No får alle elevar i vidaregåande utstyrsstipend
Ei regelendring gjer at også ungdommar som kombinerer skule og læretid får støtte til PC og utstyr.
Kunnskapsdepartementet opplyser at endringa vil gjelde allereie frå dette skuleåret.
Tidlegare har ikkje elevar som samstundes er lærlingar i ei verksemd hatt rett på utstyrsstipend. Dette er ei ordning for dei som ønskjer å ta heile yrkesfagløpet knytt til ei bedrift, og praksisendringa betyr at rundt 3000 fleire elevar no vil få stipendet.
Saka vart løfta fram under Elevtinget i mars, då ein elev og lærling innan fiskeoppdrett spurde kunnskapsministeren kvifor han ikkje fekk utstyrsstipend til skule-PC. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland har deretter funne ei løysing saman med Lånekassen.
– Alle elevar skal ha lik tilgang til vidaregåande opplæring, uavhengig av økonomi. Lånekassen skal gi utstyrsstipend til utstyr og PC som elevane treng for å gjennomføre vidaregåande opplæring. Det gjeld òg når elevane kombinerer skule og læretid i bedrift og har teikna lærekontrakt, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
Fylkeskommunane har ansvaret for at elevane får nødvendige trykte og digitale læremiddel, medan stipendet frå Lånekassen skal bidra til å dekkje utgifter til anna nødvendig individuelt utstyr. Regjeringa har auka utstyrsstipendet med 90 millionar kroner sidan 2021.
LES: Slik skal de kvitte seg med tech-gigantene i skolen
– Det er ei hovudprioritering for Arbeidarparti-regjeringa at elevar får fullført vidaregåande skule og blir kvalifiserte til læreplass, arbeid eller høgare utdanning. Vi treng alle hovud og hender vi kan få framover. Difor har vi bede Lånekassen om å endre praksis allereie frå dette skuleåret, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.