Etter 20 år som arbeidsgjevar treng KS ei grundig utviklingssamtale
Debatt: – KS sine stadige åtak på lærarane fører til slitasje og ei murrande uro.
Som lærar har eg gjennom åra gjennomført mange utviklingssamtalar for å bidra til at eleven meistrar oppgåvene dei har fått og finna ut kva som bør jobbast med framover. Som tillitsvald tenker eg det kan vera på tide å gjera det same med arbeidsgjevaren for alle lærarar i Noreg, KS. Ting kan tyda på at oppgåvene er blitt for store etter 20 år som arbeidsgjevar. Då er det kanskje på tide å vurdera nye grep?
Fellesskuleutvalet er sett ned av regjeringa får å sjå på korleis fellesskulen skal vera i framtida. Det vert slått fast at me skal ha ein offentleg fellesskule framover, så det premisset er lagt. Regjeringa har og sett ned kommunekommisjonen, som skal gjennomgå oppgåver og kompetanse i kommunane, for å sikra gode tenester. To viktige prosessar som ikkje kan sjåast på isolert, her må ting henga saman.
Bør ein difor nytta høvet og vurdera om KS kan fortsetja som lærarane sin arbeidsgjevar, eller om det trengs omfattande grep for å sikra fellesskulen i framtida?
Skal konflikten ingen ende ta?
Arbeidstidsavtalen til lærarane, SFS2213, har vore kjelde for konflikt mellom Utdanningsforbundet og KS i mange år. Tilliten til KS som arbeidsgjevar har vore liten dei 20 åra KS har hatt det øvste arbeidsgjevaransvaret for lærarane.
Dette kulminerte i ein stor lærarstreik i 2014. Lærarane hadde fått nok.
Kjernen i streiken var prinsippa om styringsrett og organisering av eige arbeid. Mobiliseringa på grunnplanet i Utdanningsforbundet var enorm, og streiken fekk stor støtte i opinionen. KS måtte til slutt gi tapt; lærarane vann slaget om arbeidstida si. Men konfliktnivået mellom partane kan ikkje seiast å ha roa seg etter dette.
Avtalen er revidert fleire gonger. Ein skulle tru at KS tok signalet, og sikra at arbeidsgjevarsida handterte inngåtte avtalar med respekt etter ein slik runde; i det minste for å skapa ro og bygga tillit. Det er diverre ikkje tilfelle.
Våre tillitsvalde og medlemmer opplever ein arbeidsgjevar som problematiserer den minste ting i inngåtte avtalar på alle nivå. Det skapar uro på arbeidsplassane, og tek tid og fokus vekk frå kjerneoppgåva til lærarane og motivasjon for jobben.
Tariffavtalar har ein stabiliserande effekt, ved at partane mellom forhandlingar held seg til det som er inngått. Det var heile poenget med å inngå tariffavtalar. Før me fekk eit regulert arbeidsliv, der tariffavtalar er kjernen, var konfliktnivået høgt. Sjølv om me ikkje ser dei store opprøra på arbeidsplassane, er det ein murrande uro og ein slitasje på lærarane grunna frustrasjon over KS sine stadige åtak på lærarane.
Det er demotiverande, og ein årsak til rekruttere og behalde-utfordringane me ser i skulen. Lærarane er leie av mistilliten frå eigen arbeidsgjevar i så stor grad at det går ut over trivsel og motivasjon, Det er svært alvorleg for framtidas fellesskule!
Kva meiner lærarane?
Forskarar ved Oslo Met har funne at lærarane ikkje ser trong for store endringar i avtalen. Slik eg kjenner medlemmene våre, veit eg at det er ei sanning med modifikasjonar. Eg tenker dette er utsegn som kjem av at ein har lite tiltru til at forbetringar er realistiske å få til, og at det viktigaste er å ikkje få ein dårlegare avtale, nok ein gong. Det er ein forsvarskamp mot KS lærarane har stått i dei siste 20 åra.
Lærarar er nøkterne folk som tilpassar seg alle typar situasjonar. Ideelt sett er det fleire punkt i avtalen som burde forbetrast for å gi elevane eit betre tilbod. Færre undervisningstimar på barnesteget og meir tid til kontaktlærarane er grep alle eg snakkar med trekk fram. Men lærarane opptrer ansvarleg, ved å ikkje forventa tiltak som kostar for mykje. Mange meiner me har inntatt denne rolla lenge nok.
Det undrar fleire enn meg at KS, i si undersøking av korleis arbeidstidsavtalen fungerer, ikkje spurte dei avtalen handlar om; lærarane i skulen. Hadde det ikkje vore klokt å visa at ein lytta og tok innspel med seg, slik partssamarbeidet har som føresetnad for gode prosessar? Framstår KS på denne måten som ein arbeidsgjevar som tek ansvar for situasjonen? Det er nok ikkje oppfatninga ute på skulane, det vert heller oppfatta som åtak frå eigen arbeidsgjevar.
Knappar og glansbilete
Det er ikkje berre når det gjeld arbeidstid lærarane føler seg motarbeidd av eigen arbeidsgjevar. KS står fremst i hylekoret som går til åtak på den siste nasjonale ressurssikringa som er att i skulen; minstenorm for lærartettleik.
Minstenorm for lærartettleik kom på plass i 2018/19, og sikrar eit minimum av kvalitet i skulen. Etter at klassedelingstalet vart oppheva, opplevde mange svært store klassar, noko som gjekk ut over elevane. Stortinget innførte difor minstenorm for lærartettleik.
Minstenorma har vore viktig for at forskjellane mellom elevgruppene ikkje har vore for store i ulike deler av landet. Utan denne sikringa, er det ingen grenser for kor mange elevar ein kan ha i same gruppe, og som lærarane får ansvaret for. I framtidas fellesskule er denne typen ressurssikringar avgjerande for å sikra kvalifiserte lærarar til alle elevar over heile landet, og dermed eit forsvarleg opplæringstilbod.
Både lærarar og leiararar synest minstenorma fungerer, og peikar på at den er viktig for å sikra at ressursane kjem elevane til gode i form av fleire kvalifiserte lærarar. Men og i denne saka er KS på kollisjonskurs med dei som har skoa på. Handlefridomen for kommunane er viktigare for KS.
KS har ført ein massiv kampanje mot minstenorma, ikkje minst i valkampen. For lærarane, som opplever at ein ikkje har råd til lærebøker, ekskursjonar, materiell til praktisk-estetiske fag, vikarar eller løn etter gjeldande tariff, legg ei slik haldning frå eigen arbeidsgjevar stein til byrden i ein krevjande arbeidsdag. At me ikkje eingong skal vera sikra eit minimum av kvalifiserte kollegaer, er eit tydeleg signal om at KS ikkje tek ansvaret sitt som skuleeigar på alvor! Elevane er dei store taparane, så eit foreldreopprør hadde vore på sin plass!
Har ikkje KS magemål?
At forsøket på å landa ein avtale mellom Utdanningsforbundet og KS om bruk av privat mobiltelefon i arbeidet stranda, er enno eit teikn på at KS ikkje tek ansvar.
Lærarar både i barnehagen og skulen må altså det; bruka eigen mobiltelefon for å rapportera og dokumentera det arbeidsgjevar ber om. Dei lagrar administrative appar og system på eigne mobilar, og vert pålagt å ta desse med på jobb som eit arbeidsverktøy. Kva med personvernet når ein blandar privat og profesjonell informasjon? Er det i tråd med GDPR-regelverket?
Kva med beredskapen? Er det ok at kommunane baserer varslingsprosedyrar ved alvorlege hendingar på private telefonar? Nasjonal sikkerheitsmyndigheit har tankar om det. Kvifor bryr ikkje KS seg?
Tid for utviklingssamtale
Desse og fleire andre problemstillingar vil altså ikkje KS ta ansvar for å sikra, dei nærast motarbeidar og frontar derimot ei svekking av viktige element for ein velfungerande fellesskule. Då er det på tide å stoppa opp og vurdera om skulen, og med det elevane våre, er i trygge hender under KS. Stortinget, som har gitt KS oppgåva som skuleeigar, bør snarast kalla inn til ein utviklingssamtale for å få avklart om oppgåva er for stor, slik me gjer i skulen når me skal sikra kvalitet i tenestene. Me kan jo ikkje la det skura og gå!