SPALTIST Anita Cirotzki

Vi må stå samla i barnehagedebatten

Vi barnehagetilsette må ikkje la oss splitte av debattar som set oss opp mot kvarandre.

Du har kanskje høyrt det før? Barnehageyrket er verdas beste, når rammene er på plass.

Mange av oss opplever gode dagar, med tid til planlegging, samarbeid og lågt sjukefråvær. Slik skal det vere. Men vi veit òg at mange barnehagar slit med for dårlege vilkår: for lite planleggingstid, høgt sjukefråvær og mangel på vikarar. Dette er ikkje enkeltståande tilfelle, men ei utfordring som rammar heile sektoren.

Ikkje snakk kvarandre ned

I kommentarfelt på sosiale medium ser eg ofte at barnehagetilsette blir sette opp mot kvarandre – som om nokon berre klagar og snakkar ned yrket, medan andre er positive og glade i jobben sin. Ei slik polarisering tener verken barna eller oss tilsette. Det er ikkje ei motsetning mellom å vere engasjert i barna, trivast i jobben og samstundes kjempe for betre rammer. Tvert imot: Det er nettopp vårt engasjement for barna og yrket som gjer at vi må krevje betre vilkår.

Uansett korleis kvardagen ser ut for den enkelte, bør vi unngå å snakke kvarandre ned. Vi har alle det same målet: ein god barnehagedag for både barn og tilsette. Vi må ikkje la oss splitte av debattar som set oss opp mot kvarandre. Styrken vår ligg i fellesskapet – i at vi lyftar kvarandre, deler erfaringar og står saman i kampen for betre rammer og ressursar.

Treng stemmer som seier ifrå

Det er ikkje barnehagetilsette eller fagforeiningane deira som har skulda for utfordringane i sektoren. Vi treng stemmene som seier ifrå, utan dei blir situasjonen aldri betre. Ansvaret ligg hos nasjonale myndigheiter, regjeringa og Stortinget. Det er dei som må tilføre sektoren ressursar og sikre betre rammer, slik at vi kan gjere jobben vår, og slik at fleire vil velje dette viktige yrket.

Vi må stå samla som profesjon. Slik kan vi sikre at alle barn får den barnehagen dei har rett på, og at vi som barnehagetilsette får dei vilkåra vi treng for å gjere ein god jobb – kvar einaste dag.

Anita Holm Cirotzki

er barnehagelærer, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder i kontaktforum for barnehage.

Innlegget har òg vore publisert i Første Steg nr. 1/2026