnehage. Hun er også fast spaltist i Første Steg.
Ingeborg Lovise Tyse
er fra Randaberg i Rogaland og har undervist på videregående siden 2004. Hun er sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder yrkesfaglig forum. Hun er også fast spaltist i Yrke.